Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret i industrien:
Dei fekk 1,50 kroner meir i lønnstillegg enn andre industriarbeidarar. Eit historisk løft, seier forbundet. Greitt nok, men det burde vore meir, seier tilsette på Rauma Ullvarefabrikk.
ÅNDALSNES: Eimen av sau og den taktfaste lyden av spinnemaskiner slår imot oss inne på Rauma Ullvarefabrikk. Her leverer dei 22 tilsette i produksjonen og lageret garn som aldri før til strikke-entusiastar i korona-karantene.
På nøstemaskina står Astrid Frilund som har jobba på fabrikken i tolv år.
– Ikkje den aller beste, svarer ho når Magasinet for fagorganiserte spør kva ho meiner om lønna på 182 kroner timen.
I tariffoppgjeret for industrien vart resultatet eit generelt lønnstillegg på 50 øre, men 1,50 kroner ekstra til dei lågtlønte tekstilarbeidarane.
Eit historisk løft, sa Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum då han la fram resultatet.
– I desse tider er det kanskje nok, men det burde helst vore meir, seier Frilund om tillegget på to kroner i eit tariffoppgjer under ein pandemi.
Her er resultatet lønnsoppgjeret i industrien
Årslønna hennar er omtrent 355.000 kroner. Sjølv med 3.900 kroner meir i lønnstillegg, og enda meir gjennom nesten dobla ansiennitetstillegg og auke i garantitillegget (sjå faktaboks), ligg ho langt bak gjennomsnittleg industriarbeidarlønn på oppunder 500.000 kroner.
– Med tanke på situasjonen, hadde vi ikkje forventa noko kjempehopp i lønna, seier nestleiar i klubben, Knut Strømme, som forklarer at klubben over fleire år har prøvd å presse opp lønna lokalt.
Saka held fram under bildet.
Dagleg leiar Arnstein Digernes seier han over fleire tiår har ønskt å heve lønna på fabrikken.
– På grunn av låglønnsstatusen bransjen har hatt, har det vore viktig for oss å ha ein strategi om å auke lønnsnivået. Av fleire grunnar har vi ikkje lukkast heilt, sjølv om vi har gitt ekstra tillegg lokalt, seier han.
Han forklarer dette med at bedrifta har bygd eigenkapital for å investere i nye maskiner og teknologi, som gjer fabrikken like produktiv som fabrikkar i land der lønna er ein brøkdel av den norske.
Les også: No skal fleire sleppe å vente på Nav for å få sjukepengar
I tillegg viser Digernes til at kronekursen dei siste åra har gjort innkjøp frå utlandet, av bomull, alpakka- og mohairull, dyrare. Han peikar også på at:
– Formuesskatten tappar bedrifta for pengar. Skatt på luksus er greitt, men desse pengane kunne vi heller brukt på lønn, investeringar og stødige arbeidsplassar.