Personalrabatt:
Treningssentera rasar mot regelendringar for rabatten du får gjennom jobben
Virke går hardt ut mot endringane i skattereglar for rabattar tilsette får gjennom jobben. Skatteekspert meiner derimot endringa er godt nytt for arbeidstakarar.
Illustrasjonsfoto.
colourbox.com
tormod@lomedia.no
Stortinget vedtok i juni at skattereglane for personalrabattar skal endrast. Dette gjeld blant anna såkalla tredjemannsrabattar, der tilsette får rabatt gjennom jobben på ein vare eller teneste hos ein tredjepart.
I hovudsak er det nye at arbeidsgivar no får ansvaret for å å rekne ut verdien av rabatten hos tredjeparten, trekke skatt av og rekne ut arbeidsgivaravgift av denne.
I dag skal arbeidstakarar gjere denne jobben sjølv, ved å føre opp rabatten på sjølvmeldinga. I tilfelle der arbeidsgivar betaler heile eller delar av treninga, skal arbeidsgivar gjere jobben.
• Se lista over nye skatteregler: Du må skatte av bonuspoeng på jobbreiser med fly
Virke: Vil ramme tilsette
Endringa vil ramme tilsette som bruker treningssenter gjennom arbeidsgivaren sin, hevdar arbeidsgivarorganisasjonen Virke, som organiserer mange treningssenter, i Aftenposten tysdag.
Virke varslar at dei fleste arbeidsgivarane no kjem til å seie opp avtalene sine med treningssentera på grunn av endringa og meirarbeidet for arbeidsgivarar den fører til.
Finansdepartementet seier på si side at dei nye reglane klargjer at ein slepp å skatte om arbeidsgivaren ikkje betaler for treninga.
Skatteekspert: Rabatt-skatten blir faktisk mindre
Rådgivar Espen Øren i Infotjenester seier seg einig, og viser til at du slepp å skatte om arbeidsgivar berre vidareformidlar eit tilbod om rabatt.
Arbeidstakarar skal berre skatte om treningssenteret er ein forretningspartner til bedrifta du jobbar i eller om arbeidsgiver yter noko tilbake til treningssenteret for at dei tilsette skal få rabatt, poengterer Øren overfor FriFagbevegelse.
– I dag er alle slike rabattar skattepliktige, men til neste år slepp ein altså skatt om arbeidsgivar berre vidareformidlar rabattilbod som for eksempel treningssenter sender ut. Det er altså ei lemping i skatteplikta på slike rabattar neste år.
I høyringssvaret sitt til saka har LO vore lunken til personalrabattane. Dei meiner at rabattane bør vere regulert sånn at det avgrensar arbeidstakar sin moglegheit til å bruke dei som løn. Hovudregelen skal vere ordinær løn, med opptening av pensjon, sjukepengar og feriepengar, slår arbeidstakarorganisasjonen fast.