JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fastlegekrise: Her leiar helsesekretærane legekontoret

Helsesekretærane tok over som daglege leiarar for å hjelpe legane.
Helsesekretærane Julia Lockert  og Siri Pedersen seier at fleire bør vurdere større oppgåvedeling for å avlaste fastlegane.

Helsesekretærane Julia Lockert og Siri Pedersen seier at fleire bør vurdere større oppgåvedeling for å avlaste fastlegane.

Eivind H. Natvig

oystein.windstad@fagbladet.no

Ute på havet ligg sjarkane tett i tett omgitt av ein sverm med skrikande måsar, som håpar på å få ein bit av overfloda.

Samtidig som rikdomen svømmer i stim, finst det også ein mangel. Folk som nyleg har flytta til Lofoten, risikerer å måtte vente opp mot to år på å få fastlege.

Samtidig som det bur 11.000 i Vestvågøy, står nesten 700 på venteliste for å få ny fastlege i kommunen.

Bildet er stort sett det same i heile landet. Rundt 235.000 har ikkje fastlege og 258.000 står i kø for å byte, viser tal frå Allmenlegeforeningen og Helfo.

Men i Lofoten tenkjer dei annleis.

Mye lest: Muggsopp og rottelort er hverdagen til ambulansearbeiderne

Sekretær og dagleg leiar

Ein stålspiss forsvinn inn under hud og ei mørk raud lita elv finn vegen i eit lite glas. Helsesekretær Julia Lockert vender kolben frå side til side og set den frå seg.

Lofotleger AS har rundt 6000 på fastlegelistene sine.

Kollega og helsefagarbeidar Therese Skjennum har fått både høgare løn og fleire arbeidsoppgåver nyleg:

– Eg trur ikkje det er så vanleg at helsesekretærar blir dagleg leiarar av legekontor enno. Eg og ein kollega har delt på dagleg leiarjobben i eit år. Vi har snakka med styret, som ønsker å fortsette i to nye år med ordninga, fortel Skjennum.

Helsesekretærane avlastar fastlegane som kan bruke meir tid på pasientane. Sekretærane har personalansvar, ordnar med ferielister og HMS blant anna.

Julia Lockert seier det er fleire oppgåver dei kunne ha gjort.

– Det er ikkje tvil om at legane må bruke mykje tid på legeerklæringar til vidaregåande elevar som skal ha gyldig fråvær. Og forsikringssaker. Det er ein del oppgåver vi kunne ha gjort, som vi ikkje har lov til i dag, seier Lockert, som er utdanna både helsefagarbeidar og helsesekretær.

Aktuelt: Velgere på både høyre- og venstresida er positive til private helseaktører

Vil ha meir arbeidsdeling

Guro Myklebust har sjølv bakgrunn som helsesekretær og sit i seksjonsstyret i Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet:

– Vi må sjå på kor viktige helsesekretærane er. Både på legekontora og på sjukehusa. Vi må jobbe for meir oppgåvedeling for fleire yrkesgrupper. Dei manglar folk i fleire delar av helsesektoren. At helsesekretærane kan avlaste legane som hos Lofotleger, er eit godt eksempel på ei fin løysing, seier Myklebust.

Ho har blant anna jobba fleire år på Nordlandssjukehuset.

Oversikt: Her kan det bli storstreik neste uke

Warning
Annonse
Annonse