JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Foodora-streiken:

Mange støttar dei streikande Foodora-sykkelboda. Ei fagforeining oppfordrar til boikott

Foodora-streiken er på sin sjuande dag. Sykkelboda får støtte frå universitetstilsette, studentar, reinhaldarar, matindustriarbeidarar, industriarbeidarar, elektrikarar, lærarar og barnehagetilsette.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

20. august la 102 Foodora-sykkelbod ned arbeidet. Fellesforbundet varsla torsdag at dei tar ut ytterlegare 40 sykkelbod i streik frå 6. september.

Dei tilsette har prøvd å få på plass tariffavtale i tre år, men sjølv ikkje etter eit meklingsmøte 19. august vart partane einige.

Foodora har sagt at dei ikkje er motstandarar av tariffavtale, men meiner tariffavtala sykkelboda krev er for dyr. Dei meiner lønna blir for høg og pensjonen for dyr. Fellesforbundet er heilt ueinig og kallar Foodora sine tal for rein fantasi. Dermed vart det streik.

p

Smøre brødskiva sjølv

– No får folk smøre matpakkene sine sjølv, for eg forventar at ingen bestiller mat frå Foodora medan streiken pågår. Så håpar eg så mange som mogleg kan vise støtte både på sosiale medium og verbalt når ein møter sykkelboda som er i streik, sa Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum då streiken var eit faktum.

Sidan har det kome fleire støtteerklæringar, og dei streikande melder om støtte frå forbipasserande under streikevaktene.

Boikottar Foodora

NTL UiO svarer på Fellesforbundet si oppfordring om Foodora-boikott under streiken. Fagforeininga organiserer teknisk og akademisk tilsette ved Universitet i Oslo, i tillegg til studentar.

– Vi støttar dei streikande sykkelboda i kampen for tariffavtale og oppfordrar medlemmene våre til ikkje å benytte Foodora så lenge kravet ikkje blir innfridd, heiter det på nettsidene deira.

Raudt oppfordrar også medlemmene sine til ikkje å bruke Foodora så lenge streiken varer. Det same gjer SV og Arbeidarpartiet, som heller vil at folk et ute eller hentar maten sin sjølv.

Støtte til krava

Sykkelboda har blant anna kravd eit vedlikehaldstillegg for å kompensere for bruk av eigne klede, mobiltelefonar og syklar. Dette er på 3,9 prosent og utgjer 5 kroner i timen, ifølge klubben.

– Kravet om kompensasjon for bruk av personleg utstyr som er heilt nødvendig for at jobben skal kunne utførast, skal sjølvsagt innfriast. Det beskjedne kravet om lønnsvekst likeså, skriv NTL UiO.

Timelønna er på 120 kroner og har vore det i tre år, ifølge Foodora-klubben. Derfor krev dei eit tillegg på 8 kroner som kompenserer for prisstigninga, i tillegg til 5 kroner meir i provisjon.

– Vi kan ikkje akseptere at nokre yrkesgrupper skal jobbe for 50 kroner under tariffen, skriv LO i Oslo som peikar på forskjellen mellom sykkelboda si lønn på oppunder 158 kroner i timen og lønna i speditøroverenskomsten.

LO i Oslo organiserer fagforeiningar med 105.000 medlemmer

Plattformøkonomi

Foodora er ein del av det som ofte blir skildra som plattformøkonomi, der eit mellomledd koplar saman forbrukarar og dei som leverer tenestene, gjennom mobilappar og nettsider.

– Arbeidstakarar skal ha ei lønn å leve av uavhengig av korleis arbeidsgivarar er skrudd saman, skriv Norsk Arbeidsmandsforbund som har 33.000 medlemmer, innanfor blant anna anleggsarbeid og reinhald.

– LO-medlemmer i alle delar av arbeidslivet heiar dykk fram, seier leiar Anne Berit Aker Hansen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), som har 30.000 medlemmer innanfor matindustrien.

p

Den norske modellen

Industri Energi og EL og IT Forbundet trekker fram den norske arbeidslivsmodellen. Den har vist at landsomfattande tariffavtaler er bra for både arbeidstakarar og arbeidsgivarar, meiner dei.

– Retten til tariffavtale er ein sjølvsagt rett for norske arbeidstakarar. Om Foodora vil vere ein seriøs aktør, må dei innfri kravet frå Fellesforbundet sine medlemmer, heiter det i forbunda sine erklæringar.

Industri Energi har 56.000 medlemmer innanfor olje-, gass- og landindustri. EL og IT Forbundet har 39.000 medlemmer innanfor IKT, energi og el-installasjon.

– Til dei streikande, har vi i følgande klare melding: I LO, står de aldri aleine. Stå kampen ut!

p

Også lærarar og barnehagetilsette i Unio-forbundet Utdanningsforbundet, markerer støtta si: Fylkeslaget i Trøndelag har 15.000 medlemmer, som fylkesstyret erklærer støtte på vegner av.

– Dykkar kamp er vår kamp, skriv dei på nettsidene sine.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse