Korona-krisa:
Kværner droppar utbytte for å sikre arbeidsplassar
Konsernleiinga i Kværner får eit lønnskutt og droppar bonusen. – Rett og rimeleg, seier tilsetterepresentant Ståle Knoff Johansen.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Kværner ASA vedtok på generalforsamlinga si tysdag forslaget om å avlyse eit planlagd utbytte på 134,5 millionar kroner.
Forslaget kom frå styret, støtta av leiinga og aksjonærane Kjell Inge Røkke og staten, som kontrollerer 41 prosent av aksjane.
– Vi oppfordra aksjonærane til å stemme mot utbytte for å sikre at Kværner har kraft til å manøvrere seg gjennom krisa, står godt rusta til å levere gode resultat og sikre arbeidsplassar. Då er det veldig bra at eit stort fleirtal av aksjonærane sa seg einig i den prioriteringa, seier kommunikasjonssjef Torbjørn Andersen til Magasinet for fagorganiserte.
– At aksjonærane prioriterer å handtere krisa framfor å ta utbytte, er eit veldig positivt signal. Det er både leiinga, tillitsvalde og tilsette godt nøgde med, seier tilsette-representant i styret, Ståle Knoff Johansen, til Magasinet.
p
Lønnskutt i leiinga
Tysdag kom det fram at heile konsernleiinga kuttar lønna si med 5 prosent frå 2. april og ut 2020, i tillegg til at dei droppar bonusordninga. Det utgjer til saman eit kutt på 40 prosent samanlikna med lønna i fjor.
Johansen, som også er klubbleiar for Fellesforbundet-medlemmene på Kværner Verdal, er nøgd med avgjerda.
– Mine medlemmer held hjula i gang, og har ikkje moglegheit til å ta heimekontor. Dei tar ein risiko andre ikkje tar, ved å utsette seg sjølv, vennar og familie for smitte. Derfor er det rett og rimeleg at leiinga også gjer sitt ved å seie frå seg bonusane sine, seier han.
Saka held fram under bildet.
Jan-Erik Østlie
– Vi har som målsetting å komme styrka gjennom situasjonen. Folk har vore veldig motivert til å hjelpe arbeidsgivaren sin gjennom dette på best mogleg måte, seier Johansen og legg til at dei tek omsyn til tilsette i risikogruppene.
Utlendingar sendt heim
På generalforsamlinga viste Kværner til at selskapet blir ramma av tiltak mot korona-smitte, endringar i oljeprisen og verdsøkonomien.
Som tiltak mot smitte, har selskapet blant anna sendt heim 1.200 utanlandske innleigde. Frå 3.630 innleigde i desember, har dei no 595 innleigde arbeidstakarar.
Ifølge Kværner er 130 i karantene, av selskapet sine 2.720 fast tilsette. Dei har hatt eitt smittetilfelle blant dei tilsette.
p
Førre veke vart det kjent at Kværner donerer fem millionar til det kommunale helsevesenet i høvesvis Stord og Verdal. Dei ti millionane skal bidra til å redusere korona-smitta. Selskapet har i tillegg gitt kommunane verneutstyr, ansiktsmasker og vernedrakter.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.