JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronakrisa:

Hit kjem nesten berre utanlandske turistar. No er hotellet klart til å ta imot nordmenn

Nye korona-reiseråd opnar for norgesferie. Nordmenn har ei unik moglegheit i år, meiner arbeidsgivar og tilsette på Hotel Union ved Geirangerfjorden.
VELKOMMEN: Arbeidsgivar Monja Mjelva og tillitsvald Jakub Kacperski på Hotel Union i Geiranger, er klare til å ta imot norske turistar i sommar. Ta gjerne ut ferie i juni og august, er oppfordringa.

VELKOMMEN: Arbeidsgivar Monja Mjelva og tillitsvald Jakub Kacperski på Hotel Union i Geiranger, er klare til å ta imot norske turistar i sommar. Ta gjerne ut ferie i juni og august, er oppfordringa.

Håvard Sæbø

18.05.2020
15:14
20.05.2020 09:43

tormod@lomedia.no

GEIRANGER: I løpet av sommarhalvåret kjem vanlegvis to hundre cruiseskip og titusenvis av utanlandske turistar til verdsarvfjorden. Dei fleste av dei rundt 200 fastbuande i Geiranger, Møre og Romsdal, livnærer seg av turismen.

I år sørger koronafrykt og stengde grenser for ein annleis sommar, på godt og vondt.

Unik sjanse

– Vanlegvis må du dele staden og verdas vakraste natur med tusenvis av turistar, seier Monja Mjelva, eigar og drivar av Hotel Union.

Saka fortset under bildet.

TA HEILE LANDET I BRUK: Nordmenn har eit luksusproblem når det gjeld å velje destinasjon for norgesferien. Ta heile landet i bruk, oppfordrar Fellesforbundet.

TA HEILE LANDET I BRUK: Nordmenn har eit luksusproblem når det gjeld å velje destinasjon for norgesferien. Ta heile landet i bruk, oppfordrar Fellesforbundet.

Håvard Sæbø

Hotellet har tatt imot utanlandske gjestar sidan 1891. No gjer dei seg klare til å ta imot turistar i eige land.

– Du får aldri sjå naturen på denne måten igjen, stadfestar hotellkokk og tillitsvald Jakub Kacperski.

Tøffe tider

Torsdag 12. mars var ein mørk dag for norsk reiseliv. Då regjeringa innførte massive koronatiltak, hagla avbestillingane inn.

Måndagen etter var nesten alle Union-tilsette permittert.

– Vi har aldri vore i ein situasjon som no. Det har vore hardt. Eg kjenner eit ansvar for alle som jobbar her, seier Mjelva.

Ventar på jobb

– Hotellet er som ein familie, som har oppturar og nedturar, smiler Kacperski.

Saka fortset under bildet.

TURISME: Monja Mjelva og ektemannen er fjerde generasjon eigarar og drivarar av Hotel Union. Hotellkokk Jakub Kacperski og kona kom til Geiranger for fem år sidan. Og treivst så godt at dei vart verande.

TURISME: Monja Mjelva og ektemannen er fjerde generasjon eigarar og drivarar av Hotel Union. Hotellkokk Jakub Kacperski og kona kom til Geiranger for fem år sidan. Og treivst så godt at dei vart verande.

Håvard Sæbø

Ingen av Fellesforbundet-medlemmene har fått dagpengar enno, fortel klubbleiaren. Dei siste to månadene har telefonen hans gått varm.

– Mange er stressa. Alle ventar på jobb, men vi prøver å vere tolmodige, seier Kacperski.

Nye reiseråd

Førre veke kom regjeringa med gode nyheiter for eit kriseramma reiseliv. Nye reiseråd slår fast at vi ikkje bør dra på ferie utanlands før 20. august. Samtidig er det fritt fram for reiser innanlands så lenge du ikkje er sjuk. Dermed ligg alt an til norgesferie for reisesugne nordmenn.

Norge rundt

NHO Reiseliv oppfordrar til å bestille ferien no sånn at bedriftene kan planlegge og dei tilsette komme tilbake på jobb. Det same gjer Fellesforbundet.

Forbundssekretær Clas Delp minner samtidig om å ta heile landet i bruk, ikkje berre dei mest kjente reisemåla.

– Vi har eit luksusproblem når det kjem til valmoglegheiter blant naturopplevingar, seier han og understrekar at alternativ finst i alle prisklassar.

Heile året

På Hotel Union begynte bestillingane å komme inn igjen i andre halvdel av april, utan hotellrom på billegsal.

– Vi må overleve etter sommaren også. Halve året er vi i pluss for å halde opent og tilsette i arbeid resten av året, forklarer Mjelva.

Saka fortset under bildet.

NY KVARDAG: Hotellkokk Jakub Kacperski viser fram kjøkkenet. Når han er tilbake må han følge strenge smittevernreglar. Hotellet går blant anna frå buffé til å servere all mat à la carte.

NY KVARDAG: Hotellkokk Jakub Kacperski viser fram kjøkkenet. Når han er tilbake må han følge strenge smittevernreglar. Hotellet går blant anna frå buffé til å servere all mat à la carte.

Håvard Sæbø

Ho forventar bra besøk i juli, og oppfordrar folk til å ta ut ferie i juni og august. Då er prisane som regel lågare også, tipsar Mjelva.

Ditt livs største feil

Ho og Kacperski viser stolt fram hotellets restaurant, konferansesal, veteranbilmuseum og spa med fjordutsikt.

Dei fortel engasjert om båtturar på fjorden og toppturar til fjells.

– Vi ventar på deg. Om du er norsk og ikkje har sett fjordane, er det ditt livs største feil, åtvarar Kacperski.

Norsk reiseliv

Regjeringa har stengt grensene for utanlandske turistar.

25 prosent av omsetnaden i norsk reiseliv kjem frå denne gruppa, ifølge SSB.

Reiselivet er næringa der flest er arbeidsledige og permitterte på grunn av koronatiltak, viser Nav sine tal.

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
18.05.2020
15:14
20.05.2020 09:43