Lønnsoppgjeret 2020

Ingen flyplass-streik: Minstelønna skal opp

Flyarbeidarar får null i generelt lønnstillegg, men minstelønna aukar.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Minstelønna

Under er minstelønna per månad frå 1. april 2020. Her har vi rekna inn akkordavsavnet i overeinskomsten (eit tillegg på 20 prosent av lønna for dei som ikkje jobbar akkord).

Fagarbeidar: 32.224,80 kroner

etter eitt år: 32.490 kroner

Spesialarbeidarar: 30.276 kroner

etter eitt år: 30.526,80 kroner

Hjelpearbeidarar: 28.048,80 kroner

etter eitt år: 28.308 kroner

Sertifiserte teknikarar/sveisarar: 32.794,80 kroner

Kjelde: Møteboka til Riksmeklaren og Flyovereinskomsten

Meir enn tre timar på overtid i den tvungne meklinga natt til laurdag, kom Fellesforbundet og NHO Luftfart fram til ei løysing i tariffoppgjeret for blant anna stuarar og flyteknikarar.

Dermed blir det ingen streik blant flyarbeidarar på lufthamnene Bergen, Trondheim, Tromsø, Bodø og Kristiansand i første omgang.

Resultatet er null i generelt lønnstillegg, mens minstelønna aukar med 5,9 prosent frå 1. april 2020. Andre satsar for ulike tillegg aukar også med 5,9 prosent.

Avslørt: Wizz Air-lønna – slik er pilotens kontrakt

Elles er ein del av løysinga at bedriftene ikkje kan forskjellsbehandle tilsette når det gjeld forskotering av sjukepengar, som i frontfaget.

– Vi har forsvart Flyovereinskomsten i ein svært vanskeleg situasjon for heile bransjen, seier forhandlingsleiar Trygve Skogseide på nettsidene til Fellesforbundet.

Løysinga kom som eit forslag frå Riksmeklaren som arbeidsgivarane aksepterte og Fellesforbundet anbefaler medlemmene å stemme ja til.

Uravstemminga skal vere avslutta 19. november.

Powered by Labrador CMS