Generalstreik i India:
Indarar gjekk ut i storstreik mot regjeringa sitt sal av statseigde selskap
Regjeringa i India vil selje ut nasjonale ressursar. Det får fagorganiserte til å protestere.
Her frå Kolkata i Vest-Bengal.
Zuma Press / NTB Scanpix
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
I delar av India var kollektivtrafikken, bankar og butikkar stengde onsdag, melder internasjonale medium.
Medlemmer i 10 venstreorienterte fagforbund gjekk ut i ein eitt døgn lang generalstreik. Dei la ned arbeidet i protest mot den hindunasjonalistiske regjeringa sin privatisering av statseigde selskap.
p
Regjeringa vil selje blant anna flyselskapet Air India, oljeselskapet Bharat Petroleum Corporation of India og transportselskapet Container Corporation of India. I tillegg vil dei slå saman 10 statseigde bankar til 4. Grunnen er at selskapa taper pengar, ifølge regjeringa.
I tillegg skal grunnen vere at Asia sin tredje største økonomi opplever ein stagnerande vekst og at regjeringa treng pengar til statsbudsjettet som blir lagt fram i februar.
Dei streikande ønsker at ressursane blir verande fellesskapet sin eigedom og fryktar at reformene fører til at folk mistar jobben. Dei meiner lønna må opp for at økonomien skal skyte fart.
India opplever samtidig den største arbeidsløysa på 45 år, oppe i sju prosent av den arbeidsdyktige befolkninga.


Nå: 0 stillingsannonser