JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidsantrekk

Fagforeiningsleiar ut mot shorts-nekt

Sjølv om sola steiker og tempen kryp opp mot 30 grader, kan du bli nekta å bruke shorts på jobben: – Feil, meiner fagforeiningsleiar Roger Kristensen.
OK? Er det greit med kortbukser på jobb når sommeren er het?

OK? Er det greit med kortbukser på jobb når sommeren er het?

Foto: Berit Roald / NTB

oystein.windstad@fagbladet.no

Sjølv stiller han på jobb i shorts denne solfylte sommardagen. Han er einig i at det ikkje er alle arbeidssituasjonar der shorts er passande, men:

– Det blir feil om tilsette skal bli nekta å gå med shorts. Dei tilsette bør vere frie til å vurdere dette sjølv. Ein må ha tillit til at dei tilsette greier å gjere gode vurderingar og finn ut av dette på eiga hand, seier Kristensen.

Han er leiar av yrkesseksjonen kontor og administrasjon i Fagforbundet i Oslo.

FOLKEVETT: Roger Kristensen er ikkje fan av tvang og pålegg om shorts-nekt. Og slår eit slag for folkevett og dei tilsette sine eigne vurderingar.

FOLKEVETT: Roger Kristensen er ikkje fan av tvang og pålegg om shorts-nekt. Og slår eit slag for folkevett og dei tilsette sine eigne vurderingar.

Øystein Windstad

Opp til sjefen

Reglane er slik at det til sjuande og sist er opp til sjefen å bestemme om du får lov å bruke shorts. Det fortel Hans Gjermund Gauslaa som er juridisk rådgjevar innan HR og leiing i Simployer.

Når det kjem til korleis dei tilsette skal gå kledd, kan leiinga bruke styringsretten:

– Det betyr at i utgangspunktet er det arbeidsgjevar som bestemmer korleis vi skal ha det på jobb, og som fastsett dei retningslinjene som ein meiner skal gjelde. Gjennom denne styringsretten vil også arbeidsgjevar kunne fastsette korleis vi skal kle oss på jobben, om vi kan gå med shorts eller ikkje, seier Gauslaa.

Han har jobba med arbeidsrett sidan 1996.

EKSPERT: Hans Gjermund Gauslaa har jobba med arbeidsrett i nesten 30 år.

EKSPERT: Hans Gjermund Gauslaa har jobba med arbeidsrett i nesten 30 år.

Simployer

Sjefen må ha ein god grunn for shorts-nekt

Det er eit «men» i retten til leiinga til å vende tommelen ned til shorts på jobben, fortel Gauslaa:

– Når arbeidsgjevar bruker styringsretten sin, så er det alltid ein føresetnad at du har eit sakleg grunnlag for det. At det er eit sakleg behov i botnen for den avgjerda sjefen tek, seier Gauslaa og legg til:

– Eg tenker at det blir vanskeleg å grunngje sakleg at han som sit åleine framfor ein PC og programmerar, ikkje kan bruke shorts. Men dette kan ha litt med kva miljø personen sit i og kven ein samhandlar med i løpet av dagen. Det blir ei totalvurdering, seier Gauslaa i Simployer.

Warning
Annonse
Annonse