JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Eirik Nilsen frikjent for å ha skjult flyktningar

Eirik Nilsen gav skyss til ei gravid kvinne og flyktning som stod ute minus 30. No er han frikjent for å ulovlig ha hjulpe og skjult flyktningar: – Eg er veldig letta, eg slepp fengsel og rettferda har sigra.
FRIKJEND: Eirik Nilsen vart skulde for å ha vore med på menneskesmugling. No er han frikjend.

FRIKJEND: Eirik Nilsen vart skulde for å ha vore med på menneskesmugling. No er han frikjend.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

– Eg såg ein mann og ei kvinne som stod ute å fraus, då stoppa eg og spurte om dei trengte hjelp. Eg plukka dei opp og kjørte dei til Kirkenes, fortel Eirik Nilsen om den kalde og hustrige vinterdagen ved Storskog i Finnmark. Dagen endte med at han blei tatt av politiet, sendt på glattcelle og skulda for å ha vore med på menneskesmugling.

Veldig glad

Nilsen er letta over at han no er frikjend:

– Eg er overlukkeleg fordi no er eg kanskje endeleg ferdig med denne saka og rettferda har vunne. Eg har ikkje sett noko anna løysing enn at eg skal bli frikjent. Eg er ein glad mann, fortel Nilsen.

SJÅ VIDEO:

Les portrettintervjuet med Eirik Nilsen

Vil fortsette å hjelpe flyktningar

Nilsen var nestleiar ved Sydvaranger gruve fram til den blei nedlagt i 2015. Han er aktiv i organisasjonen Refugees Welcome to the Arctic og vant Rallarprisen for sitt engasjement. Han reiser ved jamne mellomrom til Hellas for å hjelpe flyktningar.

– Kva betyr frifinninga for deg?

– Det betyr veldig mykje for meg, at eg ikkje har ein dom på meg. Det viktige med denne sake er presedensen den vil sette og konsekvensane den vil få for andre som vil hjelpe flyktningar. Domen betyr at vi kan fortsette å bry oss og gjere det som fell oss naturleg inn. Det er å hjelpe personar i nød, fortel Nilsen. Han har heile tida vore klar på at han heller ville gå i fengsel enn å betale bota han fekk i januar 2016. Engasjementet har ikkje blitt mindre etter at han no er frikjent:

– Eg kjem til å forsette å gjøre det eg kan og hjelpe folk i nød, i tråd med samvitet mitt. Eg lar aldri nokon stå ute i minus 30 grader å fryse. Det gjer eg berre ikkje. Eg vil fortsette, uansett, fortel Nilsen som no har utdanna seg til yrkesdykkar.

Desse yrka gjekk mest opp i løn

Blei drapstura

Nilsen fekk eit brev i posten der han blei trua med nakkeskot for å hjulpe flyktningane, eter at engasjementet hans blei kjent. I brevet stod det: «Fine skylapper du har Erik Nilsen lever du i ei boble, du er sosialistisk avskum av verste merke du vil ha muslim skitten til Norge. Snart banker jeg på døra di og du er ute av folkeregisteret med et nakke skudd, du som dyrker disse muslimene med hud og hår. SNART ER TOGET GÅTT». Nilsen fortel at han blei satt ut av brevet, men at han ikkje kjem til å la seg styre av frykt. Rettssaka mot Nilsen har fått stor merksemd i norske medier. Ei lignande sak i Danmark har fått internasjonal merksemd. Danmark sin tidligare barneombod Lisbeth Zorning blei dømt til å betale over 22.000 danske kroner for menneskesmugling. Ho og mannen plukka opp ein syrisk familie i vegkanten som dei gav te, kjeks, overnatting og kjørte til ein togstasjon.

Sjekk kva 27 yrkesgrupper som fekk mindre løn i fjor

Kritisk høgsterettsadvokat

Brynjulf Risnes har møterett i høgsterett og er forsvararen til Eirik Nilsen. Risnes jobba tidligare i Finansdepartementet og som forskar ved NUPI. Han er ein av landets fremste juridiske ekspertar på asylrett og har ført saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Risnes meiner politiet og norske myndigheiter har misbrukt lovene i saka mot Nilsen:

– Det myndigheitene har misforstått her er det at regelverket mot å hjelpe flyktningar er retta mot menneskehandlarar. Dei som transporterer og skjuler flyktningar for å tene pengar. Heile det internasjonale regelverket bygger på at menneskesmugling er eit stort problem og bidreg til å svekke asylsystemet, seier han og legg til:

– Ein har aldri tenkt å ramme frivillige og hjelpeorganisasjonar som driv på humanitært grunnlag opp i mot flyktningar. Sjølv om det skulle ha innverknad på asylsøkarane sin formelle status frå tid til annan.

Arbeidsløysa gjekk ned i juni

Fekk opphald

Dei to asylsøkarane som Nilsen kjørte fekk asyl og opphald i Norge. Det kom over 5000 asylsøkarar over grensa frå Russland i denne perioda. Risnes støttar retten i at Nilsen ikkje gjorde noko ulovleg:

– Det Eirik Nilsen gjorde påverka ikkje desse to sin lagnad uansett. Dei skulle ikkje sendast ut denne dagen. Det var også umulig å uttransportere dei fordi Russland hadde stengt grensa. Desse to hadde heller ikkje ulovleg opphald, dei hadde akkurat fått vedtaket og kunne klage på det. Ein kan ikkje seie at nokon har ulovleg opphald og kan straffast for det før dei har fått ein reell sjanse til å kome seg ut av landet. Det hadde dei ikkje, seier han og legg til:

– Eg håpar saka til Eirik Nilsen kjem opp i Høgsterett. Denne saka bør prøvast der for å få ei prinsipiell avklaring rundt dette. Eg fører denne saka meir enn gjerne for høgsterett, seier forsvaraen med eit smil. Risnes forsvarte Eirik Nilsen gratis.

DOMMEN: Eirik Nilsen gjorde ikkje noko ulovleg då han ga skyss til flyktningar ein vinterdag ved Storskog.

DOMMEN: Eirik Nilsen gjorde ikkje noko ulovleg då han ga skyss til flyktningar ein vinterdag ved Storskog.

Øystein Windstad

LES OGSÅ: Arbeidsmandsforbundet gjev 40.000 til syriske flyktningar

LES OGSÅ: Eirik Nilsen foreslått som årets godhetyrann

LES OGSÅ: Eirik Nilsen til val for eit anstending arbeidsliv

Fakta om Eirik Nilsen

• 49 år og aktiv i Refugees Welcome to the Arctic.

• Var tidligare klubbnestleiar i Sydvaranger gruve.

• Medlem av Arbeidsmandsforbundet og vant Rallarprisen i 2016.

• Blei tilatla og frikjent for menneskesmugling etter at han kjørte to syriske asylsøkarar.

• Jobbar som frivillig med med flyktningar i Hellas.

Dette er en sak fra

Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Fakta om Eirik Nilsen

• 49 år og aktiv i Refugees Welcome to the Arctic.

• Var tidligare klubbnestleiar i Sydvaranger gruve.

• Medlem av Arbeidsmandsforbundet og vant Rallarprisen i 2016.

• Blei tilatla og frikjent for menneskesmugling etter at han kjørte to syriske asylsøkarar.

• Jobbar som frivillig med med flyktningar i Hellas.