JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Titusenvis av flyktningar frå Ukraina kjem til Noreg. Her får arbeidslivet ei viktig oppgåve»

Vi må kommunisere verdien av eit organisert arbeidsliv, der det å vere medlem av ei fagforeining ikkje berre er tillate, men også å føretrekkje, skriv Tekna-presidenten.

Vi må kommunisere verdien av eit organisert arbeidsliv, der det å vere medlem av ei fagforeining ikkje berre er tillate, men også å føretrekkje, skriv Tekna-presidenten.

Tormod Ytrehus

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Mange av desse flyktningane vil vere vaksne med arbeidserfaring, høg utdanning og gode språkferdigheiter.

Ved å innlemme flyktningane i det norske arbeidslivet på ein best mogleg måte, medverkar vi til å ruste dei best mogleg til oppattbygginga av Ukraina etter krigen.

Regjeringa har teke til orde for at flyktningane skal gjennom det sokalla hurtigsporet – det vil seie raskast mogleg inn i det norske arbeidslivet. Dei enorme oppgåvene og kunnskapsbehovet som ventar i oppattbygginga av Ukraina, krev store menneskelege ressursar, erfaring og koordineringsevne. Vi trur at kunnskap om den norske modellen og korleis samarbeidet mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet fungerer her i landet, kan vere viktig læring for flyktningane.

Kronikk: «Mens Putins bomber regner over Ukraina, sirkler gribbene rundt norske flyktningmottak», skriver Mimir Kristjánsson

Vi har sjølve erfart at tett partssamarbeid og dialog mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar skaper tillit og innverknad for arbeidstakarar over eigen arbeidskvardag, og dermed gode resultat. Vi har sett verdien av eit tillitsbasert system med ein relativt samanpressa lønsstruktur, gode velferdsordningar og høg sosial mobilitet.

Difor meiner vi det no kviler eit stort ansvar på organisasjonane i arbeidslivet for å spreie kunnskap og forståing om norsk arbeidslivskultur. Vi må kommunisere verdien av eit organisert arbeidsliv, der det å vere medlem av ei fagforeining ikkje berre er tillate, men også å føretrekkje. Vi veit at organisasjonsgraden blant utlendingar er mykje lavare enn blant etnisk norske, sjølv om utlendingane kanskje er dei som i størst grad treng tryggleiksnettet som fagforeiningane representerer.

Tekna vil gjerne bidra slik at ei god kunnskapsoverføring til flyktningane kjem på plass. Lukkast vi med å presentere det norske arbeidslivet på ein god måte, kan vi få mange nye arbeidstakarar som vil bidra positivt inn i det norske arbeidslivet og i samfunnet, og som seinare kan vere viktige ressursar i oppattbygginga av Ukraina.

Advarer: Flyktningmottak kan bli lekegrind for kriminelle i arbeidslivet

Annonse

Flere saker

Annonse