JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

AAP

Trygdeoppgjeret: – Eg har gråtande folk på telefonen som ikkje orkar meir

Satsane for arbeidsavklaringspengar auka med 900 kroner, men mange får no mellom 2000 og 4000 kroner mindre kvar månad.
KRITISK: Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen er kritisk til at over 100.000 får mellom 1500 og 3000 kroner mindre i månaden frå og med april.

KRITISK: Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen er kritisk til at over 100.000 får mellom 1500 og 3000 kroner mindre i månaden frå og med april.

Pernille Vestengen

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg blei trygdeoppgjeret klart der regjeringa blant anna auka satsane for arbeidsavklaringspengar (AAP) med 900 kroner i månaden, minus skatt.

Elisabeth Thoresen er leiar av foreininga AAP-aksjonen, som også har ei Facebook-gruppe med over 30.000 medlemmar.

Ho og gruppa har vore ei stemme for folk som av ulike grunnar tek imot støtte frå Nav.

– Mange får no mellom 2000 og 4000 kroner mindre på konto kvar månad. Det er sluttsummen på kassalappen som tel og dette er veldig ille. Dei mest sårbare får mindre og ikkje meir å rutte med, seier Thoresen.

Trygdeoppgjeret er klart: Slik blir den nye pensjonen din

Over 100.000 får mindre pengar

Husbanken varsla at dei frå april har kutta i den mellombels auka bu- og straumstøtta. Stortinget gav auka satsar frå 2021 til 2024 grunna straumprisane.

Tal frå Husbanken viser at frå april til mai var det 25.000 færre husstandar som fekk bustøtte grunna at den mellombelse støtta blei fjerna. Dei som framleis tek imot bustøtte, får også mindre pengar frå og med april: 1500 kroner fordi straumstøtta blei fjerna.

Dei som mistar bustøtte får i snitt 2600 kroner i månaden til saman, viser tal frå Husbanken. Med andre ord blir det rundt 25.000 som mistar både bustøtte og straumstøtte.

Dei får 2600 kroner mindre i månaden.

85.000 får framleis bustøtte, men mistar 1500 kroner i månaden.

– Prisauken er ikkje mellombels

Thoresen er kritisk til at den auka støtta blir fjerna.

– Støtta var mellombels, men det er ikkje prisauken. Vi i AAP-aksjonen meiner at du skal ha ei inntekt som er høg nok til å kunne leve eit verdig liv, seier Thoresen.

Ho har bakgrunn som førskulelærar med tilleggsutdanningar. Før ho blei skadd og sjuk, jobba ho som rettleiar i Nav med AAP-mottakarar.

– Satsane langt etter prisutviklinga

Ho er kritisk til at satsane frå Nav ikkje heng tritt med dyrtida. Ho meiner det blir feil når myndigheitene aukar grunnsatsen på AAP litt, men med den andre handa fjernar bustøtta og straumstøtta til tusenvis.

– Vi ønsker heile bustøtta langt vekk. Det er heilt meiningslaust at dei som har minst skal måtte søke fleire ytingar for å kunne ha nok pengar å leve av. Det er jo heilt bak mål, seier Thoresen.

Ho fortel at det er svært mange i mai som har skrive til Facebook-gruppa om at dei slit veldig. Og at ho har nokre svært fortvila folk på telefonen som ikkje orkar å kjempe meier, som heller tenkjer på å gje opp livet.

– Så ille har det blitt, seier Thoresen og peikar på den reduserte støtta.

– Dette handlar ikkje om folk som ikkje gidd å jobbe

 Thoresen peikar på fleire utfordringar for folk som ikkje greier å jobbe.

– Kvifor kan du ikkje få meir enn 66 prosent av tidlegare lønn? Kvifor kan du ikkje få 84 prosent av tidlegare lønn?

– Er ikkje tanken der at satsen er på 66 prosent fordi politikarane fryktar at om satsen er høgare, er det færre som gidd å jobbe?

– Dette dreier seg ikkje om å gidde og jobbe, dette dreier seg om sjuke menneske som har gitt helsa si til AS Norge. Og som sit igjen med altfor lite i inntekt når dei mistar arbeidsevna si. Eller, det er jo eigentleg ikkje arbeidsevna dei nødvendigvis mistar, men inntektsevna. Kvifor skal eg gå ned til 66 prosent av tidlegare lønn, spør Thoresen i AAP-aksjonen.

Warning
Annonse
Annonse