JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

«Palestinske arbeidarar treng oss og støtta vår»

Det er framleis viktig med internasjonal solidaritet og støtte til arbeidsfolk som kjempar for levelege arbeidstilhøve og eit fritt land. New Unions kan vere ein god samarbeidspartnar, skriv Harald Haukaa Fjørtoft.

Colourbox

Saken oppsummert

I lokalavisa mi vart LO utfordra til å forklara kvifor dei er motstandarar av den sionistiske staten Israel sin okkupasjon av Palestina og handsaminga av palestinarane. Eg kunne ikkje svare på vegner av LO, men eg la ved eit utdrag av vedtaket på Fellesforbundets landsmøte i 2015:

«I noen deler av verden er det ikke nok å kjempe for faglige rettigheter. Den israelske okkupasjonen av palestinske områder viser ingen tegn til å avta, snarere tvert imot. Da dagens regjering tiltrådte i Israel, slo statsminister Netanyahu fast at det ikke ble noen to-statsløsning i hans tid. Dermed er den døren låst, med mindre det internasjonale presset økes ytterligere. Fellesforbundet krever at den norske regjeringen nå anerkjenner Palestina som selvstendig stat. Det eneste som kan tvinge Israel til forhandlingsbordet igjen er at Palestina blir anerkjent i FN og får like rettigheter som nasjon. Samtidig opprettholder Fellesforbundet kravet om at norske myndigheter må legge til rette for en internasjonal boikott av israelske varer produsert på okkupert palestinsk område. Statens pensjonsfond utland må trekke seg ut av alle investeringer som støtter okkupasjonen. Den folkerettsstridige muren må rives.»

p

Situasjonen i Palestina er ytterlegare forverra etter dette. Den israelske staten si handsaming av palestinarane ser ut til å ha som mål å fordriva alle frå landet eller bruke nokre av palestinarane som billeg arbeidskraft. Denne politikken starta allereide tidleg på 1940-talet då sionistisk milits angrep fleire palestinske landsbyar, drap mange, mellom anna palestinske leiarar, og tvang hundretusenar på flukt. Dette er definert som folkemord i internasjonal rett.

Her heime kan me ta del i protestane mot regjeringa sitt samarbeid med staten Israel, mot at norske våpen vert brukte mot palestinarane og at det er eit formalisert samarbeid med den israelske hæren. Som fagrørsle kan me avslutte alt samarbeid med den israelske organisasjonen Histadrut og byggje band til palestinsk fagrørsle. Som personar kan me slutte å kjøpe israelske varer som er med på å finansiera okkupasjonen av Palestina.

I Palestina har eg vore fleire gongar, mellom anna saman med leiaren av Transportarbeiderforbundet og seinare med redaktøren av Transportarbeideren. Dette har resultert i fleire artiklar i medlemsbladet. Dei som har reist i dei palestinske områda og opplevd undertrykkinga, vert motstandarar av den israelske terroren og støttespelarar for palestinarane. Det same skjedde med deltakarane i dei norske UNIFIL-styrkane som skulle vere ein buffer særleg mellom den israelske staten og motstandssoldatar frå Libanon.

For eit par år sidan var eg i Palestina i tre månader som solidaritetsarbeidar for Palestinakomiteen. I denne perioden starta eg kartlegging av den palestinske fagrørsla og hadde nært samarbeid med den uavhengige og aktive organisasjonen New Unions. Dette er og den organisasjonen Fagleg Utval i Palestinakomiteen har støtta med materiell og anna for opplæring av tillitsvalde.

Den «offisielle» fagsamanslutninga, PGFTU, er i stor grad ein reidskap for og styrt av dei palestinske sjølvstyremaktene, er passiv, mottar store bidrag utanfrå og har liten grad av medlemsmakt.

Gjennom kartlegging over nokre år, har Fagleg Utval i Palestinakomiteen, eit utval av fagorganiserte frå fleire forbund, prioritert samarbeid med den nyaste landssamanslutninga, New Unions.

New Unions vart oppretta etter ein langvarig streik i kjemisk industri som vart flytta til Tulkarem frå den israelske staten avdi dei israelske naboane klaga på forureining og helseplager.

Organisasjonen gjør eit viktig arbeid til trass av at dei berre kan ha ein svært låg kontingent. Dei har aktive tillitsvalde frå mange sektorar, og er spesiell på det viset at det er mange kvinner som er med på å byggje opp og drive han.

p

Mange arbeidarar må arbeide inne i staten Israel for å få til mat og heim. For å kome på arbeid må dei gjennom sterkt bevokta overgangar med kontrollar og kroppsvisitasjonar, og brukar store delar av natta på dette for å utføre eit dårleg betalt arbeid. Den same prosedyren må dei gjennom for å kome heim.

Det er framleis viktig med internasjonal solidaritet og støtte til arbeidsfolk som kjempar for levelege arbeidstilhøve og eit fritt land. New Unions kan vere ein god samarbeidspartnar for å skape eit rettvist arbeidsliv og for at dei palestinske arbeidarane vert damer og herrar i eige hus.

Fagleg Utval i Palestinakomiteen arrangerar ein studietur for fagorganiserte til hausten. Kanskje avdelinga di kan gje tilskot til dei som vil vere med.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss