Ideell verksemd og lønn
Smiths venner vart skulda for å utnytte folk til gratisarbeid. No får dei medhald frå direktoratet
Direktoratet for arbeidstilsynet har konkludert med at Smiths venner ikkje har drive med ulovleg dugnadsarbeid.
FORRETNING: Smiths venner eig blant anna eit Oslofjord Convention Center i Vestfold. Håndballforbundet bestemte seg nyleg for å boikotte den tilknytt arenaen på grunn av kyrkja sitt syn på homofili.
Berit Roald / NTB Scanpix
tormod@lomedia.no
Arbeidstilsynet påla i fjor to selskap tilknytt Brunstad Kristelige Menighet (BKM) i Horten, å gi dugnadsarbeidarar lønn og arbeidskontrakt. Meinigheita er ein del av Brunstad Christian Church, også kjend som Smiths venner.
p
Etter tilsyn i selskapa Dal Gård AS og Adal Multiservice AS, konkluderte tilsynet med at dugnadsarbeidet var så omfattande og organisert at det måtte karakteriserast som arbeidsforhold. Dermed må dei følge både arbeidsmiljølova og allmenngjort lønn i bransjen, meinte tilsynet.
Klaga inn pålegg
Meinigheita klaga først inn pålegget til tilsynet, som avviste klaga, før direktoratet no altså gir dei medhald og gjer om Arbeidstilsynet sitt vedtak.
– Vi har brukt mykje ressursar på å sette oss inn i lovverket, og gjer det vi kan for å innrette verksemda vår sånn at den er i samsvar med det norske regelverket, seier Finn Åge Ødegård i Brunstad Christian Church i ei pressemelding.
Ødegård seier dei er einige i at selskapa har ansvar for reglane om helse, miljø og tryggleik i arbeidsmiljølova, men at dei ikkje er forplikta til å betale ut lønn.
p
– Dei frivillige ønsker jo ikkje å ta imot lønn. Dei ønsker at pengane skal gå til den ideelle verksemda, seier han.
Langvarig usemje
Også for litt over tre år sidan vann Brunstad Christian Church fram, etter at Arbeidstilsynet hadde gjort eit liknande vedtak. Den gongen handla saka om reinhaldsbedrifta Fjordteam AS tilknytt meinigheita i Sandefjord. Selskapet gjekk til sak mot staten, og Arbeids- og sosialdepartementet gjorde om på tilsynet sitt vedtak.
– Vi har meint at Arbeidstilsynet burde søke avklaring av eit uklart lovverk på andre måtar enn å lage konfliktsak ut av dette, og det er nettopp det direktoratet no seier at må gjerast.
Fellesforbundet i Vestfold er blant dei som meiner den omfattande bruken av dugnadsarbeid gjer at selskapa utkonkurrerer vanlege selskap, gjennom å sleppe utgifter til lønn og sosiale kostnader.