Russisk krigsskip skaut varselskot mot norsk fiskebåt
Fiskebåten var i norsk farvatn då den blei jaga vekk av eit russisk krigsskip.
SMALT: Øystein Orten (til venstre) og tvillingbror Torstein eig MS Ragnhild Kristine og var begge ombord under konfrontasjonen med den russiske destroyeren: – Det smalt og vibrerte skikkeleg i skroget, fortel styrmann Øystein.
Privat
frifagbevegelse@lomedia.no
– Eg gjentok at vi skulle dra linene våre. Då kom det 163 meter lange russiske krigsskipet i full fart med kanonane mot oss, seier styrmann Øystein Orten.
Han styrte MS Ragnhild Kristine med eit mannskap på seks.
Fiskebåten frå Aukra var i Barentshavet, nord for Vardø i norsk økonomisk sone.
Dei hadde vore i kontakt med det russiske marinskipet fleire gonger. På radioen kom den same beskjeden frå den russiske kapteinen:
– Det låg eit russisk krigsskip ikkje langt unna der vi hadde sett linene. Så blir eg kalla opp på radioen «This is Russian Warship, you need to leave the area», seier Øystein Orten.
Den russiske kapteinen forklarte at dei hadde ei skyteøving på gang.
– Eg svarte at det kjem ikkje på tale at vi skal flytte på oss. Vi hadde liner å hale, seier reiar og styrmann Orten.
Han meiner russarane bør finne seg ein annan plass å skyte på.
– Opna eld med varselskot
Det russiske krigsskipet var ein del av «Ocean 24» som president Vladimir Putin kalla den største øvinga i sitt slag på 30 år.
Russland hadde med seg Kina på øvinga. Russiske myndigheiter opplyser at over 400 krigsskip og 120 fly og helikopter deltok.
Styrmann Orten nekta å høyre på den russiske destroyeren og fortsette mot linene sine.
– Eg ser over skuldra på styrbord side og då kjem krigsskipet mot oss i full steam. Skipet legg seg 200 meter frå oss med breisida til. Det er lett truande kan du seie. Dei skrur på tyfon-tåkeluren i rundt 15 sekund for få merksemda vår. Så skyt han med ein kanon ein eller anna plass i sjøen. Det smell voldsomt i skroget vårt og ristar, seier Orten.
Han fortel at båten ikkje blei treft direkte og at det truleg blei brukt ein kald-granat som trefte ein plass i vatnet rundt båten.
DESTROYER: Bildet er teken av styrmann Øystein Orten 12. september og er truleg den russiske destroyeren Admiral Levchenko på 163 meter som jaga vekk MS Ragnhild Kristine på 15 meter.
Privat
– Å bli eten til frukost av krigsskip
– Kva tenkte du då det small?
– Eg tenkte at eg trur ikkje dei vil blåse oss til himmels. Samtidig var det ei lita tvil. Du ser for deg bilde av dei norske fiskebåtane som blei skotne i senk av tyskarane. Det er sånn det kjennest når du sit i ei lita jolle og eit stort krigsskip et deg til frukost, tenkte eg, seier Orten og legg til:
– Samtidig veit vi at ein norsk fiskebåt ikkje er noko å starte tredje verdskrig for, seier styrmannen og fortset:
– Etter smellen blei vi einige om å gå vestover. Det var frivillig tvang, som det heitte då eg var i militæret. Han geleida oss heile vegen ut av feltet. Den norske kystvakta kom også nedover og snakka med russarane, seier Orten.
– Russland må slutte å sabotere
Forsvaret opplyser at norske fartøy ikkje er forplikta til å forlate område i norsk økonomisk sone når det er militærøvingar.
Dei siste to åra har fleire fiskarar og sjøfolk vore kritisk til fleire russiske militærøvingar på norske fiskefelt. Øvingane har blant anna blitt kalla ei overkøyring av Norge som kyststat.
Styrmann Orten er sterkt kritisk til dei russiske øvingane:
– Norske myndigheiter må legge press på Russland slik at dei sluttar å sabotere for norsk fiskeri og sjøfart. Norge må sette større krav om at øvingar ikkje skal hefte norsk næring eller sivile fartøy. Helst kan russarane legge skytefelta lenger nord, aust og i sine eigne område. Dei bør ikkje få lov å stenge av norske fiskeområde. Det må få konsekvensar når russarane heftar norske interesser i norsk økonomisk farvatn, seier Orten.
Han fortel at mannskapet måtte jobbe heile natta igjennom for å dra linene og vere oppe i over eit døgn for å bli ferdige. Han seire også at dei tapte rundt 100.000 kr i fangst fordi dei blei hefta.
