Heider og ære til jubilantar på Stord
MERKEMOTTAGERE, STORD: Frå venstre, Randi Landmark 25 år, Inge Øpstad, Magne Bergeland 40 år, Ove Emil Strauss, Johannes Blom 50 år, Trond Løvstakken (forbundssekretær), Odd Tollaksvik og Oddmund Sævareid 50 år.
Kjell Sverre Aasheim
Fredag 22. november arrangerte fagforeninga merkefest for jubilantane på Stord og omegn.
Feiringa gjekk tradisjon tru føre seg i våre lokaler på Sjøhuset på Stord.
Det var sju jubilantar som hadde anledning til å komma i år, for å motta heidersmerker og ære. Dei frammøtte jubilantane var fordelt på eit medlem med 25 år, to med 40- og fire med 50 års medlemskap. Totalt var det 30 som var tilstades for å heidra dei.
Forbundssekretær Trond Løvstakken var som vanleg til stades hos oss for å dela ut heidersbevisa.
Før overrekkelsen av heidersbevisa minna Trond om viktigheten av å vera fagorgansiert, og han peika på mange av rettighetane fagbevegelsen har kjempa gjennom opp gjennom åra på bakgrunn av styrken alle medlemmane gir fagbevegelsen. Han takka jubilantane for deira bidrag til dette gjennom mange år som medlem i fagbevegelsen.
Me gratulerar alle jubilantane så mykje, og takkar for ein triveleg kveld.
Kjell Sverre Aasheim