JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bransjeprogram:

Hotelltilsett Sheida tar gratis kurs mens ho er permittert: – Eg lærer masse nytt

Arbeidsfolk får tilbod om gratis opplæring utan å miste retten til dagpengar. Interessa blant tilsette i reiselivet er enorm.
NETTKURS: Sjølv etter over tjue år i bransjen, meiner hotelltilsett Sheida Shemirani ho står sterkare på jobben med fagbrev. No tar ho eit gratis nettkurs gjennom Studieforbundet AOF og bransjeprogrammet for reiseliv.

NETTKURS: Sjølv etter over tjue år i bransjen, meiner hotelltilsett Sheida Shemirani ho står sterkare på jobben med fagbrev. No tar ho eit gratis nettkurs gjennom Studieforbundet AOF og bransjeprogrammet for reiseliv.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Sheida Shemirani (46) vart i mars permittert frå jobben på Clarion Oslo Airport i mars. Etter over tjue år i bransjen, har Fellesforbundet-medlemmet bestemt seg for å ta fagbrev i servitørfaget.

Som fagarbeidar går ho opp nesten ti kroner timen i lønn og kan bidra i opplæringa av lærlingar.

– Eg sa til meg sjølv at eg uansett ikkje tapar på å ta kurset, for eg lærer masse nytt, forklarer Shemirani til Magasinet for fagorganiserte.

Kurset er nemleg heilt gratis.

Fekk du med deg denne? Korona-lønna frå Nav klar. Her er reglane

Gratis utdanning

I eit samarbeid har staten, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane gått saman om å få i gang korte utdanningstilbod for arbeidstakarar gjennom såkalla bransjeprogram (sjå faktaboks).

Målet er at både arbeidsfolk og bedrifter skal komme styrka ut av koronakrisa.

Regjeringa har gitt 120 millionar kroner til programma. Samtidig har dei gjort ei endring i regelverket som gjer at ledige ut året kan gjennomføre utdanning utan å miste dagpengane frå Nav.

Fagforbunda og arbeidsgivarforeiningane bidrar med å peike ut kva kompetanse arbeidsfolk og bedrifter har behov for.

Enorm interesse

Først ut i samarbeidet er reiseliv og kurset for dei som ønsker fagbrev i servitørfaget. Studieforbundet AOF er blant dei som kjapt fekk på plass eit tilbod.

– Reiseliv er fylt opp til randa, bransjen trong dette løftet, seier rådgivar Oscar Lindø til Magasinet.

Det første kurset for servitørfaget var fullt under ein time etter at AOF sende ut påmeldingslenka. No set dei opp det niande kurset i faget, fortel han.

Midt i blinken

– Vi har sett at det er ein enorm pågang. Det viser at vi har treft på tilbodet, noko vi er veldig glade for, seier forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet.

For Fellesforbundet var det ein stor siger då regjeringa sette av store summar til bransjeprogram i samband med koronakrisa.

– Det er kjempebra at folk kan bruke tida dei dessverre er permittert til noko fornuftig, meiner Delp.

Les også: Permitterte Torill vakna opp til ei månadslønn frå Nav på kontoen

Må vere motivert

Oscar Lindø i Studieforbundet AOF har ei oppfordring:

Du må vere sikker på at du har lyst før du melder deg på, sånn at du ikkje tar opp plassen til kollegaar, oppfordrar Lindø.

Sheida Shemirani er ein av dei aller første deltakarane på AOF-kurset gjennom det nye bransjeprogrammet.

Ho oppfordrar andre permitterte til å melde seg på dersom dei er i tvil.

– Men du må vere motivert, elles går det ikkje.

Bransjeprogram

Bransjeprogramma vart først etablert i industrien og byggebransjen gjennom tariffoppgjeret i 2016, mellom Fellesforbundet og NHO-foreiningane Norsk Industri og Byggenæringens Landsforening.

3. april lanserte regjeringa seks nye bransjeprogram, blant anna for den kriseramma reiselivsnæringa. Med på laget er Fellesforbundet, Handel og Kontor i Norge, NHO Reiseliv og Virke Reiseliv.

Direktoratet Kompetanse Norge administrerer programma.

Kjelde: Kompetanse Norge

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Bransjeprogram

Bransjeprogramma vart først etablert i industrien og byggebransjen gjennom tariffoppgjeret i 2016, mellom Fellesforbundet og NHO-foreiningane Norsk Industri og Byggenæringens Landsforening.

3. april lanserte regjeringa seks nye bransjeprogram, blant anna for den kriseramma reiselivsnæringa. Med på laget er Fellesforbundet, Handel og Kontor i Norge, NHO Reiseliv og Virke Reiseliv.

Direktoratet Kompetanse Norge administrerer programma.

Kjelde: Kompetanse Norge