Arbeidsfolk taper 280 millionar kroner på kutt i køyregodtgjeringa
Arbeidstakarar taper store summar på statens nye satsar i kilometergodtgjeringa ved bruk av eigen bil i jobb.
Illustrasjonsfoto.
Colourbox.com
tormod@lomedia.no
Tal FriFagbevegelse.no har henta inn frå Skatteetaten viser at arbeidsfolk som køyrer eigen bil i jobbsamanheng kan tape opp til 280 millionar kroner i køyregodtgjering om dei køyrer like mange kilometer som i fjor. Tek vi med den nye skatten for å køyre eigen bil i jobb, blir beløpet som forsvinn heile 450 millionar kroner.
Slik er den nye kilometergodtgjeringa
22. juni trådde nye reglar for godtgjering for bruk av eigen bil i jobben i kraft, etter brot i forhandlingane og ei avgjerd frå ei særskild tvistenemnd. Avtala gjeld for tilsette i staten, men også dei fleste tilsette i kommunane og privat sektor følger satsane i avtala.
Kilometergodtgjeringa vart kutta frå 4,10 kroner til 3,90 kroner per kilometer. Det er eit kutt på fem prosent.
Dei som køyrer elbil fekk tidlegare ein ekstra god kompensasjon på 4,20 kroner per kilometer, men denne er no fjerna. Det er eit kutt på 7 prosent av den originale summen.
• Nå blir det dyrere å bruke egen bil i jobben. Her er de nye satsene for jobbreiser
Taper 277 millionar
FriFagbevegelse.no har henta inn tal frå Skatteetaten og A-meldinga der arbeidsgivar rapporterer inn tal for kilometergodtgjering. Tala viser at:
• Arbeidsgivarane utbetalte omtrent 5,5 milliardar kroner i kilometergodtgjering til omtrent 732.000 arbeidstakarar i fjor.
• Til elbil-sjåførane, utbetalte arbeidsgivarane omtrent 103 millionar kroner i kilometergodtgjering til omtrent 21.000 arbeidstakarar.
Tek vi høgde for kuttet i kilometergodtgjering, taper arbeidsfolk som køyrer eigen bil i jobben omtrent 277 millionar kroner:
• Arbeidstakarane som køyrer «vanleg» bil taper omtrent 270 millionar kroner i kilometergodtgjering.
• Arbeidstakarane som køyrer elbil taper omtrent 7,5 millionar kroner.
• I gjennomsnitt taper kvar arbeidstakar 368 kroner i året, men det kan vere store variasjonar mellom ulike arbeidstakarar og yrkesgrupper.
• Du må skatte av bonuspoeng på jobbreiser. Se lista over nye skatteregler
Taper 172 millionar med ny skatt
Før 2016 var denne kilometergodtgjeringa skattefri, men i 2015 bestemte staten at det skulle innførast skatt på køyregodtgjeringa.
I 2017 vart den skattefrie satsen senka til 3,50 kroner per kilometer. Det betyr at du no må skatte av 40 øre per kilometer som vanleg inntekt. Det er 10 prosent av beløpet.
Om vi tek høgde for at kilometersatsane er senka, måtte ein altså skatta av omtrent 549 millionar kroner som vanleg inntekt.
Med ein gjennomsnittleg løn og det vanlegaste tabelltrekket, blir 31 prosent av beløpet trekt i skatt. Dermed går omtrent 172 millionar kroner av kilometergodtgjeringa bort i skatt.
Med dei tidlegare kilometersatsane og skattereglane ville altså arbeidsfolk som køyrer bil i jobben til saman fått omtrent 450 millionar kroner meir i køyregodtgjering.
• Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt
Unntak for dei som køyrer langt
Eit atterhald til rekneeksempelet er at statens nye satskilometergodtgjering har auka for dei som køyrer over 10.000 kilometer. Skatteetaten samlar ikkje inn informasjon om kor mange dette gjeld.
I deira tilfelle har kilometergodtgjeringa gått opp frå 3,45 kroner til 3,90 kroner. Dei har altså fått ein auke på 45 øre per kilometer i skattefri godtgjering.
Forvirring om passasjertillegg
I tillegg kjem forvirringa rundt passasjertillegget. I den nye særavtala mellom dei tilsette i staten og staten, er presiseringa om at ein skal få 1 krone per passasjer fjerna. Det kan tolkast som at ein får 1 krone per kilometer uansett kva talet passasjerar er.
Difi, direktoratet for forvaltning og ikt, har opplyst til FriFagbevegelse.no at arbeidstakarar og arbeidsgivarar må forholde seg til denne endringa. LO Stat er derimot ueinig og meiner denne endringa ikkje gjeld, og at det framleis er 1 per arbeidstakar, sidan det aldri har vore ueinigheit mellom partane om dette punktet.
Ifølge tala frå Skatteetaten vart det utbetalt omtrent 198 millionar kroner i passasjertillegg til omtrent 264.000 arbeidstakarar i fjor. Skatteetaten har ikkje informasjon om kor mange passasjerar som var med på kvar enkelt reise, men tala viser at det er snakk om store summar.
• Køyrer du bil i jobben? No kan du få mindre pengar om kollegaene sit på
Dette er dei nye reglane
Satsene gjeld frå 22. juni 2018 til og med 31. desember 2019.
«Paragraf 6 Bruk av egen bil
1. Det skal innhentes godkjenning fra arbeidsgiver dersom egen bil, herunder el-bil, skal benyttes som transportmiddel på reisen.
2. Satsen for kilometergodtgjørelse er: kr 3,90 pr. km
3. I tillegg til kilometergodtgjørelsen i pkt. 2 gis:
a. Kr 1,00 pr. km for kjøring på skogs- og anleggsveier.
b. Kr 1,00 pr. km når det er nødvendig med tilhenger for å bringe med utstyr og materiell som på grunn av sin vekt og beskaffenhet ikke er naturlig å plassere i bagasjerom eller på takgrind.
c. Kr 1,00 pr. km når det tas med arbeidstakere på oppdrag i bilen.»
Kjelde: Protokollen frå tvistenemnda og Statens personalhandbok 2018.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.
Flere saker
Dette er dei nye reglane
Satsene gjeld frå 22. juni 2018 til og med 31. desember 2019.
«Paragraf 6 Bruk av egen bil
1. Det skal innhentes godkjenning fra arbeidsgiver dersom egen bil, herunder el-bil, skal benyttes som transportmiddel på reisen.
2. Satsen for kilometergodtgjørelse er: kr 3,90 pr. km
3. I tillegg til kilometergodtgjørelsen i pkt. 2 gis:
a. Kr 1,00 pr. km for kjøring på skogs- og anleggsveier.
b. Kr 1,00 pr. km når det er nødvendig med tilhenger for å bringe med utstyr og materiell som på grunn av sin vekt og beskaffenhet ikke er naturlig å plassere i bagasjerom eller på takgrind.
c. Kr 1,00 pr. km når det tas med arbeidstakere på oppdrag i bilen.»
Kjelde: Protokollen frå tvistenemnda og Statens personalhandbok 2018.