Lønnsoppgjeret i industrien:
Lågtlønte tekstilarbeidarar fekk ekstra i lønnsoppgjeret: – Men det burde vore meir
Dei fekk 1,50 kroner meir i lønnstillegg enn andre industriarbeidarar. Eit historisk løft, seier forbundet. Greitt nok, men det burde vore meir, seier tilsette på Rauma Ullvarefabrikk.
LÅG LØNN: Tilsette er for lite frampå og bransjen har historisk sett vore kvinnedominert. Det meiner industriarbeidar Astrid Frilund er noko av grunnen til den låge lønna i tekstilbransjen.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
ÅNDALSNES: Eimen av sau og den taktfaste lyden av spinnemaskiner slår imot oss inne på Rauma Ullvarefabrikk. Her leverer dei 22 tilsette i produksjonen og lageret garn som aldri før til strikke-entusiastar i korona-karantene.
På nøstemaskina står Astrid Frilund som har jobba på fabrikken i tolv år.
– Ikkje den aller beste, svarer ho når Magasinet for fagorganiserte spør kva ho meiner om lønna på 182 kroner timen.
Lønnshopp på 2 kroner
I tariffoppgjeret for industrien vart resultatet eit generelt lønnstillegg på 50 øre, men 1,50 kroner ekstra til dei lågtlønte tekstilarbeidarane.
Eit historisk løft, sa Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum då han la fram resultatet.
– I desse tider er det kanskje nok, men det burde helst vore meir, seier Frilund om tillegget på to kroner i eit tariffoppgjer under ein pandemi.
Her er resultatet lønnsoppgjeret i industrien
Langt bak snittet
Årslønna hennar er omtrent 355.000 kroner. Sjølv med 3.900 kroner meir i lønnstillegg, og enda meir gjennom nesten dobla ansiennitetstillegg og auke i garantitillegget (sjå faktaboks), ligg ho langt bak gjennomsnittleg industriarbeidarlønn på oppunder 500.000 kroner.
– Med tanke på situasjonen, hadde vi ikkje forventa noko kjempehopp i lønna, seier nestleiar i klubben, Knut Strømme, som forklarer at klubben over fleire år har prøvd å presse opp lønna lokalt.
Saka held fram under bildet.
LOKALT: Klubben har over fleire år prøvd å presse opp lønna på fabrikken, forklarer nestleiar Knut Strømme.
Håvard Sæbø
Dagleg leiar Arnstein Digernes seier han over fleire tiår har ønskt å heve lønna på fabrikken.
– På grunn av låglønnsstatusen bransjen har hatt, har det vore viktig for oss å ha ein strategi om å auke lønnsnivået. Av fleire grunnar har vi ikkje lukkast heilt, sjølv om vi har gitt ekstra tillegg lokalt, seier han.
Peikar på formuesskatten
Han forklarer dette med at bedrifta har bygd eigenkapital for å investere i nye maskiner og teknologi, som gjer fabrikken like produktiv som fabrikkar i land der lønna er ein brøkdel av den norske.
Les også: No skal fleire sleppe å vente på Nav for å få sjukepengar
I tillegg viser Digernes til at kronekursen dei siste åra har gjort innkjøp frå utlandet, av bomull, alpakka- og mohairull, dyrare. Han peikar også på at:
– Formuesskatten tappar bedrifta for pengar. Skatt på luksus er greitt, men desse pengane kunne vi heller brukt på lønn, investeringar og stødige arbeidsplassar.
TRENG KAPITAL: Fabrikken treng kapital for å investere i teknologi, kjøpe varar frå utlandet og betale formuesskatt, forklarer dagleg leiar Arnstein Digernes.
Håvard Sæbø
Tekstilbransjen
Teko-delen omfattar i overkant av 900 av dei nesten 28.000 Fellesforbundet-medlemmene omfatta av Industriovereinskomsten med Norsk Industri.
Over halvparten av medlemmene er kvinner. Til samanlikning er berre 10 prosent kvinner blant dei omfatta av den største delen, VO-delen.
Dette er dei nye satsane
(gammal sats i parentes)
Normallønn
Nybegynnarar: 149,49 kroner (145,13)
Etter 4 månaders arbeid: 155,66 (150,93)
Etter 1 års arbeid: 156,86 (152,05)
Unge arbeidarar under 18 år: 123,41 (120,60)
etter 4 månaders arbeid: 128,38 (125,27)
Ansiennitetstillegg
Etter 3 års tilsetting: 1,50 kroner (0,94)
Etter 4 års tilsetting: 2 kroner (1,04)
Etter 5 års tilsetting: 2 kroner (1,04)
Etter 10 års samanhengande tilsetting: 2 kroner (1,04)
i alt: 7,50 kroner (4,06)
Fagopplæring og vidareutdanning
Tillegg for fagbrev: 6,07 (5,71)
Smussig arbeid
Særleg smussig arbeid: 1,19 kroner (1,12)
Garantiordninga
Gjennomsnitt under 80 prosent av industrien sitt gjennomsnitt: 3,19 kroner (3)
Gjennomsnitt mellom 80 og 82,5 prosent av industrien sitt gjennomsnitt: 2,66 kroner (2,50)
Gjennomsnitt mellom 82,5 og 85 prosent av industrien sitt gjennomsnitt: 2,13 kroner (2)
(Garantiordninga gir eit tillegg i bedrifter der gjennomsnittslønna til tilsette omfatta av overeinskomsten ligg under 85 prosent av gjennomsnittet i industrien.)
Medlemmene bestemmer
Tariffoppgjeret i industrien skal sendast ut til medlemmene på uravstemming 24. september.
Kjelder: Riksmeklaren sin møtebok, Industriovereinskomsten mellom Fellesforbundet (LO) og Norsk Industri (NHO), Fellesforbundet
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker