Flytting av statlege arbeidsplassar
Victor Norman: – Utflytting nødvendig for Norge
Professor og tidligare minister Victor Normann meiner det må fleire utflyttingar til for å skape vekst i distrikta.
Samfunnsøkonom og høyrepolitiker Victor Normanhar hausta både ris og ros for forrige runde med flytting av statlege arbeidsplassar
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
Victor Norman var arkitekten då arbeidet med å flytte ut rundt 900 statlege arbeidsplassar starta i 2003. Norman er ein anerkjent økonomiprofessor og forskar som har hausta mykje ris og ros for utflyttinga.
Den tidlegare Arbeids- og administrasjonsministeren meiner at det han starta i 2003 bør fortsettast:
– Eg meiner generelt at det burde vere fleire statlege arbeidsplassar rundt om i landet enn det er. Eit kvart forsøk på å få til det er av det gode. Den eine grunnen er at staten treng kompetanse i heile landet. Det er veldig mykje kompetanse utanfor Oslo. Det andre er at presset i Oslo-området som staten bidreg til er så stort, at vi er tent med å redusere presset litt, seier Norman.
– Meir uavhengig
– Kva er fordelane for samfunnet med statleg utflytting?
– Fordelen med flyttinga av tilsyn var at dei kom på litt avstand frå politikarane. Tilsyn skal vere uavhengige. At dei kom lengre vekk frå både politikarar og interesseorganisasjonar, trur eg gjorde at dei blei reelt meir uavhengige. Det andre er at dei fekk lettare for å rekruttere nye folk. I Oslo var jobbane i tilsyna ganske langt ned på ønskelista blant folk som ønska jobb i staten. Dei kom lenger opp på ønskelista ellers i landet. Det hjalp på rekruttering og på uavhengigheita, seier han og understrekar:
– Det var ein del argument som talte i mot, blant anna at tilsyna ville miste ein del gode folk som jobba der. I overgangsfasen var det både kostnadar og fordelar. I det lange løp hjalp det både på rekruttering og på uavhengigheit.
• Slik skal Sanner redde bygda
Få nye utanfor
– Blant andre NTL er for å opprette nye arbeidsplassar utanfor Oslo, men vil ikkje flytte eksisterande?
– Det er eit synspunkt eg kan ha stor sans for. Problemet er berre at dei nye arbeidsplassan heller ikkje blir etablert utanfor Oslo. Om det var slik at dei nye arbeidsplassane blei etablert utanfor Oslo, ville dette for så vidt vere greit. Men, kvar gong ei nye einig skal etablerast, er det alltid hundre gode grunnar korfor den skal ligge i Oslo eller maksimalt på Kløfta. Heile embetsverket, heile det politiske Norge og Medie-Norge samlar argument korfor ting skal ligge i Oslo. Difor er det nesten endå vanskelegare å få ei ny eining utanfor Oslo, enn å få flytta gamle arbeidsplassar, seier den pensjonerte professoren.
• NSB leverer solid overskudd fra virksomheter som skal skilles ut
– God samfunnsøkonomi
– Kva med menneskelege hensyn som at det er vanskeleg for ektefelle eller partner å finne ny jobb etter flytting?
– Eg ser heilt klart alle desse argumenta som taler for at det er nye arbeidsplassar og ikkje gamle som blei lagt utanfor Oslo. Men, det hensynet må vegast opp i mot at ein treng å trekke på kompetansebasen i heile landet om ein skal få landet til å fungere. Då må ein ta vanskelege valg. Ein må behandle dei som ikke kan flytte på ein skikkelig måte. Det gjorde vi den gongen. Vi må huske at det trass alt er lettare å finne ein ny jobb i Oslo enn det er å finne ein ny jobb i Stavanger eller Leikanger. Staten tek godt vare på sine tilsette generelt.
– Kva tenkjer du om samfunnsøkonomi og flytting?
– I det overordna samfunnsøkonomiske perspektivet må vi ha med at om ikkje resten av Norge fungerar godt, hjelper det ikkje at Oslo fungerar godt. Samfunnsøkonomien i Norge er avhengige at resten av Norge går godt, om ikkje blir resten av landet ein sosialklient som Oslo må bære på sine skuldre. Det er ingen tent med, seier professor Norman.
Les mer:
• Erna Jorunn gjekk på dagpengar i fem år etter at Sjøfartsdirektoratet vart flytta
• – Rykker familier og fagmiljøer opp med rota
• – Å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, handlar om politikk i eit valgår
• Flytting av statlege arbeidsplassar for støtte til kommunereform
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.