JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Aleksander Østhagen (t.h.) og Bjørnar Linnerud (t.v.) er montør og sørvisteknikarar i Stannah.

Aleksander Østhagen (t.h.) og Bjørnar Linnerud (t.v.) er montør og sørvisteknikarar i Stannah.

Tormod Ytrehus

Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

– Dei viser oss fingaren når dei tek frå oss halvparten av godtgjeringa, seier dei to montørane.

11.01.2018
12:32
21.08.2023 17:14

tormod.ytrehus@lomedia.no

helge.birkelund@lomedia.no

Regjeringas nye diettskatt gir ein skatteauke for mange arbeidsfolk.

Skatteauken kan bli så stor som 29.000 kroner årleg for montør- og sørvisteknikarane Bjørnar Linnerud og Aleksander Østhagen.

Dei er to av dei som blir ramma av den nye diettskatten regjeringspartia Høgre og FrP kom opp med i budsjettforliket med Venstre og KrF, for å hente inn 212 millionar til statskassa. Dei er óg to av dei 500 000 skattebetalarane som fekk innberetta skattefri kostgodgjering i 2016.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Reiser kvar dag

Dei reiser så godt som kvar arbeidsdag, året rundt. Arbeidsstaden er fylka Oslo og Akershus, Østfold og Hedmark, kor dei installerer og driv sørvis på heisar. Som regel ringer dei kontoret frå bilen klokka åtte og spør kor dei skal. Dei får sjeldan melding om kor dei skal arbeide tidlegare enn dagen før dei reiser.

Begge jobbar for bedriften Stannah og er medlemmer i EL og IT Forbundet.

Dei har ikkje tilgang på garderobe eller spiserom og veit ingenting om toalettforholda før dei er på plass der jobban skal gjerast.

– Vi må sitte i trappa når vi skal ete og gå på offentlege toalett, seier Bjørnar, som har sett på dietten som ei godtgjering for ein ubekvem arbeidssituasjon.

Et i trappa

Frifagbevegelse.no treffer dei i ei trapp på Sandbakken barne- og ungdomsskole i Sarpsborg, kor dei driv sørvis på ein heis. Medan dei pratar går skuleelevane ned og opp trappa, kor dei to teknikarane må ta lønsjen om dei ikkje vil sitte i bilen. Ute i skulegarden regnar det.

Fram til no har dei dagleg fått ei skattefri kostgodtgjering på 289 kroner for å vere på reise, sidan arbeidsplassen deires følger dagdiettsatsane i statens reiseregulativ.

– Det har gjort noko med motivasjonen og fått oss til å strekke oss litt lenger.

Burde det finnes en sykmelding for sorg?

(Artikkelen held fram under bildet.)

- Vi besøker ein del heimar kor ein ikkje vil ete eller gå på do. Har du sett «Extreme Hoarders»? spør Bjørnar Linnerud (t.h), og viser til at dei sanitære forholda ikkje alltid er like bra i privatbustadane dei jobbar i. Aleksander Østhagen til venstre.

Tapar 29.000 kroner

No har Bjørnar og Aleksander fått melding frå arbeidsgivarane om at diettpengane skal skattleggast med 44 prosent frå og med nyttår. Med 228 arbeidsdagar i 2018, betyr det at dei tapar nærmare 29.000 kroner i året på den nye diettskatten.

– Dei viser oss fingaren når dei tek frå oss halvparten av godtgjeringa. Det er frustrerande at politikarane bruker eit gode vi set pris på for å hente inn pengar, seier Aleksander og siktar til at skatten er ei saldering av statsbudsjettet.

Etter budsjettforliket har det vore mykje uvisse rundt korleis dietten skal skattleggast. I Skatteetatens forskotsutskriving 22. desember, kom det meir informasjon om korleis skattlegginga skjer i 2018.

I meldinga heiter det at dietten berre er skattefri når ein er på yrkesreise og har meirkostnadar til mat. Med «meirkostnadar», meiner Skatteetaten utgiftar som er større enn normale kostnadar til mat, slik som ved kjøp av mat frå kantine eller matbutikk.

På ett punkt kan den nye diettskatten slå skeivt ut

Føreseielegheit

Føreseielegheita ved arbeidet og kor det skjer er, ifølge Skatteetaten, avgjerande for om arbeidstakarane har «meirkostnadar». Føreseielegheita er avhengig av om reisa er regelmessig eller ikkje.

Som eksempel, bruker Skatteetaten handverkarar og seljarar, som reiser regelmessig og ikkje har krav på trekkfri kostgodtgjering.

– Ja, vi kan til ein viss grad planlegge måltida våre, ta med oss matpakke og satse på å sitte i bilen. Men vi veit aldri korleis vi skal arbeide – føreseielegheita er ikkje stor, seier Bjørnar.

– Vi har sett på dei skattefrie diettpengane som ei godtgjering for ein ubekvem arbeidssituasjon. Vi sit ikkje på eit kontor, og kan ikkje hente oss ein kaffe frå kaffemaskina eller gå på eit tilsettetoalett.

– Det handlar også om hygiene. Nokre gongar er toaletta som er tilgjengeleg så ille at vi må leite etter nærmaste bensinstasjon, legg Aleksander til.

Disse yrkene får trene i arbeidstiden

(Artikkelen held fram under bildet.)

- Vi reiser så godt som kvar dag. Det kan vere at vi ryddar på lageret eller liknande eit par dagar i året – når det er roleg, for eksempel i fellesferien, seier Bjørnar Linnerud (t.h.). Han og Aleksander Østhagen (t.v.) er montørar og sørvisteknikarar og må ofte ta lønsjen i bilen.

Arbeidsgivar har ansvaret

Men sjølv om etaten slår fast at handverkarar og seljarar ikkje skal ha skattefri kostgodtgjering, er det arbeidsgivar som må vurdere om arbeidssituasjonen er føreutseieleg og reisene regelmessige.

– Arbeidsgivar har ansvar for å bestemme om dietten er skattepliktig eller ikkje på utbetalingstidspunktet, så arbeidsgivar og tilsette må bli einige i forkant, seier Espen Øren, rådgivar i Infotjenester. Han har granska dei nye bestemmingane om diettskatten.

– Det kjem nok til å bli ein del ulike vurderingar rundt om i Norge, spår han.

Skatteetaten har også presisert at det avgjerande for skattefritak, er regelmessigheita og ikkje hyppigheita ved reiseverksemda.

– Men ein kan framleis klage på likninga si, sånn at dietten blir gjort om til skattefri inntekt om Skatteetaten er einig i at reisa er uregelmessig, legg han til.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Auka løn?

Øren seier regelverket no er tilbake til sånn det var før 2015, då ein ikkje fekk diett om ein reiste regelmessig.

– Seljarane og sørvisteknikarane har fått skattefri diett i 2016 og 2017, men må no begynne å skatte igjen, seier Øren, som fortel at mange av arbeidsgivarane Infotjenester rådgir no leitar etter måtar å kompensere dei tilsette på og at nokre av arbeidsgivarane vil dekke skatten gjennom lønstillegg.

– Vi meiner det burde vore meir objektive vilkår i dei nye skattereglane. Då hadde det blitt meir likebehandling, og det hadde blitt enklare å programmere reiserekningar.

– Skal ikkje tape eller tene på reise

Finanspolitikar i FrP, Helge Andre Njåstad, poengterer at dietten berre skal dekke meirkostnaden ein har i samband med jobbreiser.

– Ingen på hybel utan kokemoglegheiter mistar frådraget, seier Helge Andre Njåstad til frifagbevegelse.no.

– Men frå nyttår blir ein skattlagt for diett etter budsjettforliket?

– Ja, men ikkje av meirkostnaden. Du blir ikkje skattlagt av dokumenterte meirkostnader ved å være på reise. Du betaler skatt av det som overgår det som du ville brukt på mat heime. Om du får dekka meir enn meirkostnadene er det ein fordel og blir rekna som løn. Då skal det skattleggast, svarer Helge Andre Njåstad.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Helge Andre Njåstad, Frp sin fraksjonsleiar i finanskomiteen.

Helge Andre Njåstad, Frp sin fraksjonsleiar i finanskomiteen.

Bjørn Inge Bergestuen / Frp / Pressebilde

Han poengterer at regulativet og meirkostnad er to forskjellige ting.

– Det som er utover meirkostnaden av å vere ute på reise. Er du heime må du ha mat. Er du på reise er det dyrare å kjøpe mat og det er derfor skattefritt. Men det skal ikkje løne seg, og ingen skal tape på, å vere på reise i jobb og ete utanfor heimen, presiserer Njåstad.

– Har du hatt meir i diett enn du har brukt på mat, har du hatt ein fordel som vi no har ordna opp i. Då blir det sett på som løn. Men meirkostnadane dine for at du ikkje kan spise heime, skal ikkje skattleggast, forklarer han.

Kva beløp som blir sett på som meirkostnad, er det Finansdepartementet som har fastsette.

Nå blir det nye skatteregler for alle ansatte som mottar matpenger på reise. Se tallene her

Statens reiseregulativ

Etter statens reiseregulativ får tilsette dekka utgiftar til måltid under reiser kor du er over 15 kilometer frå arbeidsplassen og vekke over 6 timar.

• For reiser som varer frå 6 timar til og med 12 timar, får ein 289 kroner i diett.

• For reiser som varer over 12 timar, får ein 537 kroner i diett.

Ein treng ikkje å dokumenter utgiftane.

Statens reiseregulativ er ein særavtale som er forhandla fram mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, men blir også brukt av ei rekke private verksemder.

Dette må du skatte av om du er innanfor statens reiseregulativ

Satsane for den skattefrie døgndietten er vesentleg nedjustert samanlikna med satsane i reiseregulativet.

TORMOD YTREHUS

tormod.ytrehus@lomedia.no

Skattedirektoratet og Finansdepartementet har sette nye satsar for skattefri døgndiett – godtgjeringa du får under uregelmessig reise med overnatting. Dei er vesentleg nedjustert frå satsane i statens reiseregulativ.

Satsane for skattefri dagdiett – godtgjering under uregelmessig reise på dagtid – følger derimot satsane i statens reiseregulativ.

Ei ny særavtale for reiser skulle eigentleg blitt forhandla fram i fjor, men trekte ut. Forhandlingane skal no bli ferdige på nyåret 2018, og det er knytt spenning til kva resultatet blir.

Har du rett på skattefri dagdiett etter statens reiseregulativ treng du altså ikkje betale skatt av godtgjeringa. Har du derimot rett på skattefri døgndiett etter statens reiseregulativ, må du betale skatt – åkke som.

Dette må du skatte av

Skatteetaten opplyser at satsane for trekkfri døgndiett er justert etter konsumprisindeksen. Dei er redusert med ytterlegare 150 kroner, i tråd med Stortingets saldering av statsbudsjettet.

Det betyr at du må skatte av døgndietten om arbeidsgivaren din følger statens reiseregulativ, sjølv om reisa di er uregelmessig.

Følger arbeidsplassen din statens reiseregulativ er dietten 733 kroner. Dette blir dermed summane du må skatte av:

• Den skattefrie satsen for overnatting på hybel eller brakke med «kokemoglegheit», eller privat innkvartering, forsvinn heilt. Det betyr at du må skatte av heile summen på 733 kroner.

* For at husværet ikkje skal ha «kokemoglegheiter», må det av hygeniske forhold ikkje vere forsvarleg å oppbevare eller lage mat.

• Den nye skattefrie satsen for overnatting på pensjonat, hybel eller brakke utan kokemoglegheiter er 159 kroner. Du må dermed skatte av 574 kroner.

• Den nye skattefrie satsen for overnatting på hotell med frokost er 455 kroner. Du må då skatte av 278 kroner.

• Den skattefrie satsen for overnatting på hotell utan frokost er 569 kroner. Du må då skatte av 164 kroner.

Utlandet: Reiser du til utlandet og bur i husvære med kokemoglegheiter må du skatte av heile summen. Har du derimot kokemoglegheiter, må du skatte av summen over satsen på 159 kroner. Bur du på hotell slepp du heile skatten. Satsane er ulike for ulike land: Bur du på hotell i for eksempel Venezuela, sit du igjen med 1600 kroner i skattefri diett.

* Om du får dekka eitt eller fleire måltid blir den trekkfrie godtgjeringa redusert med 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.

Dette må du skatte av om du er innanfor Landsoverenskomsten for elektrofaga

– Den nye skatten fører til eit enormt byråkrati, seier EL og IT Forbundet.

TORMOD YTREHUS

tormod.ytrehus@lomedia.no

– Diettsatsane våre er innfløkte frå før. Den nye skatten fører til eit enormt byråkrati, seier Trond Løvstakken, forbundssekretær i El og IT.

El og IT anslår at omtrent ti prosent av medlemsmassen deires jobbar med installasjon, som regel på byggeplass eller offshore. Det vil seie at dei har inntil 3800 medlemmer på reise, som kan bli ramma av den nye skatten.

Her kan du finne ut kva du må skatte av, dersom du jobbar på byggeplass eller offshore og arbeidsgivar meiner reisa di er «uregelmessig».

Diett når du overnattar

• Satsen for overnatting på brakke, messe eller privat innkvartering er 487 kroner. Du må skatte av 328 kroner av beløpet.

* Er det kokemoglegheiter der du overnattar, må du skatte av heile beløpet.

• Satsen for overnatting på pensjonat er 539 kroner. Du må skatte 380 kroner av dette beløpet.

• Satsen for overnatting på hotell er 539 kroner. Her er Skattedirektoratet og Finansdepartementet sin sats lågare, og du slepp å skatte om reisa er uregelmessig.

* Er det frokost på hotellet må du skatte av 84 av dei 539 kronene.

Om bedrifta betaler for overnatting og kost etter rekning, har du ifølge landsoverenskomsten rett på 98 kroner i handpengar. Beløpet er innanfor satsane for skattefri diett.

Om du overnattar privat, har du rett på 597 kroner i diett, ifølge landsoverenskomsten. Etter dei nye reglane, må du skatte av heile beløpet om det er kokemoglegheiter der du bur.

Diett under reise

Landsoverenskomsten for elektrofaga har ingen satsar for diett når du jobbar over 15 kilometer og 6 timar borte frå arbeidsplassen, slik statens reiseregulativ har. Om du har denne dietten er avhengig av arbeidsplassen din.

Landsoverenskomsten har derimot satsar som slår inn når sjølve reisetida er over 6 og 12 timar. Denne gjeld til og frå stasjonering.

• Satsen for reise mellom 6 og 12 timar er 280 kroner. Satsen for reise over 12 timar er 520 kroner. Desse er begge lågare enn satsane i statens reiseregulativ, og er dermed skattefri diett om reisa er uregelmessig.

• Overnattar du under reisa får du 710 kroner i diett. Du må då truleg skatte av 173 kroner om reisa er uregelmessig.

* Om du får dekka eitt eller fleire måltid blir den trekkfrie godtgjeringa redusert med 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.

Blir justert etter reiseregulativet

Satsane i landsoverenskomsten – mellom NHO og LO, Nelfo og El og IT – er ikkje like som statens reiseregulativ, men blir justert etter statens satsar. Dermed har dei utsette forhandlingane om reiseregulativet, som enno ikkje er ferdige, konsekvensar for deg som er organisert i El og IT også.

11.01.2018
12:32
21.08.2023 17:14

Statens reiseregulativ

Etter statens reiseregulativ får tilsette dekka utgiftar til måltid under reiser kor du er over 15 kilometer frå arbeidsplassen og vekke over 6 timar.

• For reiser som varer frå 6 timar til og med 12 timar, får ein 289 kroner i diett.

• For reiser som varer over 12 timar, får ein 537 kroner i diett.

Ein treng ikkje å dokumenter utgiftane.

Statens reiseregulativ er ein særavtale som er forhandla fram mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, men blir også brukt av ei rekke private verksemder.

Mest lest

– Jeg har gått i tre-fire år nå og vært nesten syk fordi jeg har vært usikker på hvordan det skulle bli med AFP. Jeg har tenkt så mye på det, forteller regnskapsfører Rita Kolstad. Hun hadde hele tida et håp om AFP-ordningen skulle endres. Det skjedde ikke.

Yngvil Mortensen

Samboerpar gikk på millionsmell: – Dette er så bittert

Nav må omfordele en stadig større andel av skattepengene til sine brukere i framtida.

Nav må omfordele en stadig større andel av skattepengene til sine brukere i framtida.

Colourbox

Titusener vil havne på uføretrygd med nye pensjonsregler

LØFTER JERN:  Selv om de har verktøy og hjelpemidler som hjør arbeidshverdagen lettere, må Tom Karlsen (f.v.), Tom Rune Riis og Odd Vidar Tenold ved hjul og boggi-avdelingen på Grorud fortsatt løfte ofte og mye. I løpet av en dag blir mange deler, som denne foringen på 28 kilo, båret og flyttet på.

Morten Hansen

Her går nesten alle ansatte av med tidligpensjon

Fagkoordinator og vernepleier, Kine Holm Johnsen (t.v.) og verneombud og vernepleier Silje Gjevestad (t.h.) synes arbeidshvedagen er helt annerledes nå enn for bare et år siden - og det til det positive. I midten går avdelingsleder Anne Lene Halvorsli.

Hanna Skotheim

Her var alltid minst én ansatt syk. Fem grep tok knekken på fraværet

Ap-leder og statsminister Jonas Gahr Støre har grunn til å være bekymret for partiets lave oppslutning.

Ap-leder og statsminister Jonas Gahr Støre har grunn til å være bekymret for partiets lave oppslutning.

Jan-Erik Østlie

Ap nær historisk svakt resultat: – Det siste partiet trenger nå

Underverksmester Lene Brosché (36) og verksmester Vegard Stranden (46), Hustad fengsel.

Underverksmester Lene Brosché (36) og verksmester Vegard Stranden (46), Hustad fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Lene og Vegard gikk opp 120.000 i lønn – med hjelp fra sjefen

Grethe Nygaard

Ektemannens lønn irriterer Hanne: – Jeg fortjener like mye

LO ønsker å gjøre tilpasninger i arbeidslivet før de nye pensjonsreglene trer i kraft.

LO ønsker å gjøre tilpasninger i arbeidslivet før de nye pensjonsreglene trer i kraft.

Terje Pedersen / NTB

Ny pensjonsalder: Dette har LO gått med på

Kommentar

Et nødvendig grep for å gjøre færre til minstepensjonister, er å øke innbetalingen til pensjonssparing fra arbeidsgiver. Minstekravet til tjenestepensjoner bør dobles, skriver Tore Ryssdalsnes, ansvarlig redaktør i FriFagbevegelse og LO-Aktuelt.

Anna Granqvist

Dette er et av de virkelige klasseskillene i pensjonssystemet

FANEMARKERING: Pensjonsforliket tar Norge i feil retning, var beskjeden fra nær 200 klubber og avdelinger i fagbevegelsen på dagens fanemarkering.

FANEMARKERING: Pensjonsforliket tar Norge i feil retning, var beskjeden fra nær 200 klubber og avdelinger i fagbevegelsen på dagens fanemarkering.

Jan-Erik Østlie

– Sju partier har kastet hele det arbeidende folk under bussen

Jørn Eggum og Knut Sunde ved oppstarten på lønnsoppgjøret

Jørn Eggum og Knut Sunde ved oppstarten på lønnsoppgjøret

Håvard Sæbø

Nå starter oppgjøret som avgjør lønna di. Dette er hovedkravet

Anja G. Hvale er mye på farta. Grenland brann og redning skal nemlig levere tjenester til Porsgrunn, Bamble, Drangedal, Kragerø og Skien kommune.

Anja G. Hvale er mye på farta. Grenland brann og redning skal nemlig levere tjenester til Porsgrunn, Bamble, Drangedal, Kragerø og Skien kommune.

Hanna Skotheim

Anja ser mer enn brannrisiko når hun drar hjem til folk

LIVSNERVE: Posten i Ukraina leverer brev, trygd og pensjonser til befolkningen. Men postbud Ndija Sapun må gå med skuddsikker vest, og føler  seg aldri trygg i Kherson - rett ved frontlinjen i krigen.

LIVSNERVE: Posten i Ukraina leverer brev, trygd og pensjonser til befolkningen. Men postbud Ndija Sapun må gå med skuddsikker vest, og føler seg aldri trygg i Kherson - rett ved frontlinjen i krigen.

Ole Dag Kvamme

Nadija går postruta med skuddsikker vest

Debatt

LO-sekretær Are Tomasgard (bildet) er «klin forbanna» og «i sjokk», men det er vanskelig å ta utspillene seriøst, skriver Morten Johansen.

LO-sekretær Are Tomasgard (bildet) er «klin forbanna» og «i sjokk», men det er vanskelig å ta utspillene seriøst, skriver Morten Johansen.

Jan-Erik Østlie

LO-ledelsen er «klin forbanna», men det er vanskelig å ta seriøst

Alf Ragnar Olsen

Postbud flytter fra rotter og minus 28 – men frykter noe av lagfølelsen kan gå tapt

LØNN: NTL-tillitsvalgt Ingvild Vaggen Malvik opplever at statsansatte søker på jobber som de egentlig ikke har tenkt å ta, for å bruke jobbtilbudet til å jekke opp egen lønn.

LØNN: NTL-tillitsvalgt Ingvild Vaggen Malvik opplever at statsansatte søker på jobber som de egentlig ikke har tenkt å ta, for å bruke jobbtilbudet til å jekke opp egen lønn.

Brian Cliff Olguin

NTL-tillitsvalgt: Statsansatte søker andre jobber for å jekke opp lønna

Kvinner i alderen fra 25 år til 30 år tjener i gjennomsnitt 96 prosent av sine mannlige kolleger. Men kvinnelige arbeidstakere over 60 år må nøye seg med 86 prosent.

Kvinner i alderen fra 25 år til 30 år tjener i gjennomsnitt 96 prosent av sine mannlige kolleger. Men kvinnelige arbeidstakere over 60 år må nøye seg med 86 prosent.

Colourbox

Lønnsgapet mellom kvinner og menn er størst i disse aldersgruppene

Bensinstasjonansatte Mikael Hedman tjener dårligere enn de som jobber i butikk. Det han og kollegaene er urettferdig.

Bensinstasjonansatte Mikael Hedman tjener dårligere enn de som jobber i butikk. Det han og kollegaene er urettferdig.

Brian Cliff Olguin

Ansatte på bensinstasjon tjener dårligere enn i butikk: – Urettferdig

Forhandlingsleder Knut Sunde (t.v.) i Norsk Industri vil ha muligheten til å gi individuell lønn til enkelte arbeidere.

Forhandlingsleder Knut Sunde (t.v.) i Norsk Industri vil ha muligheten til å gi individuell lønn til enkelte arbeidere.

Håvard Sæbø

Industrien vil gi noen arbeidere høyere lønn uten begrunnelse

Debatt

Myten som nå skapes er at 30.000 kroner er en god tilleggspensjon for sliterne, skriver Jorge Alex Dahl.

Myten som nå skapes er at 30.000 kroner er en god tilleggspensjon for sliterne, skriver Jorge Alex Dahl.

Håvard Sæbø

Sliterordningen er en bløff

Flere saker