Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
LOs sommarpatrulje
Men det var også spennande å bli intervjua av LOs sommarpatrulje i Trøndelag. LO-ungdommane passar på at unge arbeidsfolk får lønns- og arbeidsvilkåra dei har rett på.
TRONDHEIM: Utanfor bakeriet Onkel Svanhild i Trondheim sentrum står LO-ungdommane Martin Morken (22) og Nabil Harchaouen (25). Dei står bøygd over ein Ipad og gjer klar eit digitalt skjema før sommarens første patrulje.
Måndag startar nemleg LOs sommarpatrulje i Trøndelag. I ei veke skal rundt 50 ungdommar reise fylket rundt for å sjekke at sommarvikarar og unge tilsette får lønns- og arbeidsvilkåra dei har rett på.
Innanfor døra spør Morken sjefen om bakeriet har sommarvikarar eller unge arbeidstakarar som LOs sommarpatrulje kan snakke med.
Servitør og sommarvikar Martin Jerner (16) stiller villig opp.
Saman går dei utanfor bakeriet, og Morken og Harchaouen stiller ei rekke spørsmål: Har dokker tariffavtale? Har du arbeidsavtale? Jobbar du overtid? Får du ein halvtime pause etter 4,5 timar? Får du lønnsslepp? Kva er timelønna di? Får du vaktliste? Har dokker verneombod? Trivst du på jobb? Kan du tenke deg å bli medlem i eit fagforbund, for eksempel Fellesforbundet?
Sjekk rettane til unge arbeidsfolk i faktaboksen nedst i saka!
– Eg trivst på jobb, forsikrar Jerner.
Han får alt han skal ha frå arbeidsgivaren, men er litt usikker på om han har tariffavtale. Han veit ikkje heilt kva eit fagforbund er, men skal undersøke litt meir og tenke over det.
– Eit fagforbund gir deg tryggleik i arbeidskvardagen. Fagforbunda jobbar for tariffavtale med betre lønns- og arbeidsvilkår. Og fagforbunda kan hjelpe deg om det skjer noko på jobben. Eg anbefaler å melde seg inn, det er ei billig forsikring, forklarer Morken.
– Korleis var det å få besøk av desse to karane? spør Magasinet for fagorganiserte etter intervjuet.
– Det var spennande. Eg vart litt skremt først, men det er også litt kult, svarer sommarvikar Jerner, som fortel at dette er hans første sommarjobb.
Inne på det hektiske bakeriet stiller Magasinet sjefen same spørsmål.
– Det er greitt, dei spurte jo. Vi har ingenting å skjule. Og vi har jo mange unge sommarvikarar, seier eigar Trond Vardehaug Thuen, som forklarer at dei får lønnstilskot for fem sommarvikarar gjennom eit samarbeid med Sparebank 1 SMN.
På Onkel Svanhild var alt på stell, konkluderer Morken og Harchaouen.
På kontoret i Folkets Hus fortel Martin Morken at han arrangerer sommarpatrulje for tredje gong. For Nabil Harchaouen er det andre sommar på patrulje. Morken er ungdomssekretær i LO Trøndelag, mens Harchaouen er tillitsvald i Industri Energi Ung og ungdomsutvalet i LO Trøndelag. For begge er det første patrulje utan koronapandemi.
– Det er deilig å sleppe smittevernrestriksjonar, og å vere redd for å smitte halve arbeidsplassen under eit besøk, seier Morken.
– Det er vanskelegare å snakke med folk og smile med munnbind, forklarer Harchaouen.
På grunn av koronapandemien var sommarpatruljen i 2020 ein ringepatrulje, der LO-ungdommane ringde rundt til arbeidsplassar. I 2021 var patruljen ei blanding av ringing og besøk.
– Vi skal jo vere ein glad-patrulje. Det er vanskelegare å få til over telefon. Vi er ikkje ute etter å ta nokon, men å hjelpe, understrekar Morken.
Sidan 1985 har LO-ungdommar patruljert norske arbeidsplassar på sommarstid.
– Kvifor er sommarpatruljen viktig?
– Arbeidet har verka. Brota på arbeidsmiljølova, når det gjeld ulovleg overtid og arbeidskontraktar, har gått ned. Vi viser at LO er her for ungdommar, mange har ikkje høyrt om LO før. Stort sett er arbeidsgivarane også positive til at vi kjem, det er stort sett småfeil som vi får retta opp, seier Morken.
– Vi møter mange 16-åringar som har den første kontakta si med arbeidslivet, legg Harchaouen til.
– Det er viktig med eit godt møte med arbeidslivet, det er verdifull arbeidserfaring for mange, held Morken fram.
Sommarpatruljen er også første aktivitet i fagrørsla og starten på vidare engasjement for mange av LO-ungdommane som patruljerer, forklarer Harchaouen.
Sommarpatruljen er eit stort LO-arrangement på tvers av fagforbund.
– Ungdommar frå ulike LO-forbund kan knytte nettverk. Patruljen skal vere artig og sosial å vere med på, understrekar Morken.
– Kva forventingar har dokker til årets sommarpatrulje?
– Vi forventar eit godt sosialt miljø, at vi hjelper ungdommane og viser fram fagrørsla på ein god måte. Vi skal vise fram eit godt arbeidsmiljø i Trøndelag.
– Arbeidarrettane er kjempa fram gjennom 100 år med kamp, det kan vi ikkje ta for gitt, avsluttar Morken.