Fryktar at NSB stiller med fotlenke i konkurransen
Pensjonsbombe kan knekke NSB-verkstad
NSB risikerar å betale pensjonane til folk som jobbar i konkurrerande selskap: – Dette er heilt forkasteleg og vil jo knekke NSB sin evne til å vinne anbod, seier verkstadarbeidarar som går til politisk streik.
OPPVARMING: Bjørn Halvorsen, forbundsstyremedlem i Norsk Tjenestemannslag, fikk opp stemningen blant de streikende Mantena-ansatte foran Stortinget 3. november.
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
Til neste år blir store delar av norsk jarnbane satt ut på anbod og fleire selskap skal konkurrere om å frakte passasjerar. Blant andre verkstadarbeidarane i NSB er svært opprørte og meiner at dei stiller med ein fotlenke rundt ankelen på startstreken i konkurransen:
– Slik det ser ut no må vi betale delar av pensjonen til arbeidarar som går over i andre konkurrerande selskap, og det er jo heilt forkasteleg. Dette må regjeringa gripe fatt i, seier Petter Trønnes som er hovedtillitsvald i Maneta AS.
Mantena driv med blant anna verkstad og reparasjon av NSB sine tog. Når NSB går ut av Statens pensjonskasse vil Mantena få ei ekstra pensjonsregning på 500 millionar kroner. Dei selskapa som NSB skal konkurrere mot har ikkje desse pensjonsutgiftene.
• Pensjonsbombe kan knekke NSB
Krev at regjeringa betalar pensjonsutgiftene
NSB kan også havne i den situasjonen at dei må betale delar av pensjonsutgiter til arbeidarar som jobbar i andre selskap, om NSB taper eit anbod. Fleire av dei som jobbar i NSB vil starte å jobbe i det nye selskapet som vann anbodet. Men, slik situasjonen er no, risikerar NSB å måtte betale pensjonsutgiftene for dei arbeidarane som går over til konkurrerande selskap:
– Og det blir dyre kostnadar for NSB og Mantena for dei som blir virksomhetsoverdratt. Dette er noko vi meiner heilt klart at staten må dekke. Om regjeringa meiner alvor at vi skal konkurrere på lik linje, må dei ta konsekvensene av at vi har vore ei statsbedrift i over hundre år. Det tek dei ikkje konsekvensane av i dag, seier Trønnes og legg til:
– Regjeringa må kome med nok pengar, slik at NSB sine forpliktelser i Statens pensjonskasse blir sletta. Dette skjedde då Posten gjekk ut av Statens pensjonskasse. Då fekk dei sletta all si pensjonsgjeld. Det gjer dei ikkje denne gongen, og eg skjønar ikkje korfor.
• Ap meiner regjeringa må ta ansvar for NSB-pensjonar
Politisk streik utanfor Stortinget
I dag jobbar det rundt 1000 i Mantena. Halvparten av desse er over 55 år, og her vil Mantena få ei ny stor pensjonsutgift på ein halv milliard kroner. Mantena må kjøpe privat AFP for dei som er over 55 år og dette vil altså koste 500 millioner kroner. Totalt sett blir Mantena sittande med ein milliard i pensjonsutgifter som konkurrentane ikkje har. Jernbanens verkstedarbeideres landsråd er sterkt kritisk til at NSB kan få det dei ser på som ein fotlenke i anbodskonkurransen, og går til politisk streik. Verkstadarbeidarane vil ha markering foran Stortinget torsdag 3. november mellom kl 11:00 og 11:45:
– Vi går ikkje til politisk streik med lett hjarte. Vi har prøvd å få dei i tale via felles brev sendt av LO Stat og arbeidsgjevarane i Spekter. Vi har hatt Solvik-Olsen i tale på vårt landsmøte i forrige veke. Dei lover at dei skal sjå på det. Vi har ikkje tid til at dei skal berre sjå på det, konkurranseutsettinga skjer om få månader og bedriften må vite kva dei har å forholde seg til før strekningane blir lagt ut på anbod, seier Petter Trønnes, hovudtillitsvald i Mantena AS.
• Høgre meiner pensjonane er uvesentlege i anbod
Regjeringa ser på saka
I slutten av august kom regjeringa med ei tilbakemelding på spørsmålet rundt NSB og pensjon. Det har ikkje kome noko avklaringar så langt, men i brevet frå Samferdselsministeren blir det lagt vekt på like vilkår for NSB i konkurransen: «Samferdselsdepartementet legger vekt på at NSB skal ha rammebetingelser som legger til rette for at konsernet kan være konkurransedyktig i en reformert jernbanesektor, og at de ansatte ivaretas på en god måte».
Vidare skreiv minister Solvik-Olsen at departementet jobbar med å avklare med EFTAs overvåkingsorgan ESA, kva som er «lovleg statsstøtte». Det må dei gjere før staten som eigar kan ta stilling til «de finansielle rammebetingelsene». I brevet som blei sendt 26. august stod det at det kan ta fleire månader å få avklart dette og at departementet prioriterar dette arbeidet. LO Media ventar på tilbakemelding frå Samferdselsdepartementet på våre spørsmål rundt NSB og kven som skal betale for pensjonane.
• Lokførerne: – Dette må betraktes som en seier
Dette er saka:
• Den borgerlege regjeringa si konkurranseutsetting av jarnbanen skaper pensjonstrøbbel.
• NSB risikerar å betale pensjonane til arbeidarar som går over til andre selskap, om NSB taper anbod.
• NSB-konsernet med datterselskaper har inntil 4 milliardar kroner i pensjonsforpliktingar ovarfor dei tilsette.
• Jernbaneforbundet og Arbeiderpartiet meiner at NSB vil tape i konkurransen om selskapet sjølv må betale pensjonskostnadane.
• Regjeringa vurderer nå hvem som skal ta kostnadane.
• LO Stat og Spekter har sendt brev Samferdselsdepartementet og Statsministerens kontor der dei ber om ei avklaring på kven som skal betale.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.
Flere saker
Dette er saka:
• Den borgerlege regjeringa si konkurranseutsetting av jarnbanen skaper pensjonstrøbbel.
• NSB risikerar å betale pensjonane til arbeidarar som går over til andre selskap, om NSB taper anbod.
• NSB-konsernet med datterselskaper har inntil 4 milliardar kroner i pensjonsforpliktingar ovarfor dei tilsette.
• Jernbaneforbundet og Arbeiderpartiet meiner at NSB vil tape i konkurransen om selskapet sjølv må betale pensjonskostnadane.
• Regjeringa vurderer nå hvem som skal ta kostnadane.
• LO Stat og Spekter har sendt brev Samferdselsdepartementet og Statsministerens kontor der dei ber om ei avklaring på kven som skal betale.