JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Høgare minstelønn i ni bransjar. Sjekk satsane

Den allmenngjorde minstelønna blir oppjustert frå 15. juni.
No blir det lønnshopp før sommarferien i ein rekke bransjar.

No blir det lønnshopp før sommarferien i ein rekke bransjar.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Det bestemte den statleg oppnemnde Tariffnemnda i slutten av mai, gjennom endringar i forskrifter til allmenngjeringslova.

Minstelønna og enkelte andre delar av tariffavtalene er nemleg allmenngjorde i enkelte bransjar.

Det betyr at det er ulovleg for arbeidsgivarar å betale mindre lønn eller gi dårlegare arbeidsvilkår, også i bedrifter utan tariffavtale.

Formålet er å sikre at utanlandske arbeidstakarar får like bra lønns- og arbeidsvilkår som norske, og hindre at dei norske vilkåra blir dårlegare som følge av låglønnskonkurranse: altså stoppe sosial dumping.

Dette gjeld i ni bransjar:

• Godstransport på veg

• Skips- og verftsindustrien

• Persontransport med turbil

• Fiskeindustrien

• Overnatting, servering og catering

• Jordbruk og gartneri

• Bygg

• Reinhald

• Elektro

No blir den allmenngjorde minstelønna oppjustert etter årets lønnsoppgjer.

Endringane i minstelønnssatsane trer i kraft 15. juni, så auken skal tilsette merke på første utbetaling etter den datoen – om ein berre får betalt minstelønn og ikkje allereie har tariffavtale, vel og merke.

NB. Det er fleire delar av tariffavtalene som er allmenngjorde, men ikkje endra på no.

Godstransport på veg

Arbeidstakarar som utfører godstransport på veg med køyretøy med totalvekt over 3,5 tonn (som ikkje gjeld transport av verksemda sine eigne varar), skal minst ha ei lønn per time på 207 kroner (opp frå 196,50 kroner).

Skips- og verftsindustrien

Arbeidstakarar som utfører produksjons-, montasje- og installasjonsarbeid i skips- og verftsindustrien, skal ha ei lønn per time på minst:

• 204,51 kroner for fagarbeidar (opp frå 197,01)

• 195,54 kroner for spesialarbeidar (188,04)

• 186,67 kroner for hjelpearbeidar (179,17)

Arbeidstakarar som er tilsett på høvesvis bedrift eller fast arbeidsstad, som blir sendt på arbeidsoppdrag utanfor høvesvis bedrifta eller den faste arbeidsstaden, og der overnatting er nødvendig på grunn av arbeidsoppdraget, skal betalast eit tillegg per time på:

• 40,90 kroner for fagarbeidar (opp frå 39,40)

• 39,11 for spesialarbeidar (37,61)

• 37,33 for hjelpearbeidar (35,83)

Persontransport med turbil

Arbeidstakarar i bedrifter som utfører persontransport med turvogn eller buss (når transporten ikkje krev tildeling av løyve ved konkurranse), skal minst ha ei lønn per time på 202,62 kroner (opp frå 194,12).

Fiskeindustrien

Arbeidstakarar i fiskeindustribedrifter skal minst ha ei lønn per time på:

• 220,03 kroner for fagarbeidarar (opp frå 213,78)

• 206,03 kroner for produksjonsarbeidarar (199,78)

Overnatting, servering og catering

Tilsette innanfor overnattings-, serverings-, cateringverksemd og liknande på land skal ha ei lønn per time på minst:

For unge arbeidstakarar:

• 16 år: 128,58 kroner (opp frå 118,08)

• 17 år: 138,08 kroner (127,58)

• 18 år: 152,34 kroner (141,84)

Begynnarlønn for arbeidstakarar over 20 år / etter fire månader praksis over 18 år: 190,79 kroner (179,94)

Ved fråtrekk i bruttolønna for innkvartering i bedrifta, gjeld følgande satsar:

• For enkeltrom: 630,83 kroner per månad (opp frå 600,79)

• For dobbeltrom: 410,30 kroner per månad (390,76)

Jordbruk og gartneri

Ferie- og innhaustingshjelp:

• Arbeidstakarar under 18 år: 124,90 kroner (opp frå 114,40)

• Over 18 år, tilsett inntil 12 veker: 144,90 kroner (134,40)

• Over 18 år, tilsett mellom 12–24 veker: 150,40 kroner (139,90)

Fast tilsette arbeidstakarar:

• Ufaglærte arbeidstakarar: 164,80 kroner (154,30)

• Arbeidstakarar under 18 år: 134,40 kroner (123,90)

Bygg

Arbeidstakarar som utfører bygningsarbeid, skal minst ha ei lønn per time på:

• For fagarbeidarar: 238,30 kroner (opp frå 230)

• For ufaglærte utan bransjeerfaring: 214,90 kroner (207,40)

• For ufaglærte med minst eitt års bransjeerfaring: 223,80 kroner (216)

• For arbeidstakarar under 18 år: 146,50 kroner (139)

Reinhald

Arbeidstakarar som utfører reinhald for bedrifter som driv sal av reinhaldstenester, skal minst ha ei lønn per time på 216,04 kroner (opp frå 204,54).

Arbeidstakarar under 18 år skal minst ha ei lønn per time på 165,05 kroner (153,55).

Elektro

Arbeidstakarar som utfører installasjon, montasje og vedlikehald av elektriske anlegg for automatisering, data, telekommunikasjon og liknande, skal ha ei lønn per time på minst:

• 242,34 kroner for faglærte som utfører fagarbeid (opp frå 234,14)

• 213,66 kroner for andre arbeidstakarar (205,46)

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse