JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ryanair varslar oppseiingar: 1500 pilotar og kabintilsette er i fare

Ryanair-sjefen varslar oppseiingar på grunn av dårlege resultat, forseinking i levering av fly og bekymring for brexit utan avtale.
Ryanair-sjef Michael O'Leary i Europas største lågprisselskap.

Ryanair-sjef Michael O'Leary i Europas største lågprisselskap.

Colourbox

tormod@lomedia.no

– Det har vore ei utfordrande sommar og går mot ein vanskeleg vinter, men hugs at Ryanair har dei lågaste kostnadene av alle flyselskap i Europa. Vi håpar å bevare så mange jobbar vi kan, men er nødt til å handle no, sa Ryanair-sjef Michael O'Leary i ei videomelding til sine tilsette måndag.

Til saman 1500 tilsette skal vere overtalige, ifølge O'Leary. Kjelder i fagforeiningane seier derimot åtvaringa er ein trugsel mot pilotar som no bestemmer seg for om dei skal streike eller ikkje, skriv Reuters.

p

Ryanair-tilsette gjennomførte ei rekke streikar førre år og ein streikesommar utan like, etter at selskapet i slutten av 2017 anerkjente fagforeiningar som forhandlingsmotpart.

Kan bli storstreik i august

Britiske Ryanair-pilotar i British Airline Pilots Association starta onsdag førre veke ei uravstemming om streik, etter at dei i forhandlingar ikkje har klart å bli einige med selskapet. Striden skal stå om pensjon, forsikringar, godtgjeringar, fødselspermisjon og lønnssystemet.

– Våre representantar i Ryanair har prøvd å handtere nokre av dei mange sakene etter mange år der Ryanair ikkje har anerkjent fagforeiningar. Men vi har ikkje klart å gjere nokon framgang i det heile, seier generalsekretær Brian Strutton i ei pressemelding.

Også irske pilotar i Irish Air Line Pilots Association starta ei tysdag førre veke ei uravstemming om streik, etter manglande framgang i forhandlingar med arbeidsgivaren. Fagforeininga seier dei held fram samtaler med flyselskapet med formål å komme til einigheit.

Resultata frå uravstemmingane er klare 7. og 9. august, for høvesvis dei britiske og irske pilotane

Frå før er det klart at portugisiske kabintilsette i Ryanair streikar fem dagar i august, skriv Reuters. Grunnen er ifølge fagforeininga SNPVAC at selskapet nektar å rette seg etter ei avtale signert i november. Den slår fast at dei tilsette skal ha betalt ferie og 22 dagar årleg permisjon, samt at selskapet skal følge portugisisk lov.

Overskot på tilsette

Ryanair sitt økonomiske overskot falt med over 20 prosent i perioden april til juni, samanlikna med same kvartal i fjor, ifølge rekneskapet offentleggjort måndag. Grunnen er lågare billettprisar, høgare drivstoffprisar og større arbeidskraftskostnader som følge av fjorårets lønnsoppgjer, ifølge selskapet.

I ei melding til sine tilsette måndag, varslar Ryanair-sjef Michael O'Leary altså oppseiingar. I tillegg til mindre overskot, skal grunnen blant anna vere forseinkingar i leveringa av Boeing sine 737 Max-fly som er sette på bakken.

– I staden for å få 58 nye fly sommaren 2020, vil vi i beste fall få berre 30 av desse flya, som betyr at vi treng rundt 600 færre pilotar og kabintilsette somaren 2020, seier O'Leary i videoen.

– På toppen av desse dårlege nyheitene, har vi allereie eit overskot på over 500 pilotar og rundt 400 kabintilsette fordi oppseiingar har vore rundt null sidan januar 2019, held han fram.

p

I tillegg trekker han fram sjansen for brexit utan avtale mellom Storbritannia og EU i slutten av oktober, som kan føre til færre reiser mellom Irland og Storbritannia.

– Eg er lei meg for å seie at dette betyr at vi må kutte talet fly og talet tilsette, ikkje berre sommaren 2020, men også vintaren 2019. Dette vil resultere i kutt i basar og nedlegging av basar og, eg er lei meg for å seie, nokre jobbtap denne vintaren, seier han.

Han held fram med å seie at pilotar og kabintilsette mistar jobben i september, oktober og rett etter jul. Ifølge Ryanair-sjefen vil dei endelege avgjerdene bli tekne i slutten av august.

Annonse
Annonse