4.000 Heathrow-tilsette varslar streik for høgare lønn
Det skal vere stor frustrasjon over lønnsforskjellane på den britiske flyplassen.
Colourbox
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
Storbritannias største fagorganisasjon, Unite, varslar fleire streikar for høgare lønn til flyplasstilsette på Heathrow i London.
4.000 tilsette streikar fredag og laurdag 26. og 27. juli, måndag og tysdag 5. og 6. august samt fredag og laurdag 23. og 24. august.
p
Advarer mot reisekaos
– Sjefane må få hovuda sine opp frå sanda og starte meiningsfulle lønnsforhandlingar. Elles vil det bli avbrot i flygningar til og frå Heathrow og ei potensiell stenging av flyplassen over sommarmånadene, skriv Unite i ei pressemelding.
Heathrow seier dei har beredskapsplanar som skal halde flyplassen open og sikre at drifta er forsvarleg.
– Vi har invitert kollegaane våre i fagrørsla tilbake til forhandlingsbordet og oppfordrar dei til å halde fram arbeidet for å finne ei løysing, skriv flyplassen i ei pressemelding.
Dei 4.000 tilsette omfattar vektarar, ingeniørar, kundesørvis-arbeidarar og sjåførar, opplyser Unite. Flyplassen betener 80 millionar passasjerer i året.
Store lønnsforskjellar
Streiken er vedteken i uravstemming etter at Unite sa nei til eit tilbod dei tilsette meiner er for dårleg. Ifølge Unite, var tilbodet på 2,7 prosent lønnsvekst. Ifølge Heathrow, ville tilbodet derimot gitt flesteparten ein lønnsvekst på 4,6 prosent og meir til dei lågtlønna.
Streiken kjem etter det som skal vere stor frustrasjon over lønnsforskjellane på flyplassen. Dette skal blant anna handle om at nytilsette får dårlegare betalt.
p
I tillegg er mange forbanna etter at flyplassjef John Holland-Kaye fekk ein lønnsauke på over 100 prosent i fjor. Takka vere høge bonusar tener han no 4,2 millionar pund (45 millionar norske kroner) i året.
– Alt medlemmene våre vil ha, er eit lønnsoppgjer som anerkjenner at dei har ei viktig rolle, i tillegg til eit løfte om at sjefane lukkar lønnsgapet som fører til at mange tilsette sluttar, skriv fagorganisasjonen.


Nå: 0 stillingsannonser