JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Regjeringa lar fagforeiningsfrådraget minske for sjuande år på rad

Ein skal framleis berre kunne trekke frå 3850 kroner av fagforeiningskontingenten på skatten.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

helge@lomedia.no

Det viser forslaget til statsbudsjett for 2020 som vart lagt fram måndag.

– Regjeringa snakkar om kor viktig det organiserte arbeidslivet er. No hadde dei moglegheita til å synleggjere det. Den moglegheita grip dei ikkje, seier Unio-leiar Ragnhild Lied til FriFagbevegelse.

p

Fagforeiningsfrådraget er eit frådrag for alle som er medlem i ei fagforeining og betaler kontingent. Det gjer at fagorganiserte betaler mindre skatt og det blir billegare å vere med i ei fagforeining.

Heilt sidan Erna Solberg fekk regjeringsmakt i 2013 har frådraget i realiteten minska i verdi, sidan det ikkje er justert etter prisstiginga sånn som det vart då dei raudgrøne hadde makta.

Arbeidstakarorganisasjonane og dei raudgrøne partia har vore svært kritisk til frådraget har minska. Dei meiner talet personar som er fagorganisert går ned på grunn av dette.

– Det har berre fortsett og fortsett å falle i verdi. Dette kunne vore eit viktig bidrag frå regjeringa for å styrke det organiserte arbeidslivet slik Stortinget har vedteke at regjeringa skal bidra til, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen til FriFagbevegelse.

Dersom frådraget hadde vore verdt like mykje i dag som for seks år sidan, hadde frådraget vore på omtrent 4350 kroner, viser konsumprisindeksen.

Regjeringa har også i regjeringsplattforma si stadfesta at dei skal vidareføre fagforeiningsfrådraget sånn som det er.

Annonse
Annonse