Permittert:

Fellesforbundet-medlemmene får ikkje dagpengane dei har krav på

Sju av ti permitterte Fellesforbundet-medlemmer seier dei slit med økonomien.

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Om undersøkinga

Undersøkinga vart 29. mai sendt ut til 9012 permitterte medlemmer i Fellesforbundet. 3.747 personar har svart på heile eller delar av undersøkinga (42 prosent). 2.584 har svart på alle spørsmåla (29 prosent).

Medlemmer registrert med polsk som språk er ikkje med i utvalet, sidan forbundet gjennomfører ei eiga undersøking for gruppa.

Kjelde: Fellesforbundet

Det viser ei undersøking forbundet har gjennomført blant permitterte medlemmer i månadsskiftet mai/juni.

Dei største gruppene er tilsette innanfor hotell, restaurant og catering; industri; flybransjen; transport og bilbransjen.

Fekk du med deg denne? Bedrifta brukte innleigde då tilsette var permitterte: – Heilt forkasteleg

Får ikkje dagpengar

Til saman svarer to tredjedelar at dei har vore permittert i 10 veker eller meir etter at dei mest omfattande koronatiltaka vart innført 12. mars.

Berre 15 prosent av desse medlemmene har fått dagpengar frå Nav for heile perioden.

– Undersøkinga viser både omfanget og kor dramatisk situasjonen er også innanfor det organiserte arbeidslivet, seier Line Eldring, leiar for samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, til Magasinet for fagorganiserte.

Talet veker med dagpengar for dei som har vore permittert i 10 veker eller meir:

talet veker

Vanskeleg kvardag

Heile sju av ti permitterte svarer at det er vanskeleg å få endane til å møtast med inntekta dei har hatt. Aller vanskelegast er situasjonen for tilsette innanfor hotell, restaurant og catering

Spørsmål: Kor lett eller vanskeleg er det for deg «å få endane til å møtast» med inntekta du så langt har hatt som permittert?

talet veker

Trur dei mistar jobben

Nesten kvar femte permitterte Fellesforbundet-medlem er dessutan usikker på om dei kjem tilbake i jobb. Medlemmene i flybransjen er mest pessimistisk.

Spørsmål: Kva trur du om framtidsutsiktene for bedrifta di og jobben du er permittert frå?

talet veker

– Det store bildet er at veldig mange trur dei ikkje kjem tilbake på jobb før 1. september, og mange fryktar arbeidsløyse over lang tid, seier Line Eldring i Fellesforbundet.

Powered by Labrador CMS