JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret

Jordmødre held konferanse på hotell i streik: – Usolidarisk og skuffande

Framfor hotellet The Hub er det streikevest-gult. Inne sit 130 jordmødre og ventar på at Oslo-ordføraren skal halde opningstale.
MÅ STÅ SAMAN: Men kvar er solidariteten frå jordmødrene, spør Per Syversen (til venstre) utanfor streikehotellet The Hub i Oslo.

MÅ STÅ SAMAN: Men kvar er solidariteten frå jordmødrene, spør Per Syversen (til venstre) utanfor streikehotellet The Hub i Oslo.

Håvard Sæbø

Saken oppsummert

has@lomedia.no

– Sykepleierforbundet sine jordmødre burde ta konsekvensen av streiken og flytta konferansen til ein annan stad, seier leiar i Fellesforbundets Hotell-avdeling i Oslo, Per Syvertsen.

Han etterlyser solidaritet frå andre forbund som veit korleis det er å streike.

Leiaren i Jordmorforbundet, Sara Fugledal Wiik, seier dei har stor respekt for dei streikande, og at det var inga lett avgjerd å halde konferansen på eit hotell i streik.

Ho svarar på SMS til Magasinet for fagorganiserte at dei er ei faggruppe med eigen økonomi og avgrensa midlar, og at dei måtte avlyse ein tilsvarande konferanse i 2025.

Ei ny avlysing hadde ført til betydelege kostnader for oss, skriv ho.

Wiik legg til at det også vog tungt at medlemmar ville miste denne viktige moglegheita til fagleg påfyll for andre år på rad.

Difor valde dei til slutt å la arrangementet gå som planlagt.

Les meir om streika her: Ein kamp å leve av så låg lønn

Taus ordførar 

Dei streikande ved The Hub har fått forsterkningar frå andre hotell for å oppmode konferansedeltakarar til å ikkje gå inn. Men det er umogleg å sjå kven som skal på konferanse og kven som er turist.

Men fem minutt på heil kjem ordføraren. Anne Lindbo smett inn døra utan å helse verken til høgre eller venstre.

På førehand har Gard Hofsvang, fagleg sekretær i tariffavdelinga i Fellesforbundet, sendt ein e-post til ordførarens kontor der dei reagerer sterkt på at ho deltek.

Gard Hofsvang i samtale med streikande på ei mønstring første streikedag.

Gard Hofsvang i samtale med streikande på ei mønstring første streikedag.

Håvard Sæbø

Kan det rett og slett vere ein administrativ glipp ved kontoret til ordføraren som gjer at ho vel å krysse streikelinja, spør han.

Undergrev streiken

– Alle som nyttar streikehotell er med på å gjere streiken mindre slagkraftig og at han trekkjer ut i tid. Fleire andre forbund, også Norsk Sykepleierforbund, har avlyst konferansar no under streiken. Så det er skuffande at jordmødre ikkje viser solidaritet med oss, seier Gard Hofsvang.

– Dei veit sjølve korleis det er å streike for eigne lønns- og arbeidsvilkår. Dette er usolidarisk, avsluttar han.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss