Lønnsoppgjeret 2020

Laurdag kan bakkemannskap gå ut i streik på fem flyplassar

Flytrafikken kan bli lamma på lufthamnene Bergen, Trondheim, Tromsø, Bodø og Kristiansand.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Torsdag startar den tvungne meklinga mellom Fellesforbundet og NHO Luftfart i tariffoppgjeret for blant anna stuarar og flyteknikarar.

434 flyarbeidarar på fem flyplassar kan legge ned arbeidet laurdag, dersom partane ikkje blir einige hos Riksmeklaren innan fristen midnatt natt til laurdag.

Etablerer seg i Norge: Uklart om arbeidsmiljøloven vil gjelde for Wizz Air-ansatte som flyr i Norge

Dette er lufthamnene Bergen, Trondheim, Tromsø, Bodø og Kristiansand, der forbundet har varsla plassfråtreding for medlemmer i selskapa Widerøe Ground Handling og Aviator Airport Alliance.

Høgare minstelønn, større innbetaling til tenestepensjon enn det som er lovfesta og reglar for overtidsbetaling til deltidstilsette, er blant krava Fellesforbundet har fremma i forhandlingane.

Forbundet har nærmare 2.000 medlemmer omfatta av den såkalla Flyovereinskomsten, som dei har varsla plassoppseiing for og kan ta ut i ein eventuell streik.

Forhandlingane vart brotne 24. september, mens Fellesforbundet braut den frivillige meklinga måndag denne veka.

Avslørt: Wizz Air-lønna – slik er pilotens kontrakt

Powered by Labrador CMS