JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vikarar treng vel ikkje mykje pengar, berre litt arbeid?

Eg er ein arbeider i 100 % stilling og kostar nok arbeidsgjevaren alt for mykje pengar, skriv Vigdis Vestvik i dette innlegget.
Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Erlend Angelo, Magasinet for fagorganiserte

For ikkje å snakke om det utidige ansvaret som vert pålagt arbeidsgjevaren berre fordi han har meg i arbeid! Er det verkeleg naudsynt å ha løn om ein vert sjuk? For ikkje å snakke om permisjonar, overtidsbetaling, ferie med løn, helgedagsgodtgjersle og pensjon? Det får no vere måte på å vere kravstor!

Men no er dei i gong, dei mørke blå som er å finne i maktas korridorer der borte i Oslo. No skal dei rydde veg slik at arbeidsgjevarane skal få til salt i grauten, for dei har visstnok hatt knapt med det til no! Dei vil vel ikkje ha på seg å vere løftebrytarar, og dette viser sanneleg at dei blå-blå verkeleg er til å lite på!

Og det er sjølvsagt at det er oss arbeidsfolk på golvet i norsk arbeidsliv som skal bidra til auka overskot for dei som har fødd oss over lang tid!

No er det på tide for oss heiltidstilsette å trø til side for å gje plass til dei som ikkje har arbeid! Berre slik kan alle få prøve seg i yrkeslivet, og sjølvsagt vert det naudsynt å fire på lønskrava slik at ein har nok til alle! Solidaritet er jo arbeiderrørsla vande med så det skal gå fint! Dette må vi sjå på som nok eit spleiselag, tykkjer eg! Og spleiselag er ein fin ting!

Å få lov til å vere vikar er ei gåve frå dei blå-blå og arbeidsgjevarsida! Og som vikar er du ein stor og viktig bidragsytar til at arbeidsgjevarane får eit overskot som gjer at dei kan overleve i dette høgkostlandet! Vikarar er jammen heltar spør du meg!

Og som vikar er ein òg med på å halde liv i dei mange bemanningsbyråa som òg skal overleve! Og desse byråa er gode samfunnsytarar i og med at dei tek på seg ansvar for folk når dei er i arbeid. Ein kan jo ikkje rekne med at det er arbeid til alle til ein kvar tid, og det er ikkje å forvente at ein skal ha betalt den tida ein går heime og ikkje gjer nokon verdas ting! Og det er ei god kjensle å vete at når ein ikkje er kravstor når det gjeld løn, men heller er villig til å gå ned i inntekt, så blir det litt til alle. Ein har no tross alt mykje tid til overs som ein kan nytte til kjekke ting, som ferieturar, uteliv, shopping t.d. Dyrt er det sjølvsagt, men det får so være! Ein har vel kreditt-kort eller lån? Eller nei, då må ein jo ha sikker innkome!

I tillegg til den norske arbeidskrafta må vi dessutan gje plass til arbeidssøkjarar som kjem frå land som ikkje er like heldig stilt som Noreg! Tenk om vi skal stå i vegen for arbeidsfolk som ikkje har noko arbeid i det heile i sitt land. Og for at alle dei skal få høve til å tene til det daglege brød i Noreg er det naturleg at dei, som oss, firer på lønskrava sine. Sjølvsagt sett i høve til heimlandet, dei har no trass alt nokre goder her i tillegg til arbeid. Dei får lære seg norsk, heilt gratis, dei får bu saman mange, slik at dei kan spare på bukostnadane! Og dei får reise heim på ferie dersom dei er flittige og arbeider tolv timar dag, seks dager i veka, ja, kan hende sju også i blant, i nokre månader. Då kan dei ha lang ferie i heimlandet, og slik gjev det rom for arbeid til fleire utanlandske arbeidstakarar!

Når eg tenkjer etter, arbeidsminister Robert Eriksson, so er endringane du foreslår i Arbeidsmiljølova berre eit gode for oss arbeidsfolk! Og kven treng å bry seg med AFP, eller høg pensjon når ein får høve til ei fleksibel arbeidstid? Ein kan arbeide mange år om ein berre har godt med fri innimellom! Og pengar er ikkje alt (seier dei som har nok av dei!)

Vigdis Vestvik, arbeidstakar med fulle rettar! (enn so lenge)

Annonse
Annonse