Fleire demonstrasjonar mot Acer landet rundt: Desse deltok i Odda og Mo i Rana
«Krafta er vår» var gjennomgangstonen i appellane på Oddas Acer-fanemarkering. SJÅ BILDA NEDST I SAKA!
JOBB
I går var det mange markeringer rundt om i landet mot innføring av EUs energibyrå, Acer, i Noreg.
Kjell Sverre Aasheim, organisasjonssekretær i Elektroarbeidernes Fagforening Hordaland og Sogn og Fjordane, var til stade på ei fanemarkering mot Acer i Odda. Det var LO i Indre Hardanger som inviterte til fanemarkering på Tindeplassen i Odda sentrum, ein del av den gamle Smelteverkstomta.
• – Det brygger opp til et skikkelig opprør i hele distrikts-Norge mot EUs energiunion
– No hadde det seg slik at det var snøstorm i Odda denne kvelden, eller som dei sa det, «det kjem mykje kraft ned frå himmelen i kveld». Av den grunn gjekk fanemarkeringa føre seg innandørs i Litteraturhuset, rapporterer Aasheim.
Kjent for å ta ein kamp
Arrangementet samla om lag 80 personar frå heile Hardanger og Sunnhordland, og totalt 12 faner var oppstilt i lokalet. Elektroarbeidernes Fagforening var også til stades og med fana på plass.
– «Krafta er vår» var gjennomgongstonen i alle appellane som vart haldne, og dei ville ta opp kampen mot den blåblå regjeringa sine tankar om å gje vekk kontrollen over krafta, rapporterer Aasheim, og legg til:
– Oddabuen er kjent for å ta ein kamp når det trengst, siste gongen var for å redda sjukehuset deira. Motkreftane var store, men fagrørsla nådde fram med mobiliseringa og fekk behalda sjukehuset.
Over telefon
Gard Folkvord, nestleiar i LO i Indre Hardanger, var ein av dei mange som heldt gode appellar, ifølge Aasheim. Folkvord forklarte at grunnen til at leiar Terje Kollbotn ikkje heldt appell, var at han var på ferie i varmare strok.
– Kollbotn hadde likevel forlangt at han vart oppringt frå ein telefon som vart lagd på talarstolen, slik at han fekk med seg alt som vart sagt. Og slik vart det, seier Aasheim.
NRK og lokalavisa var til stades.
– Alt i alt ei svært bra markering, dei kan dette i Odda, melder Aasheim.
Nettverk har også motteke bilde frå Sunndalsøra. Bjørg Anne Hafsås melder at det var isande kald vind.