Koronakrisa:
Kværner foreslår å droppe utbytte: – Fantastisk, seier tilsette
Verfta på Stord og i Verdal donerer millionbeløp og verneutstyr til lokalsamfunnet. No er mange tilsette stolte av bedrifta si, seier klubbleiar Amram Hadida.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Styret i Kværner ASA foreslår at aksjonærane droppar det planlagde utbyttet på 134,5 millionar kroner.
«Dette vil styrke Kværners evne til å håndtere situasjonen og å kunne levere fremtidige resultater og skape verdier til aksjonærene», skreiv dei i ei pressemelding torsdag.
p
Fantastisk
– Heilt fantastisk. Dette er å ta samfunnsansvar, seier Amram Hadida, klubbleiar for seks hundre Fellesforbundet-medlemmer hos Kværner Stord.
No håpar han generalforsamlinga til Kværner tysdag går med på styret sitt forslag.
Aker Kværner Holding AS støttar forslaget. Selskapet, eigd av Kjell Inge Røkke og staten, kontrollerer 41 prosent av aksjane. Investeringsfondet HitecVision kontrollerer 16 prosent, mens ei rekke mindre aksjonærar eig resten.
Lønnskutt
– Dette er ein heilt spesiell situasjon. Fokuset vårt er på liv og helse, men vi må passe på at vi kjem oss gjennom denne krisa sånn at vi held på arbeidsplassane våre, seier Torbjørn Andersen, kommunikasjonssjef i Kværner, til Magasinet.
Konsernsjef Karl-Petter Løken sin grunnlønn blir no redusert med 10 prosent, kom det også fram torsdag.
– I forhold til Kværners totale økonomi er det ikkje eit stort tal, men vi håpar det er eit veldig tydeleg signal om at alle hos oss prøver å bidra, seier Andersen.
Saka held fram under bildet.
Håvard Sæbø
Bidrar lokalt
Kværner donerer også fem millionar til det kommunale helsevesenet i høvesvis Stord og Verdal. Dei ti millionane skal bidra til å redusere koronasmitta.
Selskapet har i tillegg gitt kommunane verneutstyr, ansiktsmasker og vernedrakter.
– Vi har erfart gjennom 170 år at det å ha eit nært samspel med både storsamfunnet og lokalsamfunnet er viktig for at vi skal lykkast som bedrift, seier kommunikasjonssjefen.
Dugnadsånd
Klubbleiar Amram Hadida meiner Kværner sin innsats gir eit signal til andre store bedrifter om at dei må bidra til å løyse koronakrisa.
– Eg har snakka med mange medlemmer som kjenner stoltheit over bedrifta si, seier norsk-israelaren som no verkeleg har opplevd den norske dugnadsånda.
– Det handlar om korleis folk stiller opp for kvarandre i desse krevjande tidene.
p
Utlendingar
Hos Kværner på Stord og i Verdal, er mange innleigde, utanlandske arbeidarar sendt heim. Førre veke vart 1100 sendt heim frå Stord, og i overkant av 100 frå Verdal.
Grunnen er stengde grenser og karantener som gjer pendling umogleg, i tillegg til smittefare på brakkene der arbeidarane bur.
Kværner leiger framleis inn lokalt busette. Førebels er ingen av dei fast tilsette operatørane permittert, opplyser klubbane på Stord og Verdal.
Går som normalt
– Drifta kjem til å gå som normalt, med mindre vi må redusere eller stoppe produksjonen på grunn av leveransemanglar eller helsemessige grunner, seier Hadida.
Kværner Stord har 1650 fast tilsette, der 860 er operatørar. Resten er funksjonærar, der mange no har heimekontor for å avgrense smitta.
– Men operatørane våre er i arbeid kvar dag. Du kan ikkje ta med deg eit røyrstykke og sveise heime, slår klubbleiaren fast.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.