JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Operasjon kvitvasking

Dei av oss som vona at Høgre framleis hadde islett av verdikonservatisme, vi må visst erkjenna at den har pensjonert seg saman med Benkow, Willoch og Sejersted, skriv Oddny I. Miljeteig.

Det nyttar ikkje med Blenda, det er sikkert og visst. Og alldeles ikkje med Sunlight, min barndoms skummande oppvask-såpe som faktisk finst framleis. Sitronsyre- pulver kan bleikja, og den moderne «Vanish» i rosa boks har, til liks med klorin, hjelpt til med å få vasken kvit. Det går for laken og dynetrekk og den slags. Det skal bli verre når det gjeld Christian Tybring-Gjedde, leiaren i Oslo FrP – som saman med ein partifelle fann det betimeleg å skriva i Aftenposten om at FrP framleis er å stola på i innvandringspolitikken. Ja, for det var jo det kronikken handla om, eitt år før kommunevalet og etter månader med meiningsmålingar i minus for FrP, der Høgre har gått fram, der har FrP gått attende – og attende – og attende. Rett nok er FrP, også på meiningsmålingane, framleis eit stort parti, men Høgre er langt større – som ansvarleg storesyster. Og for dei som drøymer om regjeringsskifte i 2013, er det tydeleg for all verda at Statsministerkandidaten, ja med stor S, for ei blå-blå regjering vil heita Erna Solberg og ikkje Siv Jensen.

Alltid når meiningsmålingar går imot over tid – og når det nærmar seg val – tek ein FrP-ar fråhalvbakre rekkjer jobben med å minna om at FrP er partiet for både dei som fryktar innvandring – og dei innvandringsfiendslege. Det har vorte nærast eit ritual, og fleire enn meg må ha venta på det dei siste vekene. Denne gongen vart det altså denne Tybring- Gjedde, pluss Kent Andersen, som i ein kanonade på kronikkplass i Oslo-avisa forkynte at innvandringa vil riva Noreg i filler og at nordmenn er dolka i ryggen. Gjennom politisk komplott og tankeløyse har Arbeidarpartiet (?) sytt for at «fremmedkulturer og ukulturer samler seg i Norge» og fortrengjer alt «vi» kjenner som norsk – det vere seg nasjonalsongen, skikk og bruk, kristendommen, språk, lovverk, valuta, forsvaret, flagget og kongehuset. Likestillinga tok ikkje kronikørane med – sjølv om det har vorte ein norsk verdi for høgresida så sant det er tale om dei andre. Men altså ikkje denne gongen. Kanskje i ei slags umedviten erkjenning av at nok var nok?

Tybring-Gjedde og Kent Andersen kalla i kronikken fram reine krigs-allegoriane – og vil gje livet sitt om naudsynt i kampen mot «flerkultur»: «Vil vi bidra til kultursviket? Ikke om noen satte opp plakaten «Skutt blir den som…..!» Det er SS-plakatane frå andre verdskrigen det vert sikta til, ikkje noko mindre, altså sjølve okkupasjonen. Og Gjedde og Andersen ser seg som martyrar for kongehus og norske verdiar, om eg skjønar rett. Dei skal visst ikkje bli åleine, viser det seg: Lovorda har hagla frå høgreekstreme talspersonar som Tore Tvedt, tidlegare talsmann for Vigrid, og Arne Tumyr frå «Stopp islamiseringen av Norge». Tore Tvedt meiner Gjedde «burde tørre å snakke åpent om at vi deltar i en rasekrig, men han er mye tydeligere enn representanter for de etablerte partiene pleier å være. Det fortjener han honnør for», seier Tore Tvedt i VG Nett. Moralen er tydeleg: FrP har ikkje skifta ham frå Carl I. Hagen til Siv Jensen, eller for den del, frå Øystein Hedstrøm til Tybring-Gjedde. Og Gjedde viser at han, tydelegare enn nokon, kan røra i framandfrykt og rasisme. Ver så god Høgre, her er verdiane innerst i sjela hos dykkar komande regjeringspartnar!

Det er ikkje så enkelt med ein operasjon kvitvasking denne gongen. Eller? Michael Tetzschner i Høgre har teke jobben. Han meiner enkelt og greitt at når Ap kan regjera med SV, så må Høgre kunna regjera med FrP. Viss eg skjønar han rett, meiner han at lefling med framandhat og rasisme er å likna med SV-aren Hallgeir Langelands forslag om Fidel Castro til Nobelprisen. Dei av oss som vona at Høgre framleis hadde islett av verdikonservatisme, vi må visst erkjenna at den har pensjonert seg saman med Benkow, Willoch og Sejersted. Ja, og så Inge Lønning, som var den Michael Tetzscner danka ut som stortingsrepresentant frå Oslo Høgre. I staden for Lønning har Oslo Høgre altså velsigna Stortinget med Tetzschner, han som vil kriminalisera all tigging i kongeriket – og gjera tigging åleine til utvisningsgrunnlag. Det er ei god faneflukt vekk frå humanismen, det, og slik sett eit steg i å bereda grunnen for regjeringserklæring med FrP. FrP-leiaren må berre takka og bukka for slik ei riddarleg hjelp! Ho treng jo ikkje eingong å lata som om ho tek aldri så lite grann avstand frå herrane Gjedde og Andersen.

Men Michael Tetzscner kan nok trengja dei fleste slags vaskemiddel og flekkfjernarar når han har gjeve seg i kast med ikkje berre det mørkaste blå, men også flekkar av svart og brunt.

Annonse
Annonse