Vindkraftanlegg og reindrift
Jobben til Anny er blokkert av Fosen-aksjonistar: – Dei er i sin fulle rett
– Det aller viktigaste er at aksjonistane har høve til å ytre sitt syn på vindkraftanlegget, seier saksbehandlar Anny Skarstein i Kommunal- og distriktsdepartementet.
Saksbehandlar Anny Skarstein i Kommunal- og distriktsdepartementet har fått nokre dagar med heimekontor som følgje av aksjonistane som stenger inngangar til fleire departement. Ho seier det viktigaste er at dei har rett til å ytre seg.
Ole Palmstrøm
anders@lomedia.no
Sidan torsdag har aksjonistane som krev vindmøllene på Fosen rivne, stengt inngangar til ulike departement i Oslo.
I Kommunal- og distriktsdepartementet jobbar Anny Skarstein som saksbehandlar, og ho er 1. vara til styret i NTL Sentralforvaltningen.
Etter å ha hatt heimekontor nokre dagar, er ho tilbake på kontoret onsdag.
– Vi har brukt høvet til å ha heimekontor, så vi merkar ikkje mykje til demonstrasjonen. Ved inn- og utpassering er det veldig tydeleg at det er demonstrantar her, men dei er veldig høflege og oppfører seg fint, seier Skarstein.
Da ho kom til jobben sist fredag, fekk ho hjelp av demonstrantane til å finne fram.
Følgjer spelereglane
– Eg blei litt forvirra sidan hovudinngangen var stengt. Men dei viste meg vegen til den inngangen eg skulle bruke, så dei følgjer spelereglane, seier ho.
Skarstein syns det aller viktigaste er at aksjonistane har høve til å ytre sitt syn på vindkraftanlegget, som Høgsterett har sagt blei bygd etter eit vedtak som var i strid med urfolksrettane.
– Vi har ytringsfridom i dette landet, og det aller viktigaste er at dei som demonstrerer er i sin fulle rett til å demonstrere for sitt syn, seier Skarstein.
Spørsmål: Hvorfor demonstrerer de i Regjeringskvartalet? Sju svar om Fosen-aksjonistane
Det er Olje- og energidepartementet, som ligg i same bygg som Skarstein sitt departement, som er ansvarlege for saka.
Skarstein jobbar ikkje med relaterte lovverk.
– Sidan eg ikkje jobbar med noko som gjeld denne saka, kan eg ikkje noko meir om den enn alle andre. Det er fleire måtar å lese høgsterettsdommen på, men eg trur vel dette er ein problemstilling som kan løysast på fleire måtar enn ei «enten/eller-løysing». Det ligg nok på politisk nivå både her og i Sametinget, trur Skarstein.
Seier i retten: Reineiere på Fosen vant over vindkraftutbyggerne i Høgsterett
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.