Forsvaret kjenner til
Episoden mellom den norske fiskebåten og det russiske krigsskipet skjedde om morgonen torsdag 12. september. «Ocean 24»-øvinga blei avslutta denne veka.
Forsvaret er kjent med konfrontasjonen mellom den 15 meter lange fiskebåten og det russiske krigsskipet på 163 meter:
– Forsvaret er kjent med at har vore dialog mellom MS Ragnhild Kristine og eit russisk krigsfartøy som øvde i eit annonsert fareområde, seier Vegard Finberg som er oberstløytnant og pressevakt ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).
Krangelen mellom den norske fiskebåten og det russiske marinefartøyet skjedde i norsk økonomisk sone som også er internasjonalt farvatn.
Det betyr at det er norske båtar som har lov å fiske der. Samtidig kan alle land sine skip fritt kan bruke området som motorveg til havs. Eller øve militært.
Finberg i Forsvaret seier at russarane har lov til å både øve og skyte i internasjonalt farvatn:
– Det er lov å annonsere fareområde på førehand og øve i internasjonalt farvatn.
Bilda og videoopptak viser at den norske fiskebåten på 15 meter blei jaga vekk av den russiske destroyeren Admiral Levchenko på 163 meter.
– Mange var ikkje klar over øvinga
Styrmann Orten seier at det var fleire norske fiskebåtar i området. Og at mange til liks med han ikkje var klar over at det var ei russisk øving på fiskefeltet:
– Vi hadde ikkje blitt direkte varsla av norske styresmakter. Det gjekk ut eit navigasjonsvarsel på VHF-kanal 16 frå Kystvakta. Der kjem det meldingar heile tida som gjeld heile norske kysten. Det fekk vi ikkje med oss, seier Orten.
Fleire fiskarar og sjøfolk har nyleg etterspurt betre varsling av russiske militærøvingar.
Orten legg til at før denne omtalte krangelen fekk ein annan norsk fiskebåt i området brann i eit motorrom.
– Då spurte det russiske krigsskipet om dei trengde hjelp. Så dei er folk som alle andre, men dei har også sine ordrar å følgje, seier styrmannen.
Han eig MS Ragnhild Kristine saman med tvillingbroren Torstein, som også var om bord under møtet med det russiske krigsskipet.
– Bøllete oppførsel mot Norge
Thomas Nilsen er redaktør i The Barents Observer som dekkjer nordområda. Saman med sjefforskar ved Forsvarets forskningsintitutt, Kristian Åtland og Torbjørn Pedersen, professor ved Nord universitet har han publisert ei studie av russiske øvingar.
– Vi ser ein ny trend spesielt etter 2022. Studia vår av russiske øvingar viser at dei no har veldig mange skyteøvingar som har kryssa russisk og norsk økonomisk sone i Barentshavet. Før hadde dei ofte øvingane sine lenger aust.
– Den norske styrmannen seier dette er sabotasje av norsk fiskeri. Kva tenkjer du om det?
– Ja dette er sabotasje av norsk fiskeri. Det er også bøllete oppførsel som ikkje er eigna til å skape godt naboskap, seier redaktør Nilsen.
Han fortel vidare at i 2022 meldte Russland frå om ei skyteøving utanfor Irland.
– Då samla fiskarane seg og nekta å vike. Då gav Russland opp øvinga, seier Nilsen.
Han seier vidare at det er den som arrangerer militærøvinga som er ansvarleg for tryggleiken for alle andre som er i områda.
I det store bildet seier Nilsen at dei russiske militærøvingane handlar om å vise musklar mot USA og å forsvare dei russiske atomubåtane. Desse ubåtane er Russland si militære avskrekking som skal kunne gå i overflata nesten kor som helst i verda og fyra av atomrakettar mot USA eller andre motstandarar.
Leiar av Norsk Sjømannsforbund reagerer og på at norske sjøfolk blir trua og skremt på denne måten.
– Dette er ein uakseptabel sabotasje mot norske sjøfolk. Ei sånn hending kunne lett vore unngått om ein verkeleg ønskte det, til dømes ved at kommunikasjonen frå Forsvaret blir betre og går ut på fleire flater, seier Angell.
Russland vil ikkje kommentere
FriFagbevegelse har sendt epost med spørsmål til den russiske ambassaden i Oslo om dei kjenner til saka. Og kva dei tenkjer om å legge øvingar andre plassar enn norske fiskefelt.
Ambassaden svarte at dei ikkje kjenner til hendinga.