Utdanning

Oslo Høgre vil gi ekstra pengar til bedrifter som prioriterer Oslo-lærlingar

Mens nesten halvparten av lærlingane i Oslo kjem frå andre fylke, må yrkesfagelevar i hovudstaden reise utanbys eller ta eit år til på skolebenken.

VARSELLAMPE: – Vi må få fleire til å velje yrkesfag. Men når vi veit at mange kvir seg for dette på grunn av mangelen på læreplassar, så bør det gå ei varsellampe. Det seier Høgre-politikar Mehmet Kaan Inan.
VARSELLAMPE: – Vi må få fleire til å velje yrkesfag. Men når vi veit at mange kvir seg for dette på grunn av mangelen på læreplassar, så bør det gå ei varsellampe. Det seier Høgre-politikar Mehmet Kaan Inan.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Derfor foreslår Oslo Høgre no å gi 20 millionar kroner i ekstra lærlingtilskot til bedrifter i Oslo som vel yrkesfagelevar frå Oslo.

Det er ein del av partiet sitt alternative Oslo-budsjett for 2023 som blir lagt fram denne veka.

– Vi meiner at Oslo-bedrifter som er villige til å gi fleire av våre ungdommar ein læreplass, skal få betalt for det, seier utdanningspolitisk talsperson Mehmet Kaan Inan.

– Vi må få fleire til å velje yrkesfag. Men når vi veit at mange kvir seg for dette på grunn av mangelen på læreplassar, så bør det gå ei varsellampe.

PRIORITERE OSLO: – Vi må tørre å prioritere våre eigne elevar først, meiner utdanningspolitisk talsperson for Høgre, Mehmet Kaan Inan.
PRIORITERE OSLO: – Vi må tørre å prioritere våre eigne elevar først, meiner utdanningspolitisk talsperson for Høgre, Mehmet Kaan Inan.

Nesten halvparten ikkje frå Oslo

Bakteppet er at nærmare halvparten av dei nesten 2.000 læreplassane i Oslo i fjor, gjekk til lærlingar frå andre fylke. Det viser tal Høgre har fått frå utdanningsetaten i kommunen.

Dei over 800 gjestelærlingane med bustadadresse utanfor Oslo, antar Høgre-politikaren kjem hovudsakleg frå Viken der det går an å pendle inn til hovudstaden.

Samtidig måtte over 200 elevar frå Oslo ut av byen for å finne læreplass. Og nesten 200 Oslo-elevar fekk ikkje læreplass i det heile og måtte ta eit år til på skolebenken.

– Urettferdig, meiner Inan.

Vil prioritere Oslo-elevar

– Vi må tørre å prioritere våre eigne elevar først, meiner han.

– Vil ikkje dette berre forskyve mangelen på læreplassar til andre fylke?

– Det er vanskeleg for meg som Oslo-politikar å jobbe for fleire læreplassar i min kommune, for deretter å få vite at dei har gått til elevar i andre fylke. Eg jobbar for Oslo og må prioritere elevar i Oslo. Det er jobben min.

– Viken er også eit stort fylke, og Viken fylkeskommune må også ta ansvar for at det er nok læreplassar i sitt fylke, svarer Inan.

VANSKELEG: – Det er vanskeleg å stemme for pengeforslag frå opposisjonen no, sjølv om det er gode forslag, seier gruppeleiar Siavash Mobasheri i Raudt.
VANSKELEG: – Det er vanskeleg å stemme for pengeforslag frå opposisjonen no, sjølv om det er gode forslag, seier gruppeleiar Siavash Mobasheri i Raudt.

Håpar på fleirtal i bystyret

Bystyret skal vedta Oslo-budsjettet 7. desember.

Høgre-politikar Inan peikar på Raudt som nøkkelen til fleirtal for forslaget sitt.

Det er Arbeidarpartiet, SV og MDG som utgjer byrådet og styrer byen. Dei la fram budsjettforslaget sitt i september. Men partia har vore avhengig av Raudt for å ha fleirtal for budsjetta sine i bystyret.

Raudt vart einige om ei budsjettavtale med byrådspartia på tysdag.

– Det er vanskeleg å stemme for pengeforslag frå opposisjonen no, sjølv om det er gode forslag, seier gruppeleiar Siavash Mobasheri.

Men partiet jobbar med forslag som vil styrke krava til læreplassar i Oslo, forklarer han.

Forslaga er til den såkalla Oslo-modellen som set krav til bedrifter kommunen kjøper varar og tenester frå.

Powered by Labrador CMS