Jostein Hansen, NHO Reiselivs direktør for arbeidslivspolitikk.
NHO Reiseliv / Pressebilde
TORMOD YTREHUS
tormod.ytrehus@lomedia.no
Kokkar, servitørar og resepsjonistar i dei store hotellkjedene fekk ikkje eitt øre i lokale lønstillegg i fjor.
Det er no stor irritasjon i Fellesforbundet – etter at forbundet i forfjor streika ein månad for å få rett til lokale forhandlingar.
No er fasiten klar: Nokre av Norges rikaste menn, som Olav Thon og Petter Stordalen, hadde ikke eitt øre å gje i dei lokale forhandlingane.
• Må møte i retten etter å ha gjort jobben sin som tillitsvalgt
Lang kamp
Fellesforbundet vann i 2016 kampen om retten til lokale forhandlingar, etter ein langvarig streik blant hotell- og restaurantarbeidarar. I avtalen heitar det at bedrifter som er organisert i kjeder skal bestemme om forhandlingane skal skje på kvar enkelt bedrift eller samla for heile kjeda.
Stordalen og Thon
Choice Hotels eid av Petter Stordalen valte å forhandle på konsernnivå. Han hadde i 2016 ei formue på oppunder 2 milliardar kroner. Men dei tilsette i hotellet hans fekk ikkje eitt øre i lokale tillegg i fjor.
Heller ikkje Olav Thon, med ei inntekt på oppunder 21 millionar kroner og formue på over 3 milliardar kroner, valte å gi sine tilsette lokale tillegg.
Same løysing valte Scandic Hotels og Radisson SAS Hotels, kor forhandlingane også resulterte i null.
– Styrt av NHO Reiseliv
Forutan dei fire store hotellkjedene, er ikkje alle forhandlingane med kjedene avslutta. Men allereie no kan ein slå fast at fleirtalet har enda med null i lokalt lønstillegg. Det er stor irritasjon i Fellesforbundet etter det fleire oppfattar som ein innstruks frå NHO Reiseliv om å ikkje gi noko i forhandlingane.
– Dei store kjedene og konserna har ikkje gitt nokon verdas ting, og vi opplever at dei er styrt av NHO Reiseliv. Det ligg føre fleire tvistesaker i kjedene etter dei lokale forhandlingane, seier Clas Delp, forbundssekretær i Fellesforbundet.
Det betyr at Fellesforbundet meiner det har skjedd brot på tariffavtala i forhandlingane.
Clas Delp, forbundssekretær i Fellesforbundet.
Håvard Sæbø
– Ikkje ein strategi
Direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv, Jostein Hansen, kjenner seg ikkje igjen i skuldingane.
– Det er ikkje nokon strategi frå vår side. Vi har ikkje prøvd å påverke forhandlingane på nokon måte. Vi har reist rundt, på same måte som Fellesforbundet, halde kurs og svart på spørsmål frå medlemmene våre, seier Hansen.
Han opplyser om at dei skal i eit møte med Fellesforbundet på måndag, men at han er usikker på temaet. Han har ikkje fått framvist nokon tvisteprotokoll.
– Så dette er ikkje ein omkamp frå dykkar side om retten til lokale forhandlingar?
– Tvert imot. Vi aksepterer dei avtalene vi har inngått. Også den vi var einige om hos meklingsmannen i 2016.
Som årsak til nulloppgjera i dei store kjedene, viser Hansen til at pengane blei brukt opp i det sentrale lønsoppgjeret.
– Vi var overraska over at Fellesforbundet jobba så hardt for å få mest mogleg sentralt. Det blei delt ut så mykje at det ikkje blei noko igjen til dei lokale forhandlingane.
Lokal misnøye
Også lokalt i avdelingane er misnøya stor. I landets nest største avdeling for hotell- og restaurantarbeidarar, er leiaren ikkje begeistra for resultatet av forhandlingane med dei fire hotellkjedene.
– Vi har forstått at dei har fått instruks frå NHO Reiseliv om å ikkje gi oss noko som helst, seier Djevat Hisenaj, leiar for Fellesforbundet avdeling 266 Hordaland Hotell og Restaurant.
– Vi har store mistankar om at dette er styrt frå NHO Reiseliv sentralt, seier Hisenaj.
Trøndelag
– Vi skjøner at NHO Reiseliv har lagt føringar for at det skal nektast tillegg, seier Børge Ånesen, leiar for Fellesforbundet avdeling 250 Hotell, Restaurant og Reiseliv i Sør-Trøndelag.
– Måten dei har forhandla på er ikkje mykje å skryte av, legg Hisenaj til, og hevdar at ein kjede sette av to timar til å forhandle for åtti hotell.
Meir nøgd med Virke
Avdelingsleiaren i Hordaland er elles nøgd med forhandlingane som ikkje har skjedd i konserna.
– Det verkar som at medlemsbedriftene i Virke er meir villige til å gi. Bortimot alle klubbane våre, i tretti-førti bedriftar, har hatt lokale forhandlingar. Der har det ikkje vore nokre nulloppgjer – det er berre dei store kjedene som har køyrt på null. Dei skummar fløten for heile næringa, seier Hisenaj.
• Følg oss på Facebook
Forhandlingar i konserna
Forutan hotellkjedene Choice, Thon, Scandic og Radisson Blu, har desse kjedene valt konsernvise forhandlingar:
• ISS (kantine)
• Eurest (kantine)
• Sodexo (kantine)
• Toma (kantine)
• Coor (kantine)
• SSP (flycatering og servering)
• Umoe Catering (blant anna Peppes Pizza)
Utgiver: LO Media
Besøksadresse:
LO Media, Storgata 33 A (9. etasje), 0184 Oslo
Postadresse:
LO MediaPostboks 8964 Youngstorget, 0028 Oslo

Siste nyheter
Utgiver: LO Media
Besøksadresse:
LO Media
Storgata 33 A (9. etasje)
0184 Oslo
Postadresse:
LO Media
Postboks 8964, Youngstorget
0028 Oslo
FriFagbevegelse.no er medlem av Fagpressen og redigeres etter: Redaktørplakaten • Vær Varsom-plakaten • Formålsparagraf og etiske retningslinjer Les også: FriFagbevegelses personvernpolicy