JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Offshoretilsett fekk sparken då han nekta å barbere seg. No har han fått ein delsiger i retten

Hydraulikkingerniør Kjell Henning Eriksen (66) vann fram i lagmannsretten og skulle ha fått jobbe ut oppseiingstida.

Håvard Sæbø

Saken oppsummert

tormod@lomedia.no

Det skriv Stavanger Aftenblad.

Eriksen vart sagt opp på slutten av fjoråret, etter 29 år som tilsett i italienske Saipem Drilling.

Grunnen var at han nekta å gå med på selskapet sin såkalla «clean shave policy». HMS-kravet om glattbarberte tilsette vart innført i samband med bruk av tettsittande gassmasker under ein borejobb der ein kunne bli utsett for hydrogensulfid.

p

Eriksen nekta å barbere seg før han skulle ut på boreriggen i oktober og opplyste om at han heller ikkje kom til å gjere det. 21. desember vart han derfor oppsagt for det Saipem meinte var eit alvorleg brot på pliktene hans som arbeidstakar.

Han har fått tilbod om ein annan jobb i Saipem, noko han har sagt nei til. Eriksen viser til at han har godkjend helseattest og at det ikkje er noko kontraktskrav om at han ikkje skal ha skjegg.

Han gjekk derfor til retten for å få kjent oppseiinga ugyldig og for å få jobbe ut oppseiingstida, med støtte frå LO-forbundet Industri Energi.

I juni vann han i Stavanger tingrett fram med kravet om at han skulle fått jobbe ut oppseiingstida. Saipem anka saka, men Eriksen har no altså fått støtte medhald i Gulating lagmannsrett.

Hovudsaka, om oppseiinga er gyldig eller ikkje, startar i Stavanger tingrett 25. september.

Warning