JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nye innleigereglar:

Ulovleg innleigde bygger torget i Trondheim, meiner Fellesforbundet

Fellesforbundet hevdar arbeidsgivarane omgår nye innleigereglar.
Sånn såg torget i Trondheim ut under ombygging i fjor.

Sånn såg torget i Trondheim ut under ombygging i fjor.

Carl-Erik Erikkson / Trondheim kommune

tormod@lomedia.no

Det melder NRK.

Kun bedrifter med tariffavtale og avtale med tillitsvalt i eit stort fagforbund, kan leige inn arbeidstakarar til arbeid som ikkje er av mellombels karakter. Det slår arbeidsmiljølova fast etter endringane som trådde i kraft frå 1. januar.

Entreprenør Søbstad AS har ikkje tariffavtale, men har likevel leigd inn arbeidstakarar til å legge over 10.000 kvadratmeter med skiferdekke under ein storstilt ombygging av torget i Trondheim.

p

No er det full krangel mellom Fellesforbundet og arbeidsgivarsida om dette arbeidet er av såkalla mellombels karakter eller ikkje.

Arbeidsgivarorganisasjonen Maskinentreprenørenes forbund meiner arbeidet kvalifiserer som arbeid av mellombels karakter fordi innleiga berre utgjer 20 prosent av alle arbeidstimar.

Trondheim kommune er byggherre for prosjektet og har enno ikkje tatt stilling til om innleiga er ulovleg, sjølv om Arbeidstilsynet støttar Fellesforbundet sin vurdering.

Arbeidet starta hausten 2017 og skal etter planen avsluttast sommaren 2020. Prislappen på prosjektet er nærmare 400 millionar kroner.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse