JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona:

Reiselivsbransjen førebur seg på permitteringar. Her er rettane dine

I hotellkjedene drøftar no arbeidsgivarar og tillitsvalde permitteringar dersom koronaviruset fører til at bedriftene må halde heilt eller delvis stengt.

Illustrasjonsfoto: Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Allereie er det avbestillingar ved fleire hotell på grunn av reisande som er redde for smitte. I tillegg kan manglande varelevering og sjukdom blant tilsette, potensielt gå ut over normal drift. Det har ført til at mange bedrifter vurderer permittering.

p

Tillitsvalde i dei store hotellkjedene Choice og Scandic, stadfestar overfor Magasinet for fagorganiserte at det blir drøfta permitteringar. Arbeidsgivarforeininga NHO Reiseliv seier det «berre er eit spørsmål om tid» før dei første permitteringsvarsla kjem.

Dersom smittefaren i samband med koronaviruset blir så stor at det ikkje finst arbeid, har arbeidsgivar lov til å permittere. Du er framleis tilsett, men skal ikkje jobbe eller ta imot lønn fram til bedrifta igjen har arbeid til deg.

Reglar for permittering

Det er den såkalla hovudavtala mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, som slår fast reglane for permittering.

Eitt av vilkåra er at arbeidsgivar må drøfte permitteringar med tillitsvalde på arbeidsplassen din.

Eit anna vilkår er at du skal få 14 dagar eller 2 dagar varsel avhengig av kor uføresett permitteringa er.

Dagpengar

Når du er permittert, kan du få dagpengar. Dei første 15 dagane seier lova at arbeidsgivar skal betale lønn. Seinare kan du få dagpengar frå Nav i opptil 26 veker.

For å få dagpengar frå Nav må du ha:

• blitt permittert med meir enn halvparten av arbeidstida di og fått redusert arbeidsinntekt

• registrert deg som arbeidssøkar og sendt inn meldekort

• tent minst 150.000 kroner det siste året eller 300.000 kroner dei siste tre åra

Dagpengane kan vere opptil 62,4 prosent av inntekta di det siste året eller siste tre åra. Grensa er 7200 kroner i veka før skatt.

Slapp av

Ingen av reiselivsbedriftene i NHO Reiseliv har så langt sendt ut permitteringsvarsel på grunn av koronaviruset, seier foreininga.

– Førebels treng ikkje tilsette bekymre seg. Drøftingane er ein formalitet av omsyn til avtaleverket, seier konserntillitsvald for Fellesforbundet, Anne Marie Andersen i Scandic.

p

– Det er ingen fare i dag, men vi er nødt til å vere førebudd dersom vi må permittere. Slapp av og vask hendene, er oppfordringa frå konserntillitsvald Merethe Sutton i Choice.

Også NHO Reiseliv oppfordrar nordmenn til å reise og ete på restaurant som normalt, og forsikrar om at bedriftene har gode rutiner for å hindre smitte.

Spesielle tiltak

Magasinet har sett på nokre av retningslinjene for å hindre smitte i dei store hotellkjedene.

Dei er ekstra nøye på handvask og reinhald av flater mange tar i, som heisknappar, kortterminalar og dørhandtak.

Hotella har også spesielle retningslinjer for kva ein skal gjere dersom personar på hotellet er smitta eller ein mistenker smitte.

Warning
Annonse
Annonse

Spesielle tiltak

Magasinet har sett på nokre av retningslinjene for å hindre smitte i dei store hotellkjedene.

Dei er ekstra nøye på handvask og reinhald av flater mange tar i, som heisknappar, kortterminalar og dørhandtak.

Hotella har også spesielle retningslinjer for kva ein skal gjere dersom personar på hotellet er smitta eller ein mistenker smitte.