JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flytting av statlige arbeidsplasser

Erna Jorunn gjekk på dagpengar i fem år etter at Sjøfartsdirektoratet vart flytta

Etter 29 år i Sjøfartsdirektoratet, kunne ikkje Erna Jorunn Tytingvåg flytte med då jobben hennar skulle flyttast til Haugesund. Det enda med fem år på dagpengar.
TO JOBBAR: Erna Jorunn Tytingvåg har i dag to deltidsvikariat og fortel at det var svært vanskeleg å finne ny jobb då Sjøfartsdirektoratet blei flytta ut av Oslo.

TO JOBBAR: Erna Jorunn Tytingvåg har i dag to deltidsvikariat og fortel at det var svært vanskeleg å finne ny jobb då Sjøfartsdirektoratet blei flytta ut av Oslo.

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Erna Jorunn Tytingvåg jobba i Sjøfartsdirektoratet i 29 år, før stillinga hennar skulle flyttast i forrige utflyttingsrunde. I 2009 var turen komen til hennar jobb, og ho fekk tilbod om å fortsette i jobben i Haugesund.

Grunna familie og nettverk i Oslo var det ikkje aktuelt for å ho å flytte til Haugesund:

– Det blei ei stor sorg å miste jobben eg hadde hatt i nesten 29 år. Då eg stod utan jobb i 2009 og var 58 år. Det var fem år eg aldri vil oppleve igjen.

Å ende på Nav med ei lita deltidsstilling og dagpengar var forferdeleg, fortel ho og legg til om situasjonen hennar i dag:

– No har eg to jobbar og arbeider framleis ikkje fulltid. For å vere ei voksen dame på min alder kan det røyne på å jobbe turnus og kveld. Eg har to jobbar og flyg frå det eine til det andre, seier den tidligare NTL-medlemmen som no er med i Handel og Kontor.

Ho jobbar i klesbutikk og i tillegg med billettsal for Stena Line.

Sp fosser videre og opplever ny jubelmåling

Ueinig med Norman

Tytingvåg, som jobba med saksbehandling tidlegare, fortel at det blei ekstra vanskeleg å finne seg ny jobb fordi det var mange som søkte nye jobbar i Oslo, samtidig.

– Statsråden som sto for utflyttinga, Victor Norman, meiner at utflyttinga har vore ein suksess. Kva seier du til det?

– Det var ikkje mykje vellykka. Han var på eit møte i kantina og sa då at ein jobb har ingen følelsar. Då veit ikkje eg korleis han tenkjer. Ein jobb er mennesker, om ikkje folk har følelsar, veit ikkje eg kva folk han kjenner. Det var heilt forferdelig. Om Norman syns dette har vore så fantastisk har det ikkje vore det for oss som jobba der.

– Kva tenkjer du om at det kjem ei ny runde med utflytting av statlege arbeidsplassar?

– Det er sørgelig, har dei ikkje lært noko? Vi har aukande arbeidslause, skal dei sette fleire ut i elende? Det er det som skjer.

Slik skal Sanner redde bygda

GLAD I JOBBEN: Etter å ha søkt mange stillinger fekk ho arbeid som ekstravakt på klesbutikken Alexis Mote i Oslo: - Eg får seier at trass i at eg slit å jobbar er eg lykkelg å ha den jobben eg har, fortel Tytingvåg som er kritisk til at det kjem nye runder med utflytting.

GLAD I JOBBEN: Etter å ha søkt mange stillinger fekk ho arbeid som ekstravakt på klesbutikken Alexis Mote i Oslo: - Eg får seier at trass i at eg slit å jobbar er eg lykkelg å ha den jobben eg har, fortel Tytingvåg som er kritisk til at det kjem nye runder med utflytting.

Ole Palmstrøm

– Verst for damene

– Kven var utlyttinga vanskelegast for?

– Heilt klart dei som var 50 år og eldre. Veldig mange av damene eg jobba med hadde arbeida deltid og hadde ulike permisjonar. Der stod dei med val om å ta ut AFP, trass i at dei ville gjerne jobbe lenger fordi dei ikkje hadde opptent full pensjon. Dei endte opp med nesten mindre enn minstepensjonistar. Det var mange som sleit både økonomisk og psykisk. Dei konsekvensane der har dei ikkje tenkt på. Det går mest utover damene. Det var ikkje alle der som hadde høgare utdanning, dei hadde begynt unge og gått gradene. Eg erfarte at det var ingen som ville ha ei dame på over 50 år, sjølv om eg syns dei er dei mest stabile.

– Kva burde vore gjort annaleis?

– Det skulle ha vore meir individuell behandling av folk. Dei kunne ha fått venteløn slik at dei kunne ha klart seg bedre. Ei mista mannen sin og kom fryktelig dårleg ut. Ein del slike skjebnar kunne dei ha hjulpe bedre. Juristar og ingeniørar på rundt 40 blei headhunta. Vi vanlege, var det ingen som brydde seg så mykje om.

Kvinner i DNB tapar løn når dei får barn. Det vil ho ha slutt på

Kritisk til ny utflytting

Erna Jorun Tytingvåg har dette bodskapet til dei tre partia som vil flytte ut fleire statlege arbeidsplassar:

– La folk få fred og behalde arbeidsplassane sine, det vil vere det beste. Utflyttinga har ført noko godt med seg når det har blitt arbeidsplassar andre stadar, det skjønar eg. Men det må kunne gå an å løyse dette på ein annan måte. Eg syns det var kjempetrist. Eg får seie at trass i at eg slit og jobbar, er eg lukkeleg over å ha den jobben eg har.

Les mer:

– Rykker familier og fagmiljøer opp med rota
Victor Norman: – Utflytting nødvendig for Norge
– Å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, handlar om politikk i eit valgår
Flytting av statlege arbeidsplassar for støtte til kommunereform

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse