JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Elektrifiseringa av sokkelen må utsetjast»

Me kan ikkje spenne bein på oss sjølve ved å sende store mengder kraft til havs, skriv Øygarden Arbeidarparti. (Arkivfoto)

Me kan ikkje spenne bein på oss sjølve ved å sende store mengder kraft til havs, skriv Øygarden Arbeidarparti. (Arkivfoto)

Håvard Sæbø

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
I ein situasjon med særs høge straumprisar og reell fare for straummangel meiner Øygarden Arbeidarparti at arbeidet med elektrifiseringa av sokkelen no må utsetjast.

Dei høge straumprisane rammar no både privathushaldningar, verksemdene og heile næringar.

For industrikommunen Øygarden kan knappe straumressursar frametter resultere i at industriprosjekt ikkje vert gjennomførte, eller får langt seinare oppstart enn dei elles ville fått.

Konsekvensen vil i verste fall kunne verte tap av arbeidsplassar.

Fellesnemnaren for mykje av industriverksemda i Øygarden er i tillegg at det vert utvikla og teke i bruk ny og klimavenleg teknologi, som til dømes Northern Light-prosjektet med fangst og lagring av CO2.

Dette er teknologiske nyvinningar og industriverksemd som trengs for å løyse dei store klimautfordringane våre.

Det er uklart kor mykje av den allereie eksisterande straumproduksjonen elektrifiseringa av sokkelen vil leggje beslag på. Nokre overslag seier rundt 10 prosent. Dette vil kunne gje ytterlegare auke av straumprisane. Slik situasjonen har vore dei siste åra vil dette vere uakseptabelt.

I tillegg synleggjer dette at det vil vere klokt å ha kome noko lenger i utbygginga av vindkraft og anna fornybar energi før elektrifiseringa vert gjennomført. Ei elektrifisering vil også verte meir klimavenleg jo meir av straumen som kjem frå vindkraft og anna fornybar energiproduksjon.

Difor er det viktig at det no vert jobba meir intensivt med å få fortgang i utbygginga av havvind og anna fornybar kraft.

Regjeringa gjer no eit viktig arbeid med å leggje til rette for auka norsk kraftproduksjon både til lands og til havs dei komande åra. Dette er heilt naudsynt for å på litt sikt igjen gje husstandar og verksemder stabilt låge kraftprisar.

I møte med denne utfordringa kan me ikkje spenne bein på oss sjølve ved å sende store mengder kraft til havs.

Øygarden Arbeidarparti meiner difor arbeidet med å elektrifisere sokkelen no må setjast på vent, i alle fall inntil situasjonen på straummarknaden er under kontroll. 

Kommentar: «For lavtlønte og trygda er strømprisene et eksistensielt problem»

Warning
Annonse
Annonse