JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-nedstenging:

Hotell- og restaurant-tilsette rasar mot nedstenging og nye permitteringar

– Det er myndigheitene som ikkje har gjort jobben sin. Da skal ikkje dei tilsette betale prisen, seier fagforeiningsleiar.
FULL LØNN: – Det er myndigheitene som ikkje har gjort jobben sin. Da skal ikkje dei tilsette betale prisen, meiner fagforeiningsleiar Djevat Hisenaj i Bergen.

FULL LØNN: – Det er myndigheitene som ikkje har gjort jobben sin. Da skal ikkje dei tilsette betale prisen, meiner fagforeiningsleiar Djevat Hisenaj i Bergen.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Fagforeiningsleiar Djevat Hisenaj i Bergen fortel at han måndag kveld og natt har blitt nedringt av frustrerte medlemmer, tillitsvalde og arbeidsgivarar.

– Alle som jobbar i bransjen er veldig skuffa over regjeringa no. Kompetansen forsvinn, folk har mista trua og fleire vurderer å slutte, seier han.

Måndag kom kveld kom nemleg meldinga om skjenkestopp og smittetiltak som hotell- og restaurantbransjen varslar vil føre til ny runde med nedstenging og permitteringar.

– Tilsette føler at hotell og restaurant ikkje er verd noko som helst. Dei mista tilliten til myndigheitene i går kveld, seier Hisenaj.

Det haster med lønnsstøtte: – Bedriftene tar beslutninger om permitteringer nå, sier Rødt

Krev full lønn

Hisenaj anslår at ni av ti medlemmer i Fellesforbundet-avdelinga kjem til å bli permitterte. Mange medlemmer har allereie fått permitteringsvarsel, og fleire tillitsvalde sit tysdag i drøftingar om permitteringar.

Fagforeiningsleiaren krev at tilsette i hotell og restaurant ikkje går ned i inntekt sånn dei med dagens reglar vil gjere på dagpengar frå Nav, anten gjennom lønnsstøtte- eller dagpengeordninga. Hotell og restaurant er allereie ein låglønnsbransje.

– Det er myndigheitene som ikkje har gjort jobben sin. Da skal ikkje dei tilsette betale prisen. I så fall kan også politikarane og helsebyråkratane gå ned i lønn og dele med dei som jobbar i hotell og restaurant-bransjen, seier han.

Han peikar på at smitta ikkje har blitt spreidd på hotell og restaurantar, og meiner politikarane burde ha sette i verk tiltak inn mot gruppene som spreidde smitte i oktober og november.

Lønnsstøtteordning: Bedriftene skal få hjelp til å betale lønn allerede denne uka, håper finansministeren

Berge kompetansen

Fagforeiningsleiar Børge Ånesen i Trondheim fortel at Fellesforbundet-avdelinga har snakka med mange medlemmer, tillitsvalde og bedriftsleiarar dei siste vekene.

Der sit det langt inne å permittere, fordi bransjen manglar kompetanse, fortel han.

Frykta er at tilsette ikkje klarer ei ny runde på dagpengar og mindre inntekt, og dermed forsvinn frå bransjen for godt.

Derfor må den varsla lønnsstøtta frå staten komme på plass kjapt, meiner Ånesen.

KOMPETANSEFLUKT: No må lønnsstøtteordninga på plass kjapt for å hindre permitteringar, meiner fagforeiningsleiar Børge Ånesen i Trondheim.

KOMPETANSEFLUKT: No må lønnsstøtteordninga på plass kjapt for å hindre permitteringar, meiner fagforeiningsleiar Børge Ånesen i Trondheim.

Erlend Angelo

Lønnsstøtte må på plass

Fagforeininga i sørlege Trøndelag har så langt opplevd permitteringsvarsel i restaurantane.

– Der vil det bli permitteringar om ikkje lønnstilskot kjem på plass. For regjeringa sin del handlar det om at dei anten vil halde på den vesle kompetansen som er igjen i bransjen, eller om dei vil gi faen.

– Folk må ha ein arbeidsplass å komme tilbake til etter jul, sleppe belastninga med å gå på dagpengar, og både arbeidstakarar og arbeidsgivarar må få moglegheit til å senke skuldrene, krev Ånesen.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa på tysdagens pressekonferanse at lønnsstøtte-ordninga skulle vere klar i løpet av veka.

Arbeidsgivarane permitterer

Arbeidsgivar-foreininga NHO Reiseliv varsla etter dei nye smittetiltaka måndag at mange utestadar, restaurantar, hotell og reiselivsbedrifter no må stenge heilt ned.

– Dei aller fleste blir tvinga til å permittere no på grunn av skjenkestoppen som har rive bort næringsgrunnlaget til heile serverings- og utelivsbransjen, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

NHO-foreininga kritiserer også kompensasjons-ordninga regjeringa la fram tysdag, for at den ikkje i stor nok grad hjelper bedriftene som no mistar omsetnad.

Nye tiltak: Regjeringen forlenger koronastøtten til bedrifter og legger begrensninger på utbytte

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse