JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbyrå

Selskap avtalte ikkje innleige med tillitsvalde: ­– Forsøk på å omgå lovendringane

Selskapet skuldar på arbeidsministeren.
Her vil Kaefer Energy leige inn frå bemanningsbyrå utan avtale med tillitsvalte for fagforeininga.

Her vil Kaefer Energy leige inn frå bemanningsbyrå utan avtale med tillitsvalte for fagforeininga.

Equinor

tormod@lomedia.no

Frå 1. april vart reglane for innleige stramma inn, og overgangsreglane for allereie inngåtte avtaler går ut 1. juli.

Da er det berre lovleg med innleige frå bemanningsbyrå når bedrifta har tariffavtale og ei skriftleg og tidsavgrensa avtale med tillitsvalde.

I slutten av april inngjekk Kaefer Energy ei avtale om innleige frå bemanningsbyrå på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.

Det oppsiktsvekkande er at avtala er inngått med verneomboda på installasjonen, ikkje dei tillitsvalde for Fellesforbundet som ISO-selskapet (isolasjon, stillas og overflatebehandling) har inngått tariffavtale med.

Magasinet for fagorganiserte har sett avtala.

– Omgår lovendringa

Over mange år har bedriftsleiinga og Fellesforbundet-klubben ikkje klart å bli einige om innhaldet i ei innleigeavtale.

­– Dette er eit forsøk på å omgå lovendringane, meiner sekretær Atle Rostad i klubben om avtala med verneomboda.

HR-sjef Thorbjørn Jensen viser i ein epost til at arbeidsministeren fleire gongar har stadfesta at avtaler om innleige kan bli inngått med andre grupper enn fagorganiserte.

«Etter departementets vurdering kan det ikke stilles et krav om at avtalen om innleie må inngås med en fagforeningstillitsvalgt eller at den tillitsvalgte må være organisert i fagforeningen som har inngått tariffavtalen», heiter det i det siste av to skriftleg svar frå Marte Mjøs Persen til Stortinget.

Svara hennar kom overraskande på LO.

– Dette svaret er noko heilt anna enn vi har blitt førespegla i to år. Om initiativet til Kaefer-leiinga er innafor, må regjeringa gjere eit hastearbeid for å tette smottholet. Elles forsvinn heile meininga med lovendringa, meiner Rostad.

Arbeidsdepartementet viser til svara frå statsråden til Stortinget, og skriv i ein epost at verken statsråden eller departementet kan kommentere enkeltsaker nærmare eller om dei er lovlege.

Bemanningsbyrå i hardt vær: 100 filippinske helsearbeidere kan bli utvist fra Sverige

Kven er tillitsvalt?

Av arbeidsmiljølova har det lenge gått fram at bedrifter som er bunde av tariffavtale, kan inngå skriftleg avtale om tidsavgrensa innleige mellom arbeidsgivar og tillitsvalde.

Frå 1. januar 2019 vart det lagt til at tariffavtala må vere inngått med ei fagforeining med innstillingsrett etter arbeidstvistlova. Det betyr at fagforeininga må ha meir enn 10.000 medlemmar. Og det var ein siger for LO som rapporterte om husforeiningar (ikkje tilknytt eit fagforbund) der tillitsvalde opplevde press for å godkjenne innleige.

Det står også i lova at dei tillitsvalde må representere eit fleirtal av den arbeidskategorien innleiga gjeld.

– Brot på tariffavtala

LO-nestleiar Steinar Krogstad meiner at svaret frå arbeidsministeren ikkje nødvendigvis betyr at arbeidsgivarane kan gå til uorganiserte for å inngå avtale om innleige.

– Vår haldning er at svaret hennar dreier seg om situasjonar der det ikkje er 50 prosent organiserte innanfor den arbeidskategorien innleiga omfattar. Det er riktig at lova ikkje har ei klar og god definisjon på kva ein tillitsvalt eller tariffavtale er.

– Men svaret hennar går ikkje inn i at tariffavtalene har bestemmingar om kva ein tillitsvalt er og korleis innleige skal skje. Verksemdene må ta omsyn til tariffavtala. Om ikkje, er det eit tariffbrot, og vi har ein tvist.

Tvistar rundt tariffavtala kan partane ta til Arbeidsretten for ei endeleg avgjerd.

– Vi har over år meint at tillitsvaltomgrepet i arbeidsmiljølova er utan innhald. Ein bør generelt vurdere behovet for å presisere omgrepa tariffavtale og tillitsvalt, seier LO-nestleiaren.

Vil ha forbod mot innleige

Innleige frå bemanningsbyrå vart forbode på byggeplassar i Oslo-området i år.

No må regjeringa forby innleige frå bemanningsbyrå også i ISO-bransjen, meiner tillitsvalt Atle Rostad.

– Når arbeidsgivarsida utan skruplar utforskar alle omvegar, berre understrekar det poenget i vårt allereie godt grunngitte krav om at slik innleige bør bli forbode på dette området. Regjeringa nemnde sjølv ISO-bransjen som en kandidat i høyringsnotatet før lovendringa, påpeikar han.

Innleide Øyvind: Krevde like bra betaling som de fast ansatte. Nå får han støtte i retten

Nye reglar

Det er moglegheita til innleige frå bemanningsbyrå til arbeid av mellombels karakter, som no har blitt fjerna frå arbeidsmiljølova.

Formålet med innstramminga er «å begrense bruken av innleie som fortrenger faste ansettelser, og dermed sikre at fast og direkte ansettelse er den sentrale ansettelsesformen i norsk arbeidsliv». Innstramminga har «også til formål å forhindre misbruk og omgåelse av innleiereglene», ifølge lovproposisjonen til regjeringa.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Nye reglar

Det er moglegheita til innleige frå bemanningsbyrå til arbeid av mellombels karakter, som no har blitt fjerna frå arbeidsmiljølova.

Formålet med innstramminga er «å begrense bruken av innleie som fortrenger faste ansettelser, og dermed sikre at fast og direkte ansettelse er den sentrale ansettelsesformen i norsk arbeidsliv». Innstramminga har «også til formål å forhindre misbruk og omgåelse av innleiereglene», ifølge lovproposisjonen til regjeringa.