Koronaviruset:
Dansk korona-tiltak sikrar arbeidsfolk full lønn
Danske arbeidstakarar må ta ut fem feriedagar, men får til gjengjeld full lønn under korona-krisa.
Statsminister Mette Frederiksen (S) under ein pressekonferanse i samband med den danske korona-krisa.
NTB scanpix
tormod@lomedia.no
Den danske regjeringa og partane i arbeidslivet har blitt einige om ei lønnsrefusjonsordning for bedrifter som elles må gi tilsette sparken på grunn av koronaviruset.
– Avtala er eit veldig positivt bidrag til å skape tryggleik for lønnsmottakarar i denne vanskelege situasjonen, sa leiar Lisette Risgaard i Fagbevægelsens Hovedorganisation på ein pressekonferanse søndag.
Her er den danske avtala:
• Staten betaler 75 prosent av lønna, inntil 23.000 danske kroner
• Arbeidsgivarane betaler dei resterande 25 prosentane
• Arbeidstakarane tar ut fem dagar ferie eller avspasering
Avtala er berekna å koste staten 2,6 milliardar danske kroner.
– Staten bidrar, lønnsmottakarane bidrar og verksemdene bidrar. Den danske modellen er sterk, og styrka ser vi no, seier statsminister Mette Frederiksen (S).
p
Bedriftene som nyttar ordninga må stå i fare for å seie opp minst 30 prosent eller meir enn 50 tilsette.
Lønnsrefusjonen kan dei få i tre månader framover, mot at bedriftene forpliktar seg til å ikkje gi tilsette sparken på grunn av økonomiske problem.
– Vi skal gjere det vi kan for at det ikkje kjem ytterlegare store oppseiingsrunder, seier administrerande direktør Jacob Holbraad i Dansk Arbejdsgiverforening.
Her heime er regjeringa og stortingspartia søndag kveld i forhandlingar om den norske krisepakka. Regjeringa har fått kritikk fordi dei foreslår å korte ned perioden permitterte får full lønn før dei må gå over på dagpengar frå Nav.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.