Kvar femte svenske LO-medlem stemte på Sverigedemokraterna i EU-valet
Socialdemokraterna er framleis største parti med 37 prosent av LO-medlemmene sine stemmar.
TT / NTB Scanpix
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
Det viser tal frå SVT si valdagsundersøking, som avisa Arbetet omtaler. Tala er brote ned etter kva hovudorganisasjon veljarane er organisert i.
Dette er dei mest populære partia blant svensk LO sine medlemmer:
• Socialdemokraterna: 37 prosent
• Sverigedemokraterna: 23 prosent
• Vensterpartiet: 10 prosent
• Moderaterna: 9 prosent
• Miljöpartiet: 7 prosent
Sverigedemokraterna si oppslutting er tre prosentpoeng lågare blant LO-medlemmene samanlikna med riksdagsvalet for eit halvt år sidan, då dei gjorde eit kjempebyks. Socialdemokraterna går tilbake med eitt prosentpoeng frå førre val, trass LO sin valkamp. Vinnaren er Miljöpartiet som tredoblar oppsluttinga si blant LO-medlemmene, samanlikna med riksdagsvalet.
p
Hos hovudorganisasjonane TCO og Saco er stemmene meir jamnt fordelt, men Socialdemokraterna er også her største parti, med høvesvis 30 og 21 prosent oppslutting. Sverigedemokraterna gjer det vesentleg dårlegare blant TCO- og Saco-medlemmene, med sine høvesvis 10 og 6 prosent.
Hos Saco er Miljöpartiet nest største parti, med sine 18 prosent, tett etterfølgt av Moderaterna med eitt prosentpoeng lågare opplsutting. Hos TCO er dette snudd på hovudet: Moderaterna er nest største parti, med sine 15 prosent, etterfølgt av Miljöpartiet med to prosentpoeng lågare oppslutting.
Blant alle veljarar gjer Soxialdemokraterna sitt dårlegaste EU-val nokon sinne, med 23 prosent av stemmene. Tilbakegangen er derimot liten frå førre val og partiet held på sine fem mandat i Europaparlamentet.
Sverigedemokraterna går mest fram i EU-valet, til 15 prosent av stemmene, og får dermed tre mandat i parlamentet.
Les også:
Han skal få svenske LO-medlemmer til å stemme i EU-valget
Dette er de åtte politiske gruppene i EU-parlamentet
Svenske hovudorganisasjonar
LO organiserer 1,5 millionar medlemmer i 14 fagforbund. TCO organiserer profesjonsutdanna i 14 fagforbund med 1,4 millionar medlemmer. Saco organiserer akademikarar i 22 fagforbund med 700.000 medlemmer.
Svensk LO har eit nært samarbeid med Socialdemokraterna, i motsetnad til TCO og Saco som er partipolitisk uavhengig.


Nå: 0 stillingsannonser
Flere saker
Svenske hovudorganisasjonar
LO organiserer 1,5 millionar medlemmer i 14 fagforbund. TCO organiserer profesjonsutdanna i 14 fagforbund med 1,4 millionar medlemmer. Saco organiserer akademikarar i 22 fagforbund med 700.000 medlemmer.
Svensk LO har eit nært samarbeid med Socialdemokraterna, i motsetnad til TCO og Saco som er partipolitisk uavhengig.