JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Stuar-streik i Danmark: Sas-tilsette protesterte mot dårlegare lønns- og arbeidsvilkår

Tysdag var Sas-stuarane på Kastrup tilbake på jobb etter tre dagar ulovleg streik.
Streiken starta laurdag, på den første travle reisedagen i den danske vinterferien.

Streiken starta laurdag, på den første travle reisedagen i den danske vinterferien.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Grunnen skal vere dårlegare arbeidsmiljø og lønns- og arbeidsvilkår i Sas Ground Handling (SGH) etter at koronakrisa trefte København Lufthamn.

Etter masse sjukemeldingar i fjor haust dokumenterte ein rapport omfattande stressymptom blant dei tilsette. Bakgrunnen er at Sas i 2020 gjekk til masseoppseiing, sa opp lokale avtaler om lønns- og arbeidsvilkår og dikterte nye reglar. Det førte blant anna til at nytilsette gjekk ti prosent ned i lønn.

Streiken starta laurdag, på den første travle reisedagen i den danske vinterferien. Det har ført til forseinkingar og kanselleringar.

Tillitsvalde og fagforbundet 3F har fleire gongar oppfordra medlemmene til å avslutte streiken som er i strid med overeinskomsten.

Den danske Arbeidsretten påla søndag og måndag dei tilsette å ta opp arbeidet og gav dei bøter på 50 og 80 kroner timen. Sas skal også ha trua med at dei såg på streiken som ei oppseiing om stuarane ikkje møtte opp på jobb tysdag.

Dette skal vere den lengste streiken stuarane på Kastrup har gjennomført.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse