JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tariffavtale

Ikea-tilsette ville vere med og bestemme. Sånn fekk dei tariff i ein fei

På Ikea Food i Bergen ville dei tilsette vere med og bestemme. Det førte til medlemsboom og tariffavtale på null komma niks.
BESTEMME: Dei fleste i Food-avdelinga har deltidsjobbar. – Det er viktig å ha ein stemme uansett kva stillingsprosent du har, meiner klubbleiar Joakim Viken.

BESTEMME: Dei fleste i Food-avdelinga har deltidsjobbar. – Det er viktig å ha ein stemme uansett kva stillingsprosent du har, meiner klubbleiar Joakim Viken.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

BERGEN: Joakim Viken legg opp ein frukost-tallerken på Ikea i Åsane. Jobben hans er å servere mat til køen med gjestar og gjere klar mat til steiking. Det trengst. Sultne stamkundar, arbeidsfolk og pensjonister er i ferd med å fylle restauranten fredag føremiddag, klare for eit varmt og godt måltid til ein billig penge.

Viken er også fersk klubbleiar for dei rundt 20 Fellesforbundet-medlemmene i Food-avdelinga på Ikea-varehuset i Bergen. I haust fekk dei tariffavtale. Det starta også med mat.

Les også:Christine (22) og Marthe (25) jobbar i Norges einaste McDonald’s med tariffavtale

Matavtale

Dei tilsette i Ikea Food-avdelingane hadde ei matavtale som gjorde at dei så å seie åt gratis på jobb. Den viste seg å vere ulovleg, fordi dei tilsette ikkje skatta av frynsegodet. Dei tillitsvalde på andre varehus var med i forhandlingar om ei ny avtale. Men sidan dei tilsette i Bergen ikkje hadde tariffavtale og tillitsvald, fekk dei ikkje innsikt i kva som skjedde. Resultatet var at Ikea sa opp avtala utan einigheit (ei pågåande tvistesak som er løfta oppover i Fellesforbundet).

– Vi har tenkt at vi ikkje har behov for å organisere oss. Alt har vore ryddig og fint. Matavtala endra det, og folk byrja å melde seg inn i Fellesforbundet i protest, fortel nestleiar Silje Kristine Magnus i klubben.

Ein tidlegare kollega tok initiativet. Ho snakka om organisering i matpausane og la ut brosjyrar frå Fellesforbundet i personalkantina. Kravet om tariffavtale var sendt i haust, og i starten av oktober var avtala på plass.

VIKTIGAST: Den viktigaste medlemsfordelen er verken billig innbuforsikring eller gunstig boliglån, meiner dei tillitsvalde. Det er å ha nokon i ryggen.

VIKTIGAST: Den viktigaste medlemsfordelen er verken billig innbuforsikring eller gunstig boliglån, meiner dei tillitsvalde. Det er å ha nokon i ryggen.

Håvard Sæbø

Medbestemming

Det har skjedd heilt problemfritt, forklarer Magnus. Dei tillitsvalde har blitt møtt med tilrettelegging og oppmuntring frå HR-avdelinga og leiinga på varehuset. Det meste er allereie på stell, og fleire ordningar er allereie betre enn dei i tariffavtala, fortel Magnus og Viken.

Forskjellen med tariffavtale er at tilsette og tillitsvalde har rett til å vere med og bestemme på arbeidsplassen. I tillegg har Fellesforbundet-medlemmene enda ein kanal for å ta opp saker med leiinga. For det er jo oftare enklare å stille spørsmål til ein kollega enn til sjefen.

Mange unge

Alle tre tillitsvalde i klubben har ei deltidsstilling på 22 prosent i botn. Magnus (25) og Jon Alstad (24) er studentar, mens Viken (28) er ferdig med ein bachelor og vurderer master. Majoriteten av dei tilsette i Food-avdelinga er også studentar med deltidsjobb eller unge tilsette med eit «friår».

– Det er viktig å ha ein stemme uansett kva stillingsprosent du har, meiner klubbleiar Viken.

– Sjølv om vi kan sjåast på som å passere gjennom Ikea, er det ein arbeidsplass vi bryr oss om og vil forbetre på den måten vi kan, forklarer nestleiar Magnus.

Medlemsfordelar

Ein av prioritetane til dei tillitsvalde er å etablere ein kultur for å vere organisert, spreie kunnskap om Fellesforbundet og tariffavtaler. Sånn at klubben og tariffavtala ikkje blir borte. Utfordringa er at mange med deltidsjobb ved sidan av studia, ikkje ser verdien av å betale kontingent av ei allereie låg lønn. Kva får dei eigentleg igjen for pengane?

Den viktigaste medlemsfordelen er verken billig innbuforsikring eller gunstig boliglån, meiner Magnus. Om du får trøbbel på arbeidsplassen, har du klubben, tillitsvalde, fagforeininga og forbundet i ryggen. Det er den viktigaste forsikringa.

– Er du ikkje medlem, er det ingen hjelp å få.

Kva er ei tariffavtale?

Ei avtale mellom fagforeiningar og arbeidsgivarar om spelereglar for samarbeid, og reglar for lønns- og arbeidsvilkår i bransjen.

Retten til medbestemming for tilsette og tillitsvalde er slått fast både i tariffavtalene og arbeidsmiljølova.

Ta kontakt med ei Fellesforbundet-avdeling for å finne ut korleis du går fram for å krevje tariff!

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Kva er ei tariffavtale?

Ei avtale mellom fagforeiningar og arbeidsgivarar om spelereglar for samarbeid, og reglar for lønns- og arbeidsvilkår i bransjen.

Retten til medbestemming for tilsette og tillitsvalde er slått fast både i tariffavtalene og arbeidsmiljølova.

Ta kontakt med ei Fellesforbundet-avdeling for å finne ut korleis du går fram for å krevje tariff!