El-sparkesyklar skaper trøbbel for reinhaldsarbeidarar i København
Kommunen endrar no regelverket for utleige av elektriske sparkesyklar, for å gjenvinne kontrollen i den danske hovudstaden.
Thomas Sjørup / Ritzau Scanpix / NTB Scanpix
tormod@lomedia.no
El-sparkesyklane gjer arbeidskvardagen vanskelegare for driftsarbeidarane i København, skriv Fagbladet 3F. Mange parkerer nemleg sparkesyklane midt i vegen.
– El-sparkesyklane står ofte i vegen på fortaua og er vanskelege å komme forbi, seier einskapssjef Mikkel Halbye Mindegaard i teknikk- og miljøforvaltinga i kommunen til avisa.
Reinhaldsarbeidarane bruker dermed ekstra tid på å gå ut av feiemaskinene for å fjerne sparkesyklar som står i vegen.
p
Politikarane har no vedtatt eit nytt regelverk for el-sparkesyklar, skriv Fagbladet 3F. Der stiller dei krav om at selskapa berre kan leige ut og ta imot sparkesyklane på stadar godkjent av kommunen.
I tillegg set reglane eit tak på kor mange syklar som er tillatne. Talet er maksimalt 200 sparkesyklar i indre del av sentrum, medan det kan vere opptil 3000 sparkesyklar i heile byen.
Det danske samferdselsdepartementet er i gang med å vurdere eit tillegg i lova som gir kommunen moglegheit til å handheve reglane.
Det er ikkje berre i Oslo at el-sparkesyklar til utleige har blitt enormt populært. I mange storbyar verda rundt ser du no folk suse forbi kor enn du går.
Konseptet har fått kritikk for at dei fører til farlege trafikksituasjonar, at folk bruker dei i berusa tilstand og ikkje er så miljøvennlege som ein skulle tru sidan dei fort blir øydelagde.