JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleige

Innleigereglane har eit smotthol. Arbeidsministeren vil ikkje tette det

Arbeidsgivarane kan avtale innleige med andre enn tillitsvalde for fagforbundet som har inngått tariffavtale med bedrifta, stadfestar statsråden.
SER IKKJE BEHOVET: Arbeidsminister Marte Mjøs Persen ser ikkje behovet for å klargjere i lova kven som er tillitsvalt og kan avtale innleige frå bemanningsbyrå. Det svarer ho i eit skriftleg svar til Stortinget.

SER IKKJE BEHOVET: Arbeidsminister Marte Mjøs Persen ser ikkje behovet for å klargjere i lova kven som er tillitsvalt og kan avtale innleige frå bemanningsbyrå. Det svarer ho i eit skriftleg svar til Stortinget.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Frå 1. april vart reglane i arbeidsmiljølova for innleige stramma inn, og overgangsreglane for allereie inngåtte avtaler og kontraktar går ut 1. juli.

No er det berre verksemder med tariffavtale med eit stort fagforbund som kan leige inn frå bemanningsbyrå etter avtale med tillitsvalde (med unntak for reine vikariat, helsepersonell til mellombels arbeid og enkelte andre mindre grupper).

Eit krav i lova er vidare at dei tillitsvalde til saman må representere eit fleirtal av den kategorien arbeidarar innleiga gjeld.

Dei tillitsvalde treng derimot ikkje å vere tillitsvalde i fagforbundet som har tariffavtale med verksemda, har arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Arbeidarpartiet) uttalt.

Det gjorde ho i eit skriftleg svar til Stortinget og Høgre-politikar Anna Molberg i februar, som FriFagbevegelse tidlegare har omtalt.

Fellesforbundet-tillitsvalde er bekymra

Svaret kom overraskande på fagrørsla, og advokaten til LO protesterte i eit brev til departementet i mars.

Men departementet stod fast på og utdjupa lovtolkinga i svaret til LO i april. Det same gjorde arbeidsministeren i eit svar til Stortinget og Mímir Kristjánsson i Raudt same månad.

I Fellesforbundet er fleire tillitsvalde no bekymra for at arbeidsgivarane skal etablere ein ny praksis der innleige blir avtalt med andre, kjenner Magasinet for fagorganiserte til.

Magasinet har skrive om at Kaefer Energy i april inngjekk ei avtale med verneombod om innleige på Johan Sverdrup-installasjonen i Nordsjøen.

Det gjorde dei etter at bedriftsleiinga og Fellesforbundet-klubben over mange år ikkje har klart å bli einige om innhaldet i ei avtale.

Statsråden ser ikkje behov for å endre lova

Kaefer-leiinga viste blant anna til det første svaret frå arbeidsministeren som forklaring på kvifor dei har avtalt innleige med verneomboda i staden for Fellesforbundet-klubben.

– Om initiativet til Kaefer-leiinga er innafor, må regjeringa gjere eit hastearbeid for å tette smottholet. Elles forsvinn heile meininga med lovendringa, sa tillitsvalt for Fellesforbundet, Atle Rostad, til Magasinet.

No har arbeidsministeren svart på eit nytt spørsmål frå Molberg blant anna om statsråden vil følge oppfordringa frå Rostad.

«Jeg ser ikke at det foreligger behov for ytterligere lovmessig klargjøring av dette», svarer Marte Mjøs Persen, men legg til:

«Vi vil i samarbeid med partene i arbeidslivet følge nøye med på utviklingen på disse områdene og på hvilken virkning regelendringene får, herunder også når det gjelder bruken av avtaler med tillitsvalgte om innleie».

Lønnshopp før sommarferien: Sjekk den nye minstelønna i ni bransjar

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